Kommunen vedtar kva som skal vere hovudmålet ved kvar skole, bokmål eller nynorsk. Og dette skal ein bruke i skriftleg opplæring og i skriftlege arbeid. Men du kan på ulike vis velje anna hovudmål enn det som er vedtatt. Foreldre til minst 10 elevar på årstrinna 1-7 kan velje eit anna hovudmål, og slik kan dei få ein nynorsk parallellklasse på ein bokmålsskole. Elevar i ungdomsskolen kan sjølve velje nynorsk på ein bokmålsskole, det same gjeld elevar i den vidaregåande skolen.

Det har sia 1970-talet vore nynorske parallellklassar fleire stader i Nord-Noreg, i Vefsn, Skånland, Målselv, Balsfjord og Tromsø. Fleire hundre elevar har gått på ein bokmålsskole og fått opplæringa si med nynorsk som hovudmål. Det finst rike erfaringar for at dette har vore gode språkval.

Det er fleire gode grunnar til å velje nynorsk som hovudmål:

Nordnorsk er nynorsk: Nordnorsk dialekt er i vinden som aldri før. Det er ikkje i alle situasjonar vi kan bruke dialekten vår. Når ein skal velje eit skriftspråk som stør opp under dialekten, er ikkje spranget særleg langt til det nynorske skriftspråket. Dei nordnorske dialektane ligg så tett opp til nynorsk at det vil vere språkleg frigjerande å få lære seg å bruke eit så dialektnært skriftspråk.

Lær nynorsk og bokmål like godt: Når barna har nynorsk som hovudmål, lærer dei dette godt. Samtidig vil dei få bokmål som sidemål, og det vil vere lett å lære det også.

Nynorsk gir ein fordel: Dei aller fleste er gode til å skrive bokmål. Når ein i tillegg er god i nynorsk, gir det ein ekstra fordel. Tidlegare nynorskelevar fortel at dette har gitt dei positive opplevingar og oppdrag i arbeidslivet.

Dersom du ønsker nynorsk for barnet ditt, er det berre å melde ifrå til skolen. Elevar i ungdomsskolen og den vidaregåande skolen som vil ha nynorsk som hovudmål, kan sjølv melde ifrå til skolen.

Magne Leon Heide,

Leiar i Troms og Finnmark mållag