Nord-Noreg har dei største utmarksbeiteressursane i landet både i kvalitet og mengde. Men bruken av ressursen er liten og har ei negativ utvikling. Dette går fram av ein rapport frå NIBIO som for første gong gjev ei samla oversikt over utmarksbeite for husdyr i heile landet og for kvart fylke.

Beitekvalitet

I utmarka er det som i fjøs og på innmark – kvaliteten på fôret dyra har tilgang til er viktig for kva tilvekst ein kan vente. Kvalitet av utmarksbeitet for fylka viser ein klar samanheng med berggrunn og topografi. Med 26 % av tilgjengeleg areal i beste beiteklassen, svært godt beite, skil utmarksbeitet i Troms fylke seg ut som det klart beste i landet. Snittet for landet er 11 %. Berggrunn dominert av næringsrike bergartar og ein topografi med mykje brattlende gjev denne høge kvaliteten.Nordland er ein god nummer to med 17 % av arealet som svært godt beite.

Kvaliteten er lågast i fylke med mest fattige bergartar og meir flat- og låglendt topografi, som til dømes Finnmark, Hedmark og Agder. Naturen i Finnmark skil seg sterkt frå Nord-Noreg elles, og berre 4 % av landarealet er i beste beiteklasse. Langs kysten av Finnmark og i fjordstrok er andelen høgare. Deifattige vegetasjonstypane på innlandet har eit stort lavbeitepotensial som kan gje gode vinterbeite for rein.

Beitebruk og beitekapasitet

Av fylka i nord er det i Nordland det blir sleppt mest dyr på utmarksbeite. I 2019 var det om lag 21 000 storfe, 197 000 sauer, 4200 geiter og 510 hestar som gjekk meir enn 5 veker på utmarksbeite. Hadsel var største sauekommunen med 14 100 sau sleppt i utmark, medan Brønnøy hadde mest storfe med 2600 dyr. Tilsvarande tal for Troms var 5900 storfe, 112 000 sauer, 9100 geiter og 415 hestar. Her var Balsfjord største sauekommunen med 13 600 sau, medan Målselv hadde mest storfe med 1100 dyr. For Finnmark var tala langt lågare med 1200 storfe og 23 000 sauer. Tana var største sauekommunen med 4100 sau i utmark og Alta hadde mest storfe med 500 dyr.

Tilpassing av dyretalet til beiteressursen er viktig. For mange dyr vil gå ut over tilveksten, medan for få gjer skjøtselen dårleg og reduserer kvaliteten av beitet. Samla praktisk nyttbar beitekapasitet for husdyr for heile landet er berekna til 9,5 mill. saueeiningar (ei saueeining er eit dyr med gjennomsnittleg fôrbehov i ein flokk med normal fordeling av søyer og lam). Største beiteressursane, 34 % av samla ressurs for landet, ligg rimelegvis i dei tre nordnorske fylka da dette er store fylke.

Kor mykje fôr som kvart år blir hausta av husdyr i utmark kan grovt bereknast ut frå dyretal sleppt på utmarksbeite henta frå søknadar om produksjonstilskot. Utmarksbeitet må delast med andre utmarksbeitande dyr. Det er derfor berekna grovt eit fôruttak for ulike hjortedyr, mest tamrein i nord, som er i konkurranse med husdyra sin beitebruk.

Samla beitetrykk for heile landet i 2019, inkludert hjortedyr, på beiteressursen tilgjengeleg for husdyr, gav eit landssnitt på 45 % utnytting. Vestlandsfylka og Oppland hadde høgast utnytting, kring 70-80 %. Lågast var Telemark og Oslofjordfylka med 25 % utnytting. I Finnmark vart 27 %utnytta, i Troms 33 % og i Nordland 36 %. Samla utnytting for dei nordnorske fylka utgjorde 32 % av ressursen. Her var 14 % nytta av husdyr og 18 % av rein. 68 % av ressursen var såleis ikkje nytta. Det vil seie at det i 2019 kunne vore sleppt 2,2 mill. fleire saueeiningar. Dersom den ledige kapasiteten berre skulle nyttast av husdyr kunne dyretalet i nordnorsk utmark da bort i mot femdoblast målt i saueeiningar.

Store ressursar

Våre berekningar viser at det er rikelege ressursar for meir husdyr i utmark i dei nordnorske fylka. Kor mykje av ressursen som er muleg å nytte i praksis er usikkert og vil vera ulikt på kort og lang sikt. På kort sikt er det mange avgrensingar i høve til produksjon av vinterfôr, fjøskapasitet, kraftfôrpris, marknad, beiterettar m.m., og ikkje minst økonomi for den enkelte bonde.

Beiteressursane i utmark i landet er ulikt fordelt, med store regionale og lokale variasjonar. Eit paradoks er at dyretalet i fleire fylke med heller skrinn utmark er høgt, medan utnyttinga er lågast i nokre av fylka med høgast beitekvalitet og med den rikelegaste ressursen. Ikkje minst gjeld dette Troms, som har ei låg utnytting av utmarksbeite av høgaste kvalitet. Sauetalet i utmark i fylket har gått ned med 14 % sidan 2000.

Beitekvaliteten i utmarka er ikkje berre naturgjeve. Mykje av vegetasjonsbiletet er ein arv etter tidlegare tiders veldig intensive utmarksbruk. Beiting, slått og anna hausting gav eit ope, grasrikt landskap. I det meste av Nord-Noreg er beitetrykket no for lågt. Buskvegetasjon og tresetting blir tettare og reduserer planteproduksjonen i undervegetasjonen når lys og varme ikkje slepp ned. På den beste marka kjem høgvaksne urter og bregner inn og skuggar ut graset. Beitekvaliteten blir derfor sakte redusert på store areal.

Når beitinga opphøyrer forsvinn i tillegg to andre viktige produkt frå utmarksbeitande dyr – kulturlandskap og detbeiteskapte biologiske mangfaldet. Dette er igjen råvara til ei anna viktig bygdenæring – reiselivet. Utmarka må brukast og skjøttast skal desse kvalitetane takast vare på.

Kvar sommar produserer fotosyntesen grønt plantemateriale over store delar av norsk landareal. Dette kan vi nyttiggjera oss til mat og fiber, men vi må ha drøvtyggande dyr til haustinga. Denne ressursen kan ikkje sentraliserast – skal den nyttast må vi ha eit landbruk over heile landet. Ein må utnytte dei regionale fortrinna i landbruket blir det ofte sagt. Vi kan ikkje sjå anna enn at Nord-Noreg sitt regionale fortrinn er store areal av frodig utmark der det kan produserast god og næringsrik mat frå rein og vakker natur.