Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.
Troms Kraft-ledelsen har eit interessant innlegg om strømprisen I Nord-Norge (Nordlys 25.1). Dei forklarer korfor vi har ein rimeleg pris på kraft i nord, mens familiar, idrettslag, bønder og bedrifter I sør-Norge blør under ein strømpris utanfor styring og kontroll. I dag (26.1) er prisen på strøm 16 øre i nord, og 176 øre (med moms) i sør.
Dette er bakgrunnen for ein nødvendig debatt om styringa av strømsektoren. Men vi har ei regjering som enno ikkje vil gripe inn mot ein strømpris som har løpt løpsk. Regjeringa kan også glede seg over at både Høgre , Venstre og SV (!) har gitt sin støtte til IKKJE å gjere noko med den samfunnsnedbrytande strømprisen som folk opplever i sør-Norge. Det er litt av eit politisk paradoks at det berre er Rødt og Frp (følgd eit stykke på vegen av KrF og Pasientfokus) som vil gripe inn mot 10-doblinga av prisen på eit heilt nødvendig velferdsgode – og ein avgjerande innsatsfaktor I produksjonslivet. Men å løpe etter problema med å lage nye støtteordningar, det er jo alle for.
Mens det no er 603.000 personar som har stilt seg bak facebook-aksjonen “Vi som krever billigere strømpris”, og stor oppslutting om fredelege protestar I sørnorske byar, er det nokså stille i Nord. Så skulle også Troms Kraft glede seg over fortsatt å kunne levere strøm til ein pris som gjer næringslivet I nord konkurransedyktig, og som hindrar fattigdom hos låginnteksgrupper? Men frå leiinga i Troms Kraft kjem det andre tonar: Konsernsjef Semmingsen og styreleder Hansen klagar over “dårlige forbindelser til omverden for eksport” i nord, mens ein i sør har “langt bedre overføringslinjer”. Ordbruken talar for seg: Troms Kraft ønsker seg tilknyting til det europeiske strømnettet, med den soleklare konsekvens at også vi i nord kan få slite med 10-dobla strømrekningar (før støtte).
Men det er sjølsagt ikkje noko ønske om å påføre familiar og bedrifter store og kanskje øydeleggande ekstrautgifter som ligg bak Troms Kraft sitt ønske om å kople oss på den europeiske prisdanninga. Semmingsen og Hansen tilkjennegir eit varmt enagsjement for å bidra i det grønne skiftet. Dette vil dei gjere, ikkje ved å forbetre og utvide produksjonen av rimeleg vasskraft, men ved å bygge (dyr) vindkraft og (enda dyrare) havvind. Og til det trengs det kapital, og kapital kan Troms Kraft få ved å skvise familiar, bønder og bedrifter her i nord.
Og dette resonnementet framfører dei, samtidig som dei slår fast at, sitat: “I Nord-Norge produserer vi mer strøm enn landsdelen forbruker”. Altså, vi har nok rimeleg og miljøriktig kraft, så derfor må vi bygge meir, fordyrande kraft, og la forbrukarar og bedrifter betale for gildet. At vi har lukkast så godt med å sikre god og billig kraftforsyning i nord, betyr ingen ting - no er det påkopling, prisauke og ulønnsame (og naturmessig tvilsame) investeringar som skal ta oss i nord over i det grønne skiftet. Viss dette er nytenking, så takke meg til gamal visdom: Litt planøkonomisk fundering om behovet for makspris på eit avgjerande velferdsgode som strøm. Vi fiksar det på barnehagar, forresten.