Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.
Eg er fiskekjøper, fødd og vakse opp med at dette «skal» vere eit rettferdig system. Men korleis kan eit regelverk vere rettferdig, når det bygd på oppfatninga om korleis Noreg var for nær 100 år sidan?
På oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet har nok eit partssamansett utval sett på korleis ein kan auke verdiskapinga frå fisken. Det er nemleg ikkje den fyrste. Ei rekkje rapporter, NOU-ar og stortingsmeldingar, har dei siste 30 åra vore samstemte; handelen av fisk i førstehand må normaliserast. Handel må skje slik at den skjer mellom to meir likeverdige partar. På den måten vil bearbeidinga, og dermed verdiskapinga for samfunnet, auke.
No nyleg la det siste utvalet fram sine konklusjonar, Tveiteråsutvalet. Sidan Hurdalserklæringa og dei allmenne politiske strøymingane er svært tydelege, kom det svært få endringar knytt til omsetninga, samanlikna med det som tidlegare utval har foreslått.
Ikkje uventa har reaksjonane frå salslaga vore sterke. Norsk Villfisk (fiskesalslaga sitt samarbeidsråd) stiller seg negative til alle forslaga som er knytt til den lovregulerte omsetninga av fisk. Dei avviser at omsetningssystemet har noko å gå på når det gjeld forbetringar. Dei seier nei til at meir likeverd mellom partane vil vere positivt for den totale verdiskapinga frå fisken! Enkelt sagt er det framleis slik at eitkvart forsøk på å gjere omsetningssituasjonen meir balansert blir møtt med massiv motstand hos salslaga.
Motstanden minner om den vi såg då industrien sine organisasjonar var pådrivar for det ein kalla dynamisk fastsetting av minstepris. Motbør var det og då ein ba om tiltak for at meir av kvitfisken skulle omsetjast på auksjon. Desse grepa er no gjort, og har gjort ting til det bestre, men kampen har vore lang og kostbar for industrien.
Motstanden frå Norsk Villfisk bør ikkje overraske nokon, verken politikarar eller andre. Gjennom lovverket har dei fiskareigde og fiskarstyrte salslaga fått eit fantastisk privilegium. Hugs dette er rettar ein hatt i nær 100 år! Når salslaga brettar ut heile apparatet sitt for å argumentere mot å tilpasse eit system litt meir likt ein vanleg kjøpssituasjon, har dei gode grunnar for det. Dei veit kva som står på spel.
Salslaga omsette i 2021 for 28 milliard kroner. Fiskarane, som eig salslaga, er ikkje lenger berre mannen i båten, men ofte store konsern. Premissane for handelen, og for styrkeforholdet mellom aktørane - i ein av dei viktigaste industriane i landet – vart bestemt i ei anna tid, og under heilt andre samfunnstilhøve enn i dag. Regelverket var laga den gong Hamsun og andre forfattarar skreiv om dei rike væreigarane. Reiser ein kysten langs i dag, er maktbilete totalt annaleis.
Det er eit politisk ansvar å tilpasse regelverket til dagens verkelegheit. Fråveret av dette politiske ansvaret, over fleire tiår, har ført fiskerinæringa inn i årelange og øydeleggjande konfliktsituasjonar. Verdikjedetenkinga er fråverande, noko som reduserer storsamfunnet sin del av inntektene frå fisken i havet.
Saker som burde vore løyste av politikarane, i eit samspel med fiskeflåten og industrien, hamnar no rettssystemet. I desse dagar ventar vi på at Gulating lagmannsrett skal avgjere om Sildelaget har gått for langt i måten dei forvaltar Fiskesalgslagslova på. Dommen vil og gi ein viktig peikepinn på om Fiskesalgslagslova verkeleg er så vidtgåande at den sett til side dei reglane vi finn for handel og samkvem mellom partar i andre delar av næringslivet (Lov om forretningshemmeligheter, Markedsføringslova og Konkurranselova).
Uavhengig av utfallet i saka i lagmannsretten må politikarane ta ansvaret for politikken. Ein kan ikkje overlate ansvaret for politikkutforming for framtida til domstolane, og ein kan heller ikkje overlate ansvaret til ein del av næringa, i dette tilfellet dei fiskareigde salslaga.
Ein heilheitleg sjømatpolitikk er avgjerande for at verdikjeda skal fungere. Utan politiske grep vil den samla lønsemda og aktiviteten i næringa gradvis bli borte. Det vert eit stort tap for kysten, og eit tap for verdiskapinga i Norge.