Med seks sanksjonsdirektiv på eit halvt år blir det ikkje sagt med eit ord at EU vil forby import av fisk frå Russland. Heller ikkje den som blir levert til norske fryselager. Det finst berre ein grunn til dette: EU-landa treng også mat.

Her er torskefisk frå Barentshavet i same stilling som gassen frå nordvest-Russland. EU treng enorme mengder av begge deler, men i handelskrigen som no herjar i Europa slår Russland tilbake med å skru til gasskranane. For eksporten av fisk er derimot ikkje denne problemstillinga aktuell. Berre det faktum at sanksjonar mot fiskeimporten er ei ikkje-sak for EU, stadfestar at EU-kommisjonen i Brussel står fast på at dagens handelsmønster må halde fram. Rett nok kan dei ofre eit luksusprodukt som russisk kaviar, men torsken: nei!

Omfanget av utanlandske landingar i Noreg er stort med ein verdi på litt over to milliardar kroner dei siste åra. Russland fiskar det meste av dette. Fangstane blir levert på nøytrale fryselager i fleire norske hamner og blir omsette på ein global marknad der Russland, Kina og Storbritannia er dei største kjøparane. Britane importerer 30 prosent all kvitfisk frå Russland og er nok mest avhengige av dette nye handelsmønsteret. I tillegg til den fisken som EU kjøper direkte gjennom Noreg, kjem det også mykje fisk via Kina, frysepakka som filetprodukt av russisk råstoff. Slik fisk blir også importert til USA, som heller ikkje har vedteke sanksjonar mot Russland på dette området.

EU har gjennom heile si historie frå 1970-åra og fram til no hatt mangel på fisk. Ressurssituasjonen i EU sine havområde er framleis dårleg. Mange fiskebestandar er i dårleg forfatning, og det nyttar heller ikkje å løyse denne krisa med auka import. Den fisken EU ynskjer seg, finst rett og slett ikkje. At Storbritannia gjekk ut av unionen førte til at gamle fiskerikonflikter med Frankrike blussa opp på nytt. Ordbruken vart mykje meir hatsk og det kom til fysiske trefningar på fiskefelta.

EUs interne fiskeriproblem var ein viktig utløysar for at Unionen i 2021 tok seg til rette i Svalbard-sona med å fastsetje sin eigen, såkalla autonome fiskekvote på torsk. Om dette vil gjenta seg veit vi ikkje, men dersom dei ikkje får importere russisk torsk og prisane på sjømat blir endå høgare, så veit vi at EU har ein lang tradisjon for å løyse interne problem med å starte torskekrigar i Svalbard-sona. Det er såleis ikkje Russland som er det store trugsmålet mot norsk forvaltning i havområda i nord som stadig fleire no er blitt så rørande opptekne av.

Det er likevel mest rørete når Dagens Næringsliv på leiarplass meiner at dei russiske fiskefangstane kan lastast om på sjøen. På denne måten kunne Noreg eliminert også dei andre årsakene til at russiske trålarar må bruke hamner i nordover i landet til skifte av mannskap, kjøp av proviant, vedlikehald og reperasjonar av skip og utstyr. På denne måten kunne vi stengt hamnene og hatt godt samvit i høve til Ukraina, meiner tydelegvis DN.

Hadde avisa som no er så oppteken av å subsidiere næringslivet i fiskerihamnene med friske oljepengar vore litt betre informert, så ville dei også ha visst at omlasting av fisk frå Svalbardsona har vore prøvd før. For rundt 20 år sidan var dette i ferd med å bli ei «attåtnæring» i den globale handelen med fisk. Men det hadde ein svært høg pris. Ressurskontrollen kunne ikkje fange opp denne nye utviklinga, og i 2004 hevda Det internasjonale rådet for havforskning (ICES) at 200.000 tonn torsk vart fiska ulovleg i som eit resultat av denne omlastinga.

I Stortinget opplyste fiskeriminister Svein Ludvigsen at dette russiske overfisket skapte store problem i ressurskantrollen både på havet og i EU-landa som importerte den. Det kystvakta også registrerte var at russiske trålarar i større grad gjekk direkte til EU-hamner med fisken som sjølsagt var heilt lovleg. Det var opplagt for alle med litt innsikt at det var store mengder svartfisk i handelen. Havforskarane sleit med upålitelege fangststatistikkar, men før eller seinare måtte det russiske rovfiske føre til dramatiske kvotekutt. På havet hadde kystvakta problem med å ta «omlastarane» på fersken. Dei nye helikoptera dei hadde fått til slike formål viste seg å vere ubrukelege. Først 20 år seinare vart dei sende tilbake til produsenten.

Omlastinga av russisk svartfisk var i fleire år den store og nesten uløyselege saka i den norsk/russiske fiskerikommisjonen. Men det lukkast til slutt å få russarane til å innsjå at nye kontrolltiltak måtte kome. Det landingsmønsteret som var i utvikling måtte stoppast før det fekk slå rot. Og det lukkast, også i høve til EU der rovfisket i Barentshavet var god butikk for mange. Så vidt eg hugsar meinte dei som hadde innsikt i Kremls indre liv på at den tida at den relativt nye presidenten Putin drog i dei rette trådane.

Slik gjekk det til at dei norske fryseterminalane, kanskje 15-20 i talet, fekk ein viktig rolle i ressursforvaltning og internasjonalt fiskerisamarbeid. Dagens Næringsliv tek feil nå dei påstår dette handlar om særnorske greier. Det som vart gjort var eit resultat samarbeidet i den norsk/russiske fiskerikommisjonen og mest av alt: intensjonane i FNs havrettstraktat.