Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Ser du reklame med bilde av vakre folk med unaturleg supertynn midje? Svært veltrente musklar? Plettfri ferskenhud? Mest sannsynleg er det bilda som lyg. Men det kan vi ikkje vite sikkert. No skal dette endrast på. Frå og med 1. juli i år skal all reklame med personar som avvik frå verkelegheita, bli utstyrt med eit merke. Merket skal vise at personen i reklamen er fiksa på.
Jakta på den perfekte kroppen er intens for mange. Bilde med retusjerte personar er ikkje mogleg å unngå. Vi får bilde i straumen av oppdateringar på sosiale media og gjennom aviser og magasin, enten dei er fysiske eller digitale. Personar i reklamefilmar kan òg vere retusjerte. Mange ynskjer å sjå ut som dei idealiserte bilda av personar i reklamen. Det er menneskeleg. Samstundes viser det seg at mange av kroppane vi ser er fiksa på. Då jaktar vi på noko som ikkje finst. Det må barn og unge få vite om.
Frå 1. juli i år blir det derfor ei plikt for dei som lagar reklame og annonsørar til å merke retusjert reklame. Slik kan alle vite at utsjånaden til personen i reklamen er endra på etter at bildet eller filmen blei tatt. Plikta gjeld endringar i ein person sin kroppsstorleik, -fasong eller hud. Plikta gjeld òg influensarar (påverkarar) og andre som postar bilde/filmar på internett og sosiale medium mot ei godtgjering.
Reglane om merkeplikt vil bli handheva av Forbrukartilsynet. Dersom Forbrukartilsynet oppdagar at ein retusjert reklame ikkje er merka, vil dei gjere annonsøren (t.d. influensar) merksam på dette. Deretter vil tilsynet fatte eit vedtak om at annonsøren må merke reklamen eller risikere tvangsmulkt eller lovbrotsgebyr.
Forsking viser samanheng mellom reklame, kroppspress og psykisk helse. Når modellar i reklamen blir framstilte som idealiserte personar, vil det verke inn på korleis barn og unge ser på eigen kropp. Når unge sjølve seier at reklame er ei viktig årsak til kroppspress, må vi ta grep. Merkeplikta blir eit kraftfullt tiltak mot usunt kroppspress som særleg barn og unge er utsette for.