Gå til sidens hovedinnhold

Typisk norsk å skape skilnader?

Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.

Den rikaste prosenten i verda kontrollerar 50 prosent av alle ressursar. Dei 10 prosent rikaste i Noreg eig 70 prosent av all finanskapital. Det er ei drastisk auke frå 1980, då eigde dei 49 prosent. På 1980-talet tente dei 400 rikaste i Noreg i snitt 26 årsløner. På 2000-talet tente den same gruppa 178 årsløner. I Noreg har talet barn under fattigdomsgrensa dobla seg dei ti siste åra (ssb.no). Omlag 111.000 barn lever i familiar med vedvarande fattigdom med låge inntekter. I t.d. Bergen er talet på fattige barn omlag 5000, nest høgast etter Oslo med omlag 18 000 (fafo.no). Skilnadane har gjennom ein gullalder for dei rikaste auka til same nivå som på 1930-talet.

Likevel syt dei rike som aldri før. Storkapitalisten Stein Erik Hagen, som har verdiar på 14-15 milliardar kroner, synes det var ei god investering å støtte FrP med to millionar kroner i dei siste valkampar. Å verte kvitt formueskatten, er hans store kampsak. Slik at han unngår å bidra med opptil 1,1 prosent (!) til fellesskapet frå verdiar skapt av folk som arbeidar for han, altså sel arbeidskrafta si til kapitalisten. I Dagens Næringsliv for nokre år sidan uttalte han at “nå er det verre her i landet enn noensinne” og at “vi er på vei i en sosialistisk retning, som i gamle Øst-Europa”.

Snakk om å vera forvirra i si forståing av kva sosialisme er. Skipsreiaren John Fredriksen er ein annan superrik, han har for lenge sidan stukke av til utlandet med reiarmilliardane sine.

Ulikskapen i Noreg er større enn nokon gong

Den delen som lever under fattigdomsgrensa i Noreg har auka dei siste åra. Dette er eit symtom på kvart eit kapitalistisk samfunn der frisleppet av økonomien tek makta over utjamninga av økonomien. Dei superrike vert fleire i tal og endå meir superrike. Den nestrike klassen vert også rikare. Avstanden til mesteparten av mellomklassen vert større og den umidla lågaste klassen vert endå fattigare og dei aukar i tal. Landsgjennomsnittet av fattige er høgt, og det er sjølvsagt heilt uakseptabelt.

Kvar og ein av dei fattige er ein for mykje, mange av dei er barn utan nokon skuld i det heile. Samstundes har talet på milliardærar femdobla seg på 15 år.

Kampen mot denne utålelege ulikskapen er av Raudt sine aller viktigaste saker, og vert fokusert veldig på i valkampen. I lag med klima- og fredspolitikk og meir.

Lågskattepartia gjev gjennom ikkje-progressiv skattepolitikk skattelette til dei absolutt rikaste, på bekostning av velferda til dei lågtløna som ikkje får særleg skattelette i det heile. Og dei som vert råka av fattigdom vert skamleggjort.

Ulikskapen gjeld også løn: Kvinner tener framleis berre 85 prosent av det menn gjer, sjølv om dei gjer det same viktige arbeidet. Verdiskapninga vanlege arbeidsfolk står for, og som t.d. funksjonshemma i harde yrker har stått for, har skapt verdiane kapitalistar som Hagen og Fredriksen er milliarderar på. Dei styrande parti hyller alt som er privat og som har ordet næring i seg, mens alt som heiter skatt for dei rike skal vera så låg som mogleg.

Dette fører til skjult fattigdom i eit av verdas rikaste land. Ikkje berre det. Det fører også til ein råkapitalisme, med stadig større midlar til stadig færre. Den aukande ulikskapen kan stoggast. Det vil Raudt gjera noko med ved å heilt endre skattesystemet, der fordelinga vert progressiv: Auke skattenivået for dei med inntekter over 600.000 kr, og liten eller ingen endring for dei med lågare inntekt. Raudt føreslår også ein ny progressiv modell for formuesskatt som gjer at dei som har større formuar enn 10 millionar betalar relativt meir enn dei som har formue i mellom 1,5 og 10 millionar. Kan det kapitalistiske systemet endrast på sikt også?

Alt dette er ikkje berre opp til Raudt. Det er opp til folket!

Kommentarer til denne saken