Lihkku sámi álbmotbeivviin! Vuorbbe sámij álmmukbiejvijn! Læhkoe saemiej åålmegebiejjine! Gratulerer med samefolkets dag!

Samefolkets dag vart feira for første gong 6. februar i 1993. Først i 2003 vart dagen etablert som eigen flaggdag. Dei siste åra har samisk kultur vorte meir synleg i samfunnet. Vi høyrer samisk i fleire NRK-sendingar, samiske artistar har suksess med samisk musikk, samiske kunstnarar haustar merksemd ute i verda, og fleire samiske filmar og filmskaparar har fått internasjonale utmerkingar.

No i februar kjem filmen Ellos eatnu – La elva leve på kino. Den fortel historia om striden rundt utbygginga av Alta-Kautokeinovassdraget. Filmen fortel ei historie om fornorsking og kampen om samane sin rett til eigne landområde, kultur og identitet. Heldigvis har haldningane i majoritetssamfunnet endra seg dei siste tiåra. Vi er no mykje meir bevisste på at mangfald har verdi, og at identitet og tilhøyrsel er viktig for å bygge trygge og gode samfunn.

Det styrker det kulturelle mangfaldet at fleire lærer seg både nordsamisk og dei mindre samiske språka sørsamisk og lulesamisk. Språk er ein viktig del av historia og kulturen til kvar og ein av oss. Dei seier noko om kvar vi kjem frå, identiteten vår og fellesskapen med andre. At fleire samar no tek tilbake språket sitt, er eit viktig steg i rett retning.

Vi har likevel ein veg å gå før dei samiske språka er ein naturlig del av det digitale kvardagslivet. Enno kan vi ikkje ta det for gitt at vi kan bruke samiske språk på digitale plattformer. Det er ikkje sikkert ein kan skrive namnet sitt med samiske bokstavar ein gong.

Det vi kan ta for gitt, er at vi kjem til å kommunisere stadig meir på digitale plattformar i framtida, på alle områder. Dersom ikkje digitale hjelpemiddel legg til rette for bruk av samiske språk, så risikerer vi gradvis tap av det. Dei samiske språka treng språkbrukarar, og aktive språkbrukarar har bruk for moderne hjelpemiddel for data, nett og mobile einingar. Det er viktig for kvar enkelt språkbrukar, men også for at språka overlever.

Eg håpar samefolkets dag vekker litt nysgjerrigheit, slik at ein kanskje vel å lytte til samisk musikk, sjå ein samisk film, lytte til ein podkast, lese ei bok om det samiske eller lære nokre samiske ord. Det samiske mangfaldet er ein kulturskatt som mange fleire bør ta del i.

Samefolkets dag er ei flott feiring der stoltheita over det samiske blir vist fram på alle vis. Det er gledeleg å sjå feiringa både lokalt og på tvers av landegrensene i Sápmi. Det er også ei fin moglegheit for oss som ikkje er samar til å vise respekt og gle oss saman med urfolket vårt.

Eg ynskjer alle til lukke med samefolkets dag!