For eitpar år sidan fikk vi eit turkart for Storfjord kommune. No i vår har vi fått eit hefte med oversikt over turløypene her. Og lat det vere sagt: Høvelig størrelse, fine fargefotografi, gode og tydelige kart og grundig løypeinformasjon rundt om i heile kommunen. Men: Også her – som på det tidligare turkartet – omtrent fritt for kvenske stadnamn - mens dei samiske namna breier seg i rikelig monn! Er det blitt slik i Storfjord no – at alle minna om vår kvenske fortid skal vekk?

For å starte med Elvevoll, der eg vaks opp i 1930-40åra. Det fantes då ein del kvenske namn som var i bruk der. Det gamle sommarfjøset vårt står enno på Spinnaharju, vi vassa i elvemunninga ved Orrita, vi rodde over til Koskat for å bade, fordi vatnet var varmast der – og vi flyndra småstein fra Rovanesset, som i heftet her har skifta namn og blitt til Sandørnesset. Rett og slett blitt flytta hit. Men Sandørnesset ligg då ein liten bit lenger innover fjorden, og i lag med med Dantanesset danner dei to den vide, djupe bukta framføre bygda Sandøra, der skøyta «Nord-Norge» kunne ligge for anker ganske nært land. Den høge åsen nedover fra Middagsfjellet har trulig heitt Rovaniemi i eldre tider, noe som betyr «naken ås utan skog». I min barndom følgde vi stien over Rova når vi skulle innover fjorden, og hytta vår står på Rovasida. Rova 8 heiter den. Rovanesset går ganske bratt ned mot fjorden og peiker rett over mot Salmenesset på den andre sida. Mellom desse nessa har vi Salmen, den rike fiskeplassen der folk har henta kokfisken sin gjennom fleire hundre år. Dette viktige namnet finst dessverre ikkje på kartet her.

Namnet Riidokenta, som ligg like ved den gamle Letto-gården på Elvevoll – den har no blitt samifisert til «gieddi». Då skal eg vel ikkje undre meg over at også det gamle namnet Rossjekenta er vekk – totalt forsvunnen. Fjorden vår heiter Omasvuono, etter Mikkel kven. Han kom fra Finland tidlig på 1700-tallet og gav fjorden sin dette namnet. Det burde ha vore med på kartet her. Dei to høgste fjella ved Elvevoll heiter Imotind og Klokketind. Dei må gjerne få med seg samiske namn, men her er det dei norske namna som har vore i bruk så langt bakover i tida som eg kan minnest. Dei namna brukte også far min, Johan Dalheim. Han var fødd i 1897. Og så må eg nemne Skibotn-området. Det kvenske står sterkt der, veit vi, men dei kvenske namna manglar også her. Eg meiner til dømes at det kvenske namnet Ykeänpeerä er meir kjent enn det samiske namnet som no står som eineherskar der.

Direkte trist å sjå at Storfjord kommune – saman med Ishavskysten friluftsråd – no har gjort seg til forkjemparar for dei samiske namna, mens dei kvenske altså skal få lov til å forsvinne. Men det er ikkje slik vi tar vare på arven vår! Ved å stenge for dei kvenske namna våre så vil dei sjølsagt bli borte. Eg veit at kommunestyret for år tilbake vedtok for arbeidet sitt at dei ville sørge for å ta vare på «trestammars møte» i kommunen. No må dei folkevalde ta seg på tak og sørge for at nettopp dette blir følgt opp! Her må ein kvenskkyndig person vere med for å passe på at den kvenske arven vår får sin rettsmessige plass i alt av kartverk heretter. Og så må solide kjent- folk sjå til at kartverket stemmer – at rett namn er på rett plass: Rovanesset på sin plass, at Horsnes ikkje blir plassert på vestersida slik som her. Alle veit at dette nesset ligg på austsida av fjorden – under Horsnestinden!

Ein kan då ikkje jonglere med gamle stadnamn og flytte dei fritt omkring. Det er hærverk og må ikkje tolast!