Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.
I Nordlys presenterer Asbjørn Jaklin ein artikkel av historikaren Joackim Aalmen Markussen og statsvitarane Marcus Buck, Tor Midtbø og Jonas Stein som nyleg er publisert i Tidsskrift for samfunnsforskning. Denne artikkelen har tittelen «Brent jord: langsiktige politiske konsekvenser av nedbrenning og tvangsevakuering i Nord-Troms og Finnmark». Jaklin sin presentasjon blir avslutta med nokre, etter vår meining, heilt relevante metodiske innvendingar. Dagen etter presenterer desse forskarane hovudfunna sine i Aftenposten. Dei langsiktige politiske konsekvensane det blir vist til i tittelen både på artikkelen i Tidsskrift for samfunnsforskning og i Aftenposten, gjeld lågare valdeltaking og meir synkande oppslutning om Arbeidarpartiet (Ap) i dei nedbrente områda i Finnmark og Troms enn i Nord-Noreg elles og landet som heilskap. Denne analysen har både historisk interesse og samtidsrelevans. Vi skal difor gå funna nærare etter i saumane.
- Les Asbjørn Jaklins kommentar: Nedbrenningens lange skygger
Av omsyn til spalteplassen skal vi ikkje ta for oss den første av dei påstått langsiktige verknadene, valdeltakinga, sjølv om påstanden lett kunne vore problematisert. Men lesarane kan sjølv gjera sine kritiske refleksjonar om dei kastar eit blikk på figur 1 i artikkelen Tidsskrift for samfunnsforskning. Tendensane i utviklinga er nemleg dei same i dei nedbrente områda som i Nord-Norge elles og i landet, men på eit noko lågare nivå i Finnmark og Nord-Troms. Forfattarane forklarer dette med lågare grad av integrasjon, utan å legge vekt på andre forklaringar, som opplagt kan ha vore aktuelle. Skilnadene er altså små, og dei er nokså konstante.
Vi skal konsentrera oss om den andre langsiktige verknaden som artikkelforfattarane meiner å påvisa, nedgang i oppslutninga om Ap. I avisartikkelen blir også dette mest påstått og ikkje underbygd. Det freistar dei derimot å gjera i tidsskriftartikkelen, særleg ved bruk av valstatistikk. Men her støyter dei på ei stort problem: Korleis kan nedgang for Ap forklarast av «den brente jords taktikk» når dei faktisk sjølv påviser statistisk at oppslutninga om Ap i alle val frå 1945 til 1969 ligg svært høgt i dei brente områda, langt over både det som er tilfellet for resten av Nord-Noreg og i endå større grad for landet som heilskap (figur 2 i tidsskriftsartikkelen)? Oppslutninga låg altså høgare gjennom heile gjenreisingstida og i fleire år etter.
Dette skulle ein tru reiv bort grunnen under utgangshypotesen. Men i forsøket på å forklara fallet i oppslutninga om Ap, viser forfattarane til nedgangen som startar i 1973. Dei hevder at dette var ein forsinka effekt av den brente jords taktikk ved at krigstraumane først nå fekk politisk effekt, som følgje av at dei ikkje hadde fått rettmessig plass i det som blir kalla «det sentralstyrte kollektive minnet om krigen». Men dei syner jo sjølv at Ap også frå 1973 og i alle stortingsval heilt fram til 2017 (det siste valet som er med i analysen) har høgare oppslutning i dei nedbrente områda enn i resten av Nord-Noreg og i landet elles, trass nedgangen. For desse vala er poenget at skilnadene mellom dei brente områda og resten av landsdelen og landet har blitt mindre enn før.
Framstillinga reiser dermed fleire kritiske spørsmål til metode og empiri. Det største problemet er mangelen på drøfting av alternative hypotesar. Særleg skulle det ha vore interessant å ta for seg andre moglege årsaker til den større nedgangen i oppslutninga om Ap etter 1973 enn nedbrenninga og den etterfølgjande gjenreisingspolitikken. For her kjem ei rekke faktorar inn som moglege i ein kausalsamanheng, som til dømes vidareutviklinga av velferdsstaten og utdanningssektoren, framveksten av velferdskommunane, endringa i næringsstrukturen, globalieringa, regionale og lokale identitetsrørsler, nye tendensar i kvardagsliv og kultur, faktorar som særleg verka inn på ungdom, kjønnsroller og flyttingsmønster.
Heller ikkje dei meir konjunkturelle faktorane blir trekt inn. EF-striden i 1972 blir nemnd, men blir avvist av forfattarane då dei meiner at det truleg ikkje var viktig skilnad mellom dei nedbrente områda og resten av Nord-Noreg i haldinga til EF. Dette sist held nok ikkje heilt, for all gransking har jo synt at graden av fiskeriavhengighet var viktigare jo lenger nord ein kom. Og kystkrisa i dei etterfølgjande åra slo tvillaust mykje hardare i det nordlegaste området, altså det brente området, enn i resten av kyst-Norge, særleg på grunn av at dei årlege selinvasjonane fall saman med kollapsen i fiskebestandane. Dette var og ein viktig forklaring på suksessen til den såkalla Aunelista ved valet i 1989, leia av den tidlegare Ap-politikaren og fylkesmann i Finnmark Anders Aune, heller ikkje nemnd av forfattarane.
Det er også grunn til å stilla seg kritisk til eit par av dei sentrale føresetnadene for påstanden om særleg svikt for Ap i dei brente områda. Forfattarane kallar det «egne kofliktlinjer» med tilvising til Rokkans tese om ei ibuande spenning mellom periferi og sentrum, her utvikla til Finnmark og Nord-Troms som «periferi i periferien». Ein særleg viktig føresetnad dei trekk fram, er at Ap sin «sentralstyrte» gjenreisingspolitikk også på lang sikt svekka oppslutninga om partiet, at han «ignorerte lokale ønsker og behov», slik det heiter i tidsskriftartikkelen.
Det meste av nyare forsking om gjenreisinga trekk faktisk ein motsett konklusjon, at gjenreisinga alt svært tidleg fekk ein desentralisert struktur for både planlegging, iversetting og gjennomføring, med Finnmarkskontoret, distriktskontor og lokale gjenreisingsnemnder, alle med stor autonomi, koordinert sentralt ved Gjenreisingsdirektoratet. Sjølv om det vart laga omfattande tilbod på typeteikningar av hus, syner granskingar at mange stader var om lag ein tredjedel bygd etter spesialteikningar ut frå personlege ønske. Likeså viser forskinga at det var eit nært samspel mellom arkitektane og lokalsamfunnet, også ved opne diskusjonsmøte og foredragskveldar. Mange av arkitektane og ingeniørane var og ihuga idealistar som såg på gjenreisinga som ei personleg oppgåve. Og det var i røynda langt meir samvirke enn tvang.
Som og samtidsundersøkingar viste, var fleirtalet av innbuarane faktisk godt nøgde med gjenreisinga, særleg kvinner som lovprisa dei moderne husa og ikkje minst det nye «laboratoriekjøkkenet», bad og toalett i kjellaren vart også verdsett. Menn var meir misnøgde. Dei sakna arbeid med laftehusa som hadde vore mest einerådande før krigen og som dei kunne handtere, og mange menn kjende på seg at dei nye krava til planlegging og søknader m.m. gjekk laus på deira maskuline byrgskap. Sjølvsagt var mange misnøgde med tempo og sakshandsaming, trass at gjenreisinga i røynda var eit imponerande prosjekt også med omsyn til tempo, som mange forskarar har konstatert, og der staten gjekk inn med rause løyvingar og med mange talar og reiser der det vart proklamert at dette var ei nasjoal oppgåve.
Det lyt også tilføyast at fleire av dei sentrale aktørane høyrte heime i det brente området, som statsrådane for gjenreisinga, som fylkesmann Hans Gabrielsen og (konstituert) statsråd med same portefølje, Peder Holt frå Vardø, seinare i gjenreisinga fiskeristatsråd og fylkesmann i Finnmark.
Vi synest og at påstanden om at nedbrenninga og tvangevakueringa «frakoblet de berørte områdene fra den norske statsbyggingen» og isolerte dei frå resten av landet, er udokumentert. At dette skulle bidra til å forklara den påståtte svikten i oppslutninga om Ap, er merkeleg, og er då heller ikkje drøfta i særleg grad av forfattarane. Også denne påstanden er i strid med mykje av forskinga, der jo gjenreisinga som nasjonalt prosjekt var det moderne gjennombrotet for integrasjon av området i nasjonalstaten – slik var ho tenkt, og slik vart det. Hammerfest med Findus og ein moderne havgåande fiskeflåte som «frakoblet»? Vadsø med ny giv som fylkeshovudstad, ikkje minst takka vera gjenreisingsoppgåvene, som «isolert»? Kirkenes med AS Sydvaranger, gjenreist med omfattande statlige tilskot, med si stordomstid frå 1950-70-talert og med omfattande skipsfart – «frakoblet»?
Mange av tesane og argumenta til forfattarane ser ut til å vera knytt til utviklinga av nordnorsk minnehistorie, som ein av dei, Markussen, har undersøkt i si doktoravhandling frå 2020, Krigshistoriens minneløp. Det forbausar oss litt at forfattarane hevdar at det minnepolitiske engasjementet bidrog til å svekka Ap i dei brente områda alt på 1970-talet då Markussen sjølv har funne at det først var på 1980-talet at minnehistoria for alvor vart knytt til kritikk av dei norske styresmaktene si rolle under krigen og gjenreisinga.
I det heile kan det verka som om forfattarane har gått i ei slags minnehistorisk felle. Det er rett at den minnehistoriske utviklinga i aukande grad frå 1980-talet og i røynda like til regiondebatten dei seinare åra, har teikna eit bilete særleg av Finnmark i ei offerrolle, der det vert hevda at statlege styresmakter heile vegen sidan krigen har svikta Finnmark og der eitkvart tiltak som luktar av «sentralisering» blir sett på som trugande. Fella er minnehistorias eskalering med dei mange krisene i landsdelen – reelle eller trugande – som omdreiingspunkt. Minnehistoria filtrerer alltid det som har hendt og ser historia i lys av hendingar i ettertid. Den reflekterer difor i forestillingar meir enn fagleg dokumentert historie.
På eitt punkt er vi heilt samde med forfattarane: Det er god grunn til endå meir forsking om både dei brente områda og landsdelen si etterkrigshistorie, under dette også verknadene av krigen og gjenreisinga.