I samband med NRK P2 sin serie «Samenes historie» har det dei siste vekene vore eit offentleg ordskifte om samisk historie og da særleg kva for perspektiv som bør liggje til grunn når ein forskar på og formidlar samisk historie. Eg har vore ein av fleire historikarar som har delteke i serien. I lys av ordskiftet vil eg seie litt om mitt syn på historievitskapen og historiefagets oppgåve/funksjon.

«Samenes historie» er produsert av Norgeshistorie.no ved UiO for NRK og inngår i NRK P2 sin programserie «Norgeshistorie». Konseptet for programserien er å la forskarane kome til orde, som oftast fleire forskarar i lag, gjennom samtale med programleiar. Fleire av episodane tar utgangspunkt i boka «Samenes historie frå 1751 til 2010» (red.: A. Andresen, B. Evjen og T. Ryymin, Cappelen Damm Akademisk 2021). Ei bok der eg er bidragsytar i fleire kapittel. Som mange veit er eg også ein av medlemane i Sannhets- og forsoningskommisjonen.

For meg som historikar er det eit konseptuelt gap mellom fortid og samtid. I dette ligg det ei forståing av at fortida er noko vi ikkje har objektiv tilgang til, det vi i vår samtid har er rester og spor av noko som har vore. Som historikar nyttar eg ulike typar kjelder i eit forsøk på å skape meiningsfulle samanhengar av fortidas hendingar. Eg er medviten om at det å skrive historie er konstruktivistisk, eg skapar fortellinga om fortida. Å erkjenne at det ikkje finst ei objektiv sanning om fortida er viktig, på same tid er ikkje den forteljinga om fortida eg skapar vilkårleg. Eg bygg på kjelder av ulik type, form og innhald, drar nytte av ulike former for kjeldekritikk, gjennom direkte og indirekte dialog med tidlegare og pågåande forsking og gjennom å nytte ulike metodar og teoriar. Sjølv om det ikkje finst noko objektiv sanning om fortida, vil eg likevel hevde at det over tid blir etablert meir og betre kunnskap om fortida.

Å skrive og formidle historie kan gjerast på fleire vis og frå fleire ulike posisjonar. Sjølv søkjer eg å få fram korleis historiske aktørar handla og agerte, dei nettverk og system dei var ein del av og maktstrukturane dei inngjekk i og/eller kjempa mot. Etnisitet, klasse, kjønn, språk og geografi er viktige dimensjonar, likeins overliggande strukturar som teknologi, idehistoriske strøymingar, religiøse tilhøve, økonomiske system, samfunnsskipnad, politiske og administrative system, rettssystem og geopolitikk. På same vis som vår eiga samtid er mangfaldig og tvitydig, likeins var fortida. Dette skal likevel ikkje stå i vegen for å få fram dei overgripande motsetningane, dei underliggande idestrøymingane, dei store strukturane og linene.

Som historikar og som formidlar av historie skal ein vakte seg mot metodologisk nasjonalisme, i form av å ha staten/nasjonen som det til ei kvar tid viktigaste omdreiingspunktet eller gjennom å føresette eit etnisk homogent samfunn.

Historia kan nyttast på mange vis. Det er mange døme på korleis historievitskapen og historie har vore nytta til å bygge opp omkring nasjonalisme (sunn og usunn) eller til å legitimere krig og urett; men heldigvis også avdekke urett, overgrep og legitimere rettar. Dette må ein som historikar og formidlar av historie vere medviten om. For eigen del ønskjer eg ikkje å bygge opp om overdriven identitetspolitikk, sjølv om eg er medviten om at det eg forskar og formidlar kan nyttast av andre slik. Å skrive/formidle historie med bruk av eit historisk «vi», legg til grunn eit svært problematisk samband mellom fortid og notid, og er svært lagt unna det eg står for som historikar og det eg tenker historievitskapen bør og skal være.

For meg handlar det å vere historikar og det å formidle historie om å få fram korleis fortidas menneske har agert og samhandla, og gjennom det prøve og forstå korfor dei handla slik. I den kunnskapen ligg det også potensiale til å forstå vår eiga samtid og dei utfordringane vi står framom i dag.