Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Dei tre siste åra; 2018-2020 vart norske bustadeigarar subsidiert med 106 milliardar kroner. Mykje av dette er statsstøtte som også fører til meir sentralisering. Sjølv om dette starta lenge før Solberg-regjeringa tok makta i 2013, auka trykket då det nye høgrestyret ville satse på dei større byane.
Byggefesten i Oslo-området tek ikkje slutt. Det same gjeld for dei større byane våre, heilt nord til Tromsø. Urbane bustadar blir svært gode investeringsobjekt, også for folk som bur godt frå før. I tillegg til dei meir proffe investorane som spekulerer i prisvekst og stor profitt, har også vanlege folk interesser, heilt legitimt, av å kjøpe eit ekstra husvære i ein større by. Kanskje til eige bruk, eller med tanke på dei yngre i slekta – om dei flytter på seg. Eller for å tene ein ekstra «slant» på skattefri husleige.
Skattefritak er stikkordet for den subsidieringa som fyrer opp under bustadmarknaden. Omfanget finn vi i kapittelet om «skatteutgifter» i Finansdepartementet sine årlege budsjett. Her vart bustadsektoren tilgodesett med 35 mrd. kroner i 2018, 41,7 i 2019 og 29,4 i 2020. Departementet skriv at slik subsidiering «kan sidestilles med å motta støtte på budsjettets utgiftsside» med frådrag av renter, skattefri vinst ved sal av eigen bustad, rabatt på formueskatt og delvis skattefri inntekt av utleige.
Regelverket for skattesubsidiane er eins for heile landet, men fordi ein så stor del av den nasjonale bustadomsetninga skjer i urbane pressområde er det her effekten er størst. Tallause nybygg, størst omsetning, høgaste prisar, utlånskåte bankar og stort sett sikre pant. Landet rundt har det å bruke pengar på bustaden vore rekna som ei fornuftig «sparebøsse». Men det er ingen grunn til å forgylle denne marknaden med subsidiar på eit nivå som kjem få, eller ingen, andre grupper til del.
Avisene fortel om at bustadprisane i Oslo no er så høge at familier som berre har ei vanleg/normal inntekt å leve av er utestengde frå marknaden. Leigemarknaden er blitt eit «oppsamlingsheat» for stadig fleire, men også her går prisane opp. Subsidiane tek huseigaren hand om. Ute i landet, der problemet handlar om fråflytting, bur mange i nedbetalte hus der prisane snarare går ned enn opp. Dei som vil bygge kan bli nekta lån. Bankane vil ikkje vil finansiere bustadhus som får eit verdifall langt under kostpris straks folk flyttar inn.
Det er dette Klassekampen-spaltisten Bente Aasjord ( side 3-kronikk 13/7-2021) kallar ei distriktsfelle der folk på bygdene ikkje får den same sjansen til å fylle på «sparebøssa» (auke verdien på bustaden), som folk i byane. Dette handlar om to ulike marknader, men også om korleis sterk sentralisering fører at skattesubsidiane skapar rikdom i byane, medan bygdene sit fast i ein stagnasjon det er vanskeleg å kome ut av: låge prisar, bustadmangel, men lite byggeaktivitet.
I Noreg har vi ein tradisjon for å støtte næringar, distrikt eller grupper av personar der politikarane meiner det trengs. Her er det ikkje til å unngå at bruken av subsidiar er omstridd, ofte med kritikk over at utkantane kostar for mykje, og at dei store verdiane blir skapt i byane. Det skal likevel godt gjerast å finne ei støtteordning med ein årleg prislapp på 30-40 milliardar, langt over det norsk landbruk kostar. Medan bøndene må forhandle med staten, flyt skattesubsidiane ut på autopilot til nye, rekorddyre prosjekt. I åra som kjem vil renta truleg gå opp, men også subsidiane. Auken i statlege «skatteutgifter» som må betalast av andre som ikkje er fullt så priviligerte.
Med nokre få unntak, som til dømes el-bilpolitikken, har vi ei svært subsidiekritisk regjering som gjerne kuttar i tilskot og helst vil overlate styringa til marknaden. Likevel blir det ofra 30-40 milliardar årleg for å gje mest subsidiar til dei rikaste på ein bustadmarknad som liknar meir og meir på eit pyramidespel. Problemet med slike ordningar er at vinnarane før eller seinare dreg opp stigen etter seg. Siste nytt frå marknaden er at ei vanleg sjukepleiarløn ikkje er strekk til i kampen om ein bustad. Då treng heller ikkje lærarane ein 4-ar i matte for å rekne ut at yrkesvalget sender dei rett i fattigdomsfella rundt den subsidierte prisfesten. Slik kan det bli «samfunnskritisk» både på den eine og andre måten.
Ei så dyr subsidieordning som ikkje fangar opp dei som treng den mest, dirigerer flyttestraumen og bryt med andre politiske mål, har ikkje livets rett. Milliardane i seg sjølv er ikkje avgjerande, men dei må i mykje større grad finsiktast inn mot dei skal investere i ein bustad for første gong, uavhengig av om det er i storbyen eller ein fråflyttingskommune. Vi har framleis eit bustadsamvirke og ein statleg husbank. Dei ligg delvis i dvale, men kan brukast meir aktivt enn dagens regjering har gjort.
Kanskje må Civita gråte ein skvett og vulgærliberalarane i FrP skrike opp om «kommunisme». Javel, kanskje blir det liberale demokratiet litt mindre liberalt, men kva gjer no det om det til gjengjeld blir meir solidarisk?