Det er ikkje befolkningsnedgang i Troms og Finnmark: Så vidt eg kan lese tabellane på ssb.no, er det tvert om ein (minimal) vekst på 13 personar i første kvartal i år. Og om vi tar med den minimale tilbakegangen for Nordland fylke (minus 12 personar), så er det faktisk ein befolkningsauke på 1 – ein – person i Nord-Norge. Sjølsagt altfor lite, samanlikna med dei øvrige landsdelane sin vekst, men likevel er det ikkje dekkande for å nytte overskrifta «Stor fraflytting» når det så opplagd dreier seg om stabilitet.

Og når landsdelen så vidt greier å halde eit stabilt folketal no i første kvartal, så er kjem det av at tilførselen av folk frå utlandet kompenserer for låge fødselstal i distriktskommunar, og for det Nord-Norge taper i utvekslinga mot resten av landet.

«Men byene vokser»? Det er seks byar i Nord-Norge med over 20.000 innbyggarar. Siste kvartal er det befolkningsvekst i Tromsø og Bodø, ja, men det er tilbakegang i Narvik, Alta og Rana, og tilnærma stillstand i Harstad (+1 person). Nytt er det at Alta sin langvarige og sterke vekst ikkje har fortsatt i første kvartal i år. Så at «byene vokser» er ei sanning med modifikasjonar.

Det er forresten blitt meir vanskeleg å finne fram i Statistisk sentralbyrå. Tidlegare har byrået presentert «pedagogiske» tabellar for å vise befolkningsutvikling, men no krevst det digitale ferdigheter, du må «lage din egen tabell» for å få eit oversyn. Då må ein for eksempel velje mellom status på befolkninga «ved starten av kvartalet» og «ved slutten av kvartalet». Her er det lett å trø feil, tabellen presentert i Nordlys får ikkje presentert dei siste tala for Troms og Finnmark når ein viser «i starten av kvartalet».

Dei mange småkommunane i landsdelen slit, men ikkje så mykje med fråflytting. Det som teiknar bildet er dei låge fødselstala - som ikkje kompenserer for talet på døde. Men nokre småkommunar lukkast tydeleg betre enn andre med å trekke til seg folk frå utlandet. Her trengs det meir kunnskap om kva slags arbeidsmåtar i næringsliv og kommunal politikk som har effekt, og som har overføringsverdi, og på den måten kan bidra til at fleire distriktskommunar kan oppnå, om ikkje vekst, så iallfall stabilitet.