Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
«Eit kvart folk, og særleg det russiske, vil klare å skilje ekte patriotar frå avskum og forrædarar og kjem ganske enkelt til å spytte dei ut som eit insekt som tilfeldigvis har hamna i munnen.»
Med disse orda vende den russiske presidenten seg til folket i Russland for nokre dagar sidan. Språket er grovt, og meldinga er klar: Har du kontakt med vesten, skal det gå deg ille.
Krigen i Ukraina har til fulle vist kva slags regime vi har i vårt største granneland. Russland er styrt av menneske som har rana til seg store verdiar frå folket, og som ikkje skyr noko middel i den blodige krigen dei har sett i gang.
I ein slik situasjon er det forståeleg at somme tar til orde for å kutte alt samarbeid med Russland. Eg vil argumentere for at det ikkje er klokt. Eg vil nytte forsking som døme, for det er eit område der eg sjølv har erfaring.
Putins regime har arbeidd systematisk for å stikke kjeppar i hjula for samarbeid mellom russiske forskarar og kollegaer i vesten. Det sit nok i ryggmargen hos presidenten. Han har sin bakgrunn i komiteen for statens tryggleik (KGB), ein organisasjon som i sovjettida brukte mykje tid og ressursar på å undertrykkje russiske intellektuelle. Framfor alt var det viktig å for KGB å hindre at dei intellektuelle kom i kontakt med «skadelege» idear frå vesten.
I vår tid har Putins regime innført omgrepet «utanlandsk agent» som i praksis kan brukast om alle personar som har teke imot pengar frå organisasjonar i utlandet. Dette har vist seg som eit effektivt middel for å kneble t.d. fri presse og menneskerettsorganisasjonar. Det har også gjort det vanskeleg å organisere forskingsprosjekt der både russiske og vestlege forskarar er med.
Eit anna middel Putins regime har nytta for å hindre internasjonalt forskingssamarbeid, er stadig aukande byråkratisk kontroll. Ifølge nye retningsliner som var i ferd med å bli innførte då Russland gjekk til åtak på Ukraina, må eit russisk universitet søkje ministeriet for kvar samarbeidsavtale det vil inngå med universitet i utlandet. Søknadsprosessen er komplisert og fallgruvene mange. Den som har lest klassisk russisk litteratur frå før revolusjonen, kjenner att mønsteret. Ingenting er heilt umogleg, men byråkratiet er så seigt at det i praksis blir uråd å få til noko som helst.
Etter Russlands åtak på Ukraina har Noreg valt å fryse alt institusjonelt samarbeid med russiske universitet. Det er nok ingen veg utanom. Rektorane ved alle dei store universiteta i Russland har skrive under på eit opprop der dei gjev sin fulle støtte til krigen i Ukraina. Samstundes seier rektorane at deira fremste plikt er å oppdra ungdommen til patriotisme. I denne konteksten er «patriotisme» det same som Putin-regimets aggressive nasjonalisme.
Norske universitet kan ikkje inngå partnarskap med slike institusjonar. Grunnverdien som norske universitet er tufta på, er kritisk tenking, ikkje «patriotisme» eller nasjonalisme. Og i alle fall ikkje krig.
Norske styresmakter opnar likevel for at forskar-til-forskar-samarbeid kan halde fram, sidan russiske einskildforskarar ikkje er ansvarlege for politikken til den russiske presidenten. Eg vil ta til orde for at norske universitet nyttar det handlingsrommet som forskar-til-forskar-samarbeid gjev oss, slik at ikkje all kontakt med russiske forskarar blir broten. Å kutte alle kontaktar vil isolere dei russiske intellektuelle. Det gagnar ingen – bortsett frå president Putin og regimet hans, som lenge har arbeidd for å hindre kontakt mellom intellektuelle i Russland og vesten.