Det er gode grunnar til å legge om rejgeringsstrategien for Senterpartiet no, ein månad igjen før Stortingsvalget. Svært lite tyder på at AP og SP aleine vil få fleirtal. Situasjonen har endra seg: I januar viste meiningsmålingane (Poll of polls) at Senterpartiet og AP begge låg på 21 %, og ei fleirtalsregjering AP + SP var i sikte. No ein månad føre valet er situasjonen annleis, siste måling gir dei to partia 39,5 %, og oppsluttinga om AP er tydeleg større enn SP.

Ein av grunnane til at Senterpartiet taper terreng, er at Trygve Slagsvold Vedum ikkje kan svare på spørsmål om kva Senterpartiet vil gjere etter valet, om resultatet blir slik meingsmålingane tyder på. Veljarane får ikkje vite om Senterpartiet vil delta i ei fleirtalsregjering, om partiet går inn for ei mindretalsregjering, kven som eventuelt då skulle sikre fleirtal for budsjettet - eller om SP vil forbli eit parti i opposisjon.

Om Vedum held fram med å gjenta «ei SP-AP-basert regjering» når han får spørsmål om dette, bidrar han til å skape meir uklarheit. Det vi ser av meiningsmålingane er at han i praksis sender rødgrønne veljarar over til AP, SV og Rødt, som er tydelege på kva dei vil i regjeringsspørsmålet. Og ikkje minst: Han risikerer at eit Senterparti med mindre oppslutting får mindre innverknad på politikken til ei ny regjering.

Senterpartiet er det partiet som, gjennom åtte år, mest tydeleg har markert opposisjon til Høgre og Solbergregjeringa. Det forpliktar. Eit parti mister politisk truverdigheit om det siktar seg inn på ei mindretalsregjering, når jobben er å ta kontroll og endre kursen for samfunnsutviklinga.

Svært mange av sakene der Senterpartiet har ført an i kritikken av Solberg-regjeringa, handlar om EU og EØS. Som følge av «husmannsavtalen» EØS er kursen for norsk samfunnsutvikling i dag i store trekk lagd i Bryssel (distrikt, kraft, tog, drosje osv.). Dette forventar folk at SP sørgar for å endre. At Senterpartiet i denne situasjonen markerer avstand til det EØS-kritiske partiet SV, og framhever samarbeidet med det EØS-positive Arbeidarpartiet, er beint fram ubegripeleg.

Senterpartiet styrer etter eit landsmøtevedtak (AP + SP-regjering) som ikkje lenger er realistisk, og etter mange sitt syn heller ikkje det beste regjeringsalternativet. Partiet kan velje mellom å tilpasse seg realitetane, eller å tvihalde på eit utdatert vedtak, eit vedtak som SP-nestleiar Ola Borten Moe tolkar som ei avvising av regjeringssamarbeid med SV. Når både Lundteigen og Navarsete no reagerer mot partileiinga sin strategi, er det eit teikn på at fleire SP-tungvektarar ser at dette ber galt avstad.

Senterpartiet ber om eit mandat frå folket til å endre sentraliseringspolitikken, men det krevst tydelege svar på spørsmålet om kven som skal bidra til denne endringa. Å berre peike på Arbeidarpartiet betyr at Senterpartiet må underspele betydninga av EØS, som jo AP er grunnleggande positiv til, og som er den verkelege elefanten i det politiske romet. Nettopp for å matche AP si ukritiske haldning til EØS-direktiva vil SP vere tent med å ha SV med på laget. Det er ein ironi i at det er dette Støre går inn for, mens SP-toppane strittar imot.

Rød-grønn politikk og ei rødgrønn regjering er det fleirtalet i landet no håper på. Senterpartiet har fortsatt sjansen til å føre an i denne kursomlegginga, men det begynner å haste.