Oddmund Enoksen har i eit innlegg (29.1) svart på min kommentar til toppleiinga i Troms kraft, med overskrifta «Kraftbehov og egoisme». Mitt poeng er at vi fortsatt har ein rimeleg kraftpris i nord, men at situasjonen ville vore heilt annleis om også det nordnorske kraftnettet var kopla opp mot det europeiske systemet. Dette er det vel ingen som vil argumentere mot, men spørsmålet er om det å sikre rimeleg strøm til familiar, etatar og bedrifter i nord er uttrykk for egoisme. Og så er spørsmålet om denne for oss gunstige situasjonen er noko som vil vare ved, om vi ikkje treng ei stor satsing på meir energiproduksjon i nord.

Å regulere kablane er ikkje egoisme

Eg er ikkje motstandar av å ha kablar for strømutveksling i Norge (eller mot Sverige og Finland) – og heller ikkje mot eksport av strøm til Europa. Norge produserer i vanlege år meir kraft enn vi treng sjøl, og for å møte dårlege år har vi magasina – oppdemma vassreservar. Ei klok regulering – og sikkert eit behov for forbetring av magasinkapasiteten – tilseier at Norge ikkje vil ha noko stort behov for import av strøm. Og mange verprognoser tyder på at det vil bli meir nedbør i åra som kjem, som følge av klimaendringane.

Men når vi i dag sender strøm på dei nye kablane, er reglane blitt slik at eksportprisen blir den same også for innanlands forbruk. Dette må endrast: Om Tyskland er villig til å betale 100 øre for strømmen fra Norge, er det greit, vi levere overskottskraft til den prisen, men samtidig la norske kundar og bedrifter behalde sin pris, anslagsvis på 35 øre. Det er ingen heksekunst å operere med ein eksportpris, og ein innanlands (eller nordisk) pris.

Så viser det seg at systemet ikkje tillet Norge å regulere mengda av strøm vi eksporterer, i 2015 skreiv den norske regjeringa under på at Norge avstår frå å halde tilbake strøm, også om det oppstår krise i Norge. Grunnen til det er lett å forstå, dersom ein meiner markedet og ikkje politikken skal bestemme samfunnsutviklinga. Men om ein meiner at politikk og ikkje marknad skal styre, må dette endrast.

Og så viser det seg at Norge heller ikkje lenger kan regulere magasina sin fyllingsgrad. Er det etterspørsel etter strøm i Europa, og kabelkapasiteten er på plass, kan norske magasin tappast ned. Så med det systemet Norge har slutta seg til, vil utlandskablar av dei dimensjonar vi har i dag vere ein trussel mot norsk velferd og produksjonsliv. VI treng sjølsagt ikkje kappe kablane, vi må «berre» innføre reguleringar og trekke oss ut av eit system som undergrev norsk økonomi og velferd. Frå ein EU-venleg synsstad kan nok slike endringar kallast egoisme, men vi er trass alt ikkje medlem av EU.

Behovet for meir kraft

Det er lett å vere einig med Oddmund Enoksen i at vi må utvikle så mykje fornybar kraft som mogleg – men innafor visse grenser. Og vi må unngå sløsing med kraft – og med pengar. Erfaringsmessig er det ingen ting som er så lønsamt og effektivt som vasskraft. Vi kan produsere til 10 øre og selge krafta til 30 øre gjennom bruk av elver. Vindkraft vil kreve mykje meir, og havvind er så dyrt at ein vanskeleg kjem under 100 øre.

Tala her er omtrentlege, men bodskapen meiner eg er klar. Så er det slik at meir vasskraft betyr meir nedbygging av natur, sjølv om magasina kan bli større og turbinar og overføringsliner kan bli meir effektive, utan naturinngrep av betydning. Sjøl er eg for å bygge ut meir vasskraft, heller enn vindkraft, men veit at mange vil vere ueinige i det. Så får vi bruke dei politiske arenaene til å avgjere kva retning vi går i, prøve å underbygge våre standpunkt - og anerkjenne meiningsskilnader.