Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.
Den gongen både norske og utanlandske ingeniørar/selskap fekk tilgang til norske fossefall for å byggja kraftstasjonar og produsera elektrisk kraft, var det starten på byggjinga av velferdsstaten Noreg. Det vart lys og varme i hus etter hus, og det vart tilgang på energi for industri og oss alle. Livet vart lettare å leva.
Ein stor del av kraftverka vart bygde på vestlandet der det både var fossefall og rikeleg med nedbør. Driftige utanlandske ingeniørar og firma såg den store verdien vasskrafta ville bli.
Norske styresmakter på si side var naturleg nok interesserte i å byggje ut kraftverk der det låg til rette for det. Men då dei utalandske selskapa starta med oppkjøp av fossefall frå bønder med eigedomsrett til desse fossefalla, skjøna norske politikarar at store verdiar for det norske samfunnet var trua. Difor vedtok dei konsesjonslovene. Desse var eit tidsavgrensa løyve for utanlandske kraftprodusentar til å byggja og drifta kraftverk. Etter ein periode på 60 – 70 år måtte dei same selskapa overføra alt saman vederlagsfritt attende til staten. Dermed var alt framleis i norsk eige.
Same tankegongen gjorde seg gjeldande blant stortingspolitikarane våre i samband med utvinning og omsetjing av olje og gass. § 1 i petroleumslova seier at olja er heile folket sin eigedom. Utanlandske oljeselskap kunne både leita etter olje og utvinna olje, men dei måtte og leggja til rette for norsk leverandørindustri og støtta norsk forskning. Naturressursane skulle med andre ord tena samfunnbyggjinga for fellesskapet i Noreg.
Lenge var det slik at dei ulike kraftselskapa saman med stortinget som fastsette prisen pr. kilowatt-time . Dette fungerte godt for dei fleste. Men så skjedde det noko blant stortingspolitikarane. I 1991 vedtok dei ei ny Energilov som gjorde elektrisk kraft til ei vare , slik som coca-cola , brød og klede. Marknaden og ikkje dei folkevalde skulle bestemma prisen på elektrisk kraft.
Dette tiltaket var kanskje påverka av Margareth Thatcher, statsministeren i Storbritannia og Ronald Reagan, presidenten i USA. Begge var tilhengjarar av ei privatisering og mest mogeleg konkurranseutsetjing av offentleg sektor.
På denne tida var det og mykje diskusjon om ein EØS-avtale mellom Noreg og EU, særleg blant EU-tilhengjarane som tapte folkerøystinga i 1972. Med ein EØS-avtale kunne dei få eit springbrett til medlemskap i EU. Eit fleirtal av stortingspolitikarane sa ja til ein EØS-avtale. Den vart gjort gjeldande frå 1. januar 1994. Same året sa eit fleirtal av folket, den 28. november 1994, Nei til medlemsskap i EU.
Men EØS-avtalen vart så inngripande i det norske folkestyret at Noreg på mange måtar er som ein del av EU og må etterkoma hovudregelen i EU med fri flyt av varer,tenester, folk og kapital over landegrensene. Noreg , som før inngåinga av EØS-avtalen hadde full sjølvråderett, vart som eit lydrike under EU der Storting, fylkeskommunar og kommunar måtte etterleva direktiv, reglar og påbod frå EU.
Når EU-lover skal gå framom den norske Grunnlova og norske arbeidslivslover må vika for EU sine lover, er det noko som er fundamentalt galt.
Då energiminister Arnstad i 1999 la fram forslag om å vidareføra gunstige kraftavtalar for industrien, kom desse i strid med regelverket i EØS-avtalen. ESA, overvakingsorganet for EØS-avtalen, krevde at industristraumen skulle basera seg på marknadspris. Dette førte til høgare straumpris ein nedgang i industriinvesteringar og ei nedleggjing av verksemder etter kvart som dei gamle (gunstige) kraftkontraktane gjekk ut.
Den konkurransefordelen norsk industri hadde hatt grunna tilgang til rimeleg elektrisk kraft klarte våre stortingspolitikarar gjennom EØS-avtalen å setja ein stoppar for.
Noreg sin sjølvråderett vart yttarleg svekka då eit fleirtal av stortingspolitikarane den 22. mars 2018 vedtok å gjera ACER, EU sitt energibyrå til ein del av EØS-avtalen. Dette skjedde trass i store protestar frå både 120 Ap ordførarar , og store delar av fagrørsla i Noreg. Likevel gjekk fleirtalet av stortingspolitikarane ,deriblant Ap si stortingsgruppe fronta av Jonas Gahr Støre og Espen Barth Eide saman med Høgre og ga bort arvesølvet til det norske folk til ACER!
Dette er ei djuptgripande avståing av norsk sjølvråderett til EU. I praksis tyder det at Noreg ikkje lenger har full kontroll , styring, makt og mynde over energipolitikken i dette landet. Kvar er det blitt av nasjonalkjensla og statsbyggjingshaldninga som kjenneteikna politikarane for hundre år sidan?
Etter alt «bråket» som har vore knytta til stortingsrepresentantar den siste tida, er det naturleg å spørja kva dei eigentleg gjer i nasjonalforsamlinga vår? Korleis kan folket få tillit til dei som er tillitsvalde ombudskvinner og menn for oss alle når dei synest å bruka mykje tid og energi på å skaffa seg sjølve ekstra personlege fordelar på toppen av ei brukbar løn på ein million kroner i året . Samstundes gir dei sjølvråderetten vår og folkestyret vårt til EU og marknadskreftene.
Me veit kor viktig el-kraft er for heile samfunnet, for hushaldningar , industri og offentlege institusjonar. Likevel har politikarane våre fått bygd atten utanlandskablar for eksport av elektrisk kraft.
Gjennom EØS-avtalen og innlemminga i ACER er Noreg blitt ein del av energimarknaden i EU. Dermed må me fylgja «EU-lova» om å harmonisera norske el-prisar til det nivået dei er i EU. Alt dette fordi Jonas Gahr Støre, utan respekt for fagrørsla og 120 Ap ordførarar, gjekk inn for å sei ja til ACER.
Det er mange i Noreg som har store økonomiske problem med å betala straumrekningane sine no. Det er på tide å kjempa for demokratiet, for sjølvråderetten og for at folk flest i dette landet kan føla seg trygge, både økonomisk, helsemessig og sosialt.
Dette kan me setja i gang med ved å sei opp EØS-avtalen og igjen bli herrar i eige hus. Då vil Handelsavtalen mellom EF og Noreg frå 1973 automatisk bli gjort gjeldande. Dette er nedskreve og er ein del av EØS-avtalen. Kvar av partane EU eller Noreg kan koma med forslag om å sei opp EØS avtalen med eitt års varsel. Det er på høg tid å gjera dette no før Noreg bit for bit er blitt innlemma i EU.