Det er nærast utfatteleg at vi i Norge skal oppleve fattigdom i storbyen, slik Debatten på NRK viste oss med all tydelegheit. Mange uføretrygda og folk med bortfall av inntekt får no, saman med mange flyktningar og innvandrarar, hjelp frå matsentralane som frivillige organisasjonar har oppretta. Her er det ingen kontrollspørsmål, berre hjelp så langt det rekk. Det offentlege NAV-systemet er ikkje i stand til å sikre hjelp til livsopphald i det omfanget det er behov for no.

Det vi ser på TV og frå rapportane frå dei som deler ut mat, er kanskje ikkje eit stort og omfattande fattigdomsproblem som gjeld heile velferds-Norge. Mange av dei som treng mathjelp i dag, har sikkert vore spesielt uheldige. Men det synes å vere ein underliggande årsak til at stadig fleire opplever akutte problem med store utgifter og stønader som ikkje held tritt med kostnadsauken, særleg på strøm.

Legg merke til at det si snakkar om, er storby-fattigdomen sine dramatiske utslag. Også folk i distrikta og i små- og mellomstore byar kan oppleve dramatiske tap av inntekter, men utslaga blir mindre. Det er boligprisane i Oslo og ei rekkje andre vekst-byar (som Tromsø) som gjer livet så dramatisk dårleg for så mange. Hybellleiligheten som tilbys den uføre i Oslo vil ligge på om lag 10.000 kr i månaden. I Narvik eller i Balsfjord vil folk med dårleg råd «berre» måtte ut med om lag 5.000. Den dårlege trygda blir dermed i langt større grad til å leve av (om ikkje «med») når ein er busett utanfor storbyen. I tillegg til moderate leigeprisar er strømrekninga (for tida) svært mykje verre å betale i Oslo. VI les om folk i småhus som er vant til ei rekning på ca 3.000, som i dag må betale over 7.000 i månaden, og enda står 2. etasjen avstengt.

Det går faktisk an å hevde at den norske velferdsstaten har avskaffa fattigdomen på bygdene, men at velferdsstaten ser ut til å feile når det gjeld å hindre fattigdomen å breie seg i storbyane. Lenge har det blitt peika på situasjonen for innvandrarar som det store fattigdomsproblemet. Men i dag breier fattigdomen seg også i den «norske» arbeidarklassa - blant uføretrygda, pensjonistar og dei som jobbar på kontrakt og i lågtlønsyrker i hovudstaden.

Det finst ein årsak til dette, ein årsak vi helst ikkje snakkar om, men som kanskje bør ta opp no. Det dreier seg om val av studiestad som altfor mange av 19-åringane våre tar. Lærestadene i Oslo har fått lov til å ekspandere, også i ei tid der det er bygd opp rikeleg med utdanningsplassar over heile landet. Svært mange 19-åringar vil synest det er meir spanande å studere i Oslo enn i Arendal, Volda eller Harstad. Og «samfunnet» synest det er heilt greitt. Vår vordande middelklasse blir heia på når dei, tilsynelatande utan å vite det sjølv, driv Oslos fattige ut i enda større naud, gjennom å melde seg på eit for lengst sprengt boligmarked i Oslo. Mange huseigarar jublar over distriktsungdomen, bygger om familieleiligheter til hybelbygg og innkasserar skattefrie inntekter (når ein leig ut mindre enn 50 % av boarealet).

Det beste tiltaket for å dempe storbyfattigdommen er ein kraftig reduksjon i antalet studieplassar ved dei to universiteta i Oslo, og ved dei ørten private og «ideelle» høgskolane som har dukka opp for å møte distriktungdomen sine «behov».