Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.
Få dagar før stortingsvalget gav Solberg-regjeringa etter for presset frå EU i Svalbardsona. Den trugande torskekrigen vart, om ikkje avlyst, så i alle fall utsett. Dermed slapp fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen å gjere alvor av krigserklæringane frå i vår: arrestere EU-trålarar og taue dei til land dersom torskekvoten på 17.885 tonn ikkje vart respektert som eit stoppsignal.
Løysinga, som truleg vart funnen etter diplomatiske følarar i Brussel, går fram av ei ny forskrift til lova om fiske i Svalbardsona, fastsett i Fiskeridirektoratet torsdag 9. september. Då var den omstridde kvoten så godt som oppfiska, men no gav Noreg EU-fartøy med lisens for å fiske i norsk økonomisk sone løyve til å halde fram fisket i Svalbardsona. Vilkåret er at desse fangstane skal skrivast på kvoten for fiske i norsk økonomisk sone (NØS).
Også her har EU ein torskekvote som for 2021 er på 10.272 tonn. Her føregår fisket nærare norskekysten, men så langt i år er under halvparten av dette oppfiska. Dette gav rom det kreative grepet som elles er strengt forbode for vanlege norske fiskarar: Ingen må fiske i eit område, men føre fangsten opp på eit anna.
No, derimot, vert dette brukt som ei politisk løysing for å unngå ein ny torskekrig. Med den siste oppdateringa frå Fiskeridirektoratet ligg det no an til at kvoten for NØS blir oppfiska før nyttår. Per 15.oktober viser det seg at EU har fiska 2.767 tonn i vernesona som gjev ein total fangst på 7.020 tonn i den fiktive NØS-statistikken. Det som dermed står att er ein restkvote på 3.254 tonn tonn som EU har to og ein halv månad på å fiske. Sluttresultatet er avhengig både av tilgang på fisk og kor mange trålarar frå EU som vil delta i sluttfasen av årets fiske.
Så langt har EU fiska 20.652 tonn torsk i vernesona. Held fisket fram som no kan årets totalfangst bli mellom 24-25.000 tonn. Med andre ord eit overfiske på 6-7000 tonn i høve til den kvoten dei vart tildelt av Noreg, men under den kvoten på cirka 28.000 tonn som EU-Kommisjonen tildelte seg sjølv i fiskevernsona. For uttaket av torsk spelar det heller liten rolle om den vert fiske i NØS eller Svalbardsona så lenge det samla fisket ikkje blir større enn summen av dei to kvotene; 27.929 tonn.
Om EU stoppar der vil ikkje vise seg før heilt mot slutten av året. Og uansett har Noreg under Solberg-regjeringa tapt ansikt i ei prinsipielt svært viktig sak; om suverenitet til å forvalte fisket i Svalbardsona. Sona vart oppretta for å redusere fiskepresset på ungfisk som seinare skal vandre inn til kysten. Med det resultatet vi no har fått på bordet har EU greidd å auke dette presset med å tildele seg sjølv ein eigen kvote, som dei nesten klarar å fiske opp. Om dei reknar med å halde fram på denne måten i 2022 vil vise seg når fiskeriforhandlingane med EU startar seinare i haust.
Slik torskestriden med EU har utvikla seg set den også eit stort spørsmål ved Noregs evne til å forvalte Svalbard-sona på ein såkalla ikkje-diskriminerande måte. Sidan sona vart oppretta i 1977 har verdien av dette blitt understreka av alle norske regjeringar. Så langt er det ingen land som har prøvd seg på det EU no har fått pressa gjennom, men den hestehandelen som ser ut til å ha skjedd, kan setje særleg Storbritannia på andre tankar. På norsk side kan det også ha samanheng med eit ynskje om få ein avslutta ein konflikt om makrellfisket der EU kan sitje med løysinga. Og at ei god løysing for flåten på Vestlandet ikkje alltid er like god for flåten i nord, er ei velkjend erfaring i norsk fiskerinæring.
Mange trudde knapt nok det dei såg og høyrde då først Erna Solberg og seinare fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen truga EU med kystvakt og arrestasjonar om dei overfiska den norske kvoten for vernesona. Er det noko som har prega åtte års høgrestyre er det ein eineståande vilje til å fylgje EU i eitt og alt. Trugsmålet om torskekrig var nye, og – viste det seg – falske tonar. Difor er det heller ikkje så rart at «torskefreden» på regjeringas nest siste arbeidsdag før valget ikkje eingong vart funnen verdig ei pressemelding og ein høveleg fyndig kommentar frå politisk hald. Elles brukar denne ventetida før eit mogeleg maktskifte å vere viktig for lokke med friske penger, gode saker og viktige, politiske sigrar.
Så får motstandarane, særleg fiskeriminister Bjørnar Skjæran, vere ekstra på vakt for snubletrådane på vegen til forhandlingar i Brussel eller London. Om han overtek ein verkeleg fred eller berre ein utsett krig er i høgste grad uklart.