Eg meiner vi burde slutte å synge nordnorsk julesalme.

Songen har, etter at han vart lansert på midten av åttitalet, vorte meir og meir populær. Han er nærast sjølskreven på repertoaret hjå mange kor ved juletider. Han er spelt inn av ei lang rekke artistar, mellom anna Halvdan Sivertsen, Jardar Johansen, Moddi, Christel Alsos, Oslo Gospel Choir og Helene Bøksle. Songen nyt høg status; han vert av enkelte sett på som det fremste av nordnorsk visekunst, songen som liksom oppsummerar kva det vil seie å vere nordlending, ein «nasjonaljulesong» for ein landsdel.

Men eg meiner songen står for haldningar som vi ikkje burde trykke like hardt til brystet som vi har gjort. Før eg går inn på kvifor, bør eg seie dette; eg syns songen har ein fin melodi. Han er lett å synge, lett å hugse og har fleire musikalske kvalitetar. Eg har og stor sans for Trygve Hoff som koponist og har lytta til hass musikk lengje. Eg er alldeles ikkje ute etter å «ta» nokon, «sverte» ein song som openbert betyr mykje for mange. Eg vil berre forsøke å få deg som les dette til å tenkje litt meir på kva for eit Nord-Noreg songen beskriv, kva uttrykk for ei folkesjel han representerar og kva for haldningar teksten lyftar fram.

Songen handlar i hovudsak om relasjonen mellom eit «vi» og «Vårherre». Gjennom tre vers beskriv teksten korleis dei som bur i nord maktar nett det, mykje på grunn av at Gud er med dei. Klimaet, jordsmonnet, været og landskapet her oppe er i fylgje songen av ein slik art, at om ikkje Gud velsignar og støttar opp om livet, hadde det aldri gått.

Eg er sjølv kristen og kan visst kjenne meg att i tanken om at det er godt å ha Gud med på laget i kvardagen. Men eg er jamvel ikkje samd i den verda songen strekar opp.

I fyrste vers heiter det mellom anna: «verg dette lille du gav oss». Då får ein inntrykk av at vi har lite her i nord. At livsgrunnlaget er dårleg, at det skortar på mat, naturressursar, rikdom i landbruk, fiskeri og så vidare. Men det stemmar vel ikkje heilt? Vi har jo tvert imot ein svært rik landsdel, med tanke på fiskerinæring, oljeutvinning, turisme og slikt.

I same vers står det at Gud ikkje må: «la oss forkomme i armod og slit.» Det trur eg ikkje nokon gjer i Nord-Noreg i 2020. Vi har både velferdsstat, tilskotsordningar, Nav, vi køyer el-bil, drar på hytta i helga, på juleshopping til London, får att på skatten og i det heile tatt. Vi arbeidar frå halv ni til halv fire og er ikkje meir slitne enn at litt fredagstaco og gullrekka på tv kan bote på det. Eg seier ikkje at det ikkje finst fattigdom i nord, for det gjer det, men «vi»-et i nord står langt frå i fare for å forkomme.

Dette er eit gjennomgåande tema i Nordnorsk julesalme. I andre vers synges det: «vi slit med å kave oss frem». Nei, det gjer vi ikkje. Om vi slit med noko er det å finne parkeringsplass, eller rekke vinmonopolet i tide eller at smartklokka ikkje vil oppdatere seg. I tredje vers handlar det om ei «frossen og karrig jord». Javel? Det stemmer heller ikkje. Kven sett ikkje stor pris på jordbær frå Kvæfjord, multebær frå finnmarksvidda, dun-dyne med dun frå Træna og Vega, ostar frå lokale ysteri i Lødingen og så vidare. Tvert om trur eg mange ser på den frosne jorda med lengsel etter snø slik at løypemaskinen kan komme og gjere det klart for skitur på søndag.

Så vil nokon truleg innvende: Teksten handlar jo om ein lengsel mot det som var. Det NordNoreg foreldregenerasjonen vaks opp i. Og du kan jo ikkje halde mot songen at han ikkje er moderne nok? Då vil ikkje mange julesongar kome gjennom nålauget. Skal vi diskvalifisere Prøysen si Julekveldsvise også no, berre fordi det ikkje er så vanleg å ha ein krakk å dra mot glaset lenger?

Det poenget ser eg heilt klart. Og det vil være litt urettferdig å tvinge ein gamal tekst inn i Nord-Noreg anno 2020. Men bak desse «evige ordan» ligg og haldningar og tankegods som eg tykkjer har fått prege landsdelen for lenge.

Det står om at Gud må «verg dette lille du av oss». Underforstått; Nord-Noreg er noko lite og ubetydeleg. Noko som berre vil forvitre og verte borte om ikkje Vårherre held si hand over det. Uavhengig av kva mot og tøffhet som folket her har i seg. For dei står altså «med lua i handa». Ja, ikkje berre står dei av og til med lua i handa, dei lever med hua i handa! Nordlendigar får altså ikkje til mykje av eigen kraft og vi vert med rette kalla latsabbar. Vi ber om almisser frå Gud, fra han stat og politikeran sørpå. Om ikkje nokon med meir tak i ser i nåde til oss, kan vi berre legge lokket på kista og seie takk for det bittelille du gav oss. Nordlendingar har stadig den hardaste ria, vi slit, vi er æveleg langt unna eit paradis på jord, vi har nok med ikkje å forkomme i armod og slit.

Ærleg tala: om vi som bur her verkeleg er så ynkelege og tafatte er det ikkje til å undres over at vi har venta i nesten hundre år på ein jernbane, at vi ikkje fekk universitet før på søttitalet, at vi ikkje har hatt ein statsminister frå nord, at fisken knapt kan leveres til kai, at vegane er dårlege, alkoholforbruket høgt og røykhosten grusom – Vi kan ikkje betre!

Eg meiner at Nordnorsk julesalme har i seg haldningar om at Nord-Norge er eit stakkarslig sted, med så elendige forhold i både folk og natur at berre eit barmhjertig mirakel frå Vårherre kan gjere det leveleg her. Om vi held fram med å messe om at vi står med hua i handa, er det nøyaktig det vi kjem til gjere; vone at nokon med meir livskraft, meir energi, fleire vyar og rakare rygg skal gje oss nåde.

I staden for å stå med hodeplagget i nevane, burde vi dunke oss på brystet, slutte å være nøgd med å stå han av og ikkje vente lenger på at nokon skal forbarme seg over oss. Dét trur eg Vårherre både vil smile i skjegget av og velsigne rikeleg!

Med glimt i auget, Tore André Gurandsrud