For nokre dagar sidan kom resultata av ei undersøking frå KS om lokaldemokrati i 26 norske kommunar, og Bodø får ikkje spesielt gode resultat. Grunnane til dette kan vera mange, og politikarane ser ut til å ta saka på alvor. Det er minst éi lågthengande frukt dei kan plukka med ein gong: Å delta i debatten om den mest avgjerande saka for Bodø i lang tid framover.

Flyplassflyttinga i Bodø vart vedteken både lokalt og nasjonalt for fleire år sidan (med stortingsvedtak i 2017), men ny kunnskap og endra forutsetningar gjer at saka på ingen måte er ferdig debattert. Sist gong nokon frå Bodø kommune bidrog med eit innlegg i debatten, var med eit debattinnlegg i AN 11. mars i år, av kommunedirektør Kjell Hugvik og Ny flyplass-prosjektsjef Irene Skiri. Etter dette har det vore dørgande stilt frå Bodø kommune og politikarane, sett bort frå eit par hestemetaforar i kommentarfelta frå varaordføraren.

Kva er grunnen til denne berøringsangsten? Det er ikkje vanskeleg å forstå at politikarane og administrasjonen har ein travel kvardag, men i ei så stor sak er det ikkje for mykje å forventa at dei òg tek seg tid til å delta i debatten lokalt. Eg meiner det er tydeleg, både i AN-debatten og av eiga erfaring, at Bodø-folket ikkje er like samstemde om flyplassprosjektet som støttespelarane gjerne framstiller det som.

Varaordføraren har, som sagt, rett nok skrive eit par gonger i kommentarfelta til AN. I éin av desse kommentarane skriv han at “Dette handler ikke lenger om å være enig eller uenig. Det handler om å forholde seg til vedtak som er fattet og penger som er bevilget.” Er dette representativt for Bodø kommune og bystyret si haldning til saka? Når det kjem ny kunnskap eller når grunnleggande forutsetningar endrar seg etter eit vedtak, er det all grunn til i det minste å ta stilling til dette. Morpartia til både ordføraren og varaordføraren har for eksempel i regjering no brukt store summar på å omgjera vedtak som den førre regjeringa har fatta. Då er det merkeleg å meina at flyplassprosjektet i Bodø skal vera freda på grunn av eit forelda vedtak.

Lokalpolitikarane i Bodø har sannsynlegvis – naturleg nok – brukt mykje tid på å overtala regjeringsmedlemmar og stortingsrepresentantar til å prioritera prosjektet i statsbudsjettet. Er det ikkje då på sin plass at dei bruker ein brøkdel av denne tida til å byggja lokal tillit til prioriteringa si, nettopp ved å delta i den lokale debatten?

For å gjera det lett å plukka denne lågthengande frukta, skal eg oppsummera den (etter mi meining) viktigaste kritikken av prosjektet her:

Tilstand på rullebanen

Eitt av hovudpremissa for dei opprinnelege vedtaka for flyplassflytting var at det uansett måtte byggast ny rullebane, anten rett sør (~200 meter) for dagens rullebane eller der han er planlagd no, 900 meter unna. I 2020, altså lenge etter vedtaka om flytting, la Avinor fram ein ny rapport som viste at dei kunne renovera dagens rullebane – truleg med samtidig drift – til 15% av prisen for bygging av ny flyplass. Dette er ei enorm endring av forutsetningane for vedtaka som vart fatta.

Klima

Til tross for ihuga grønvasking, er Ny by – ny flyplass verken klimavenleg eller bærekraftig. Sjølv med planar om nullutsleppsbydel, er det ingen grunn til å tru at prosjektet samla sett får eit mindre klimaavtrykk enn alternativet: Å renovera dagens rullebane og utvikla ny bydel sør for denne.

Natur og bærekraft

Den nye rullebanen fører òg til enorme og irreversible inngrep i ein tilnærma urørd sentrumsnær kystsone. I staden for å gjenbruka rullebanen og inngrepet som allereie er der, er planen no å sprenga ned og fylla ut kilometervis med strandlinje. I motsetning til ei byutvikling som spelar på lag med landskapet, vil ein rullebane fjerna alle spor av landskap og på denne måten øydeleggja området for alle generasjonar i all framtid. Dette er alt anna enn bærekraftig.

Det finst naturlegvis fleire gode argument for Ny by – ny flyplass, men dei må vegast opp mot ulempene. 30. mars i år var eg med på ein nullutsleppskonferanse som Bodø kommune arrangerte. I innleiinga si sa Kjell Hugvik at det var folk som i den siste tida hadde trekt fram gamle argument som om dei var nye, men at desse allereie var vegne og funne for lette. Når ny kunnskap forskyv vektbalansen, bør likevel nokon frå Bodø kommune kunna svara på kritikken som kjem. Det er ei ærleg sak å meina at argumenta for flyplassflytting veg tyngst uansett, men då bør det vera uproblematisk å gje konkrete svar på kritikken og motargumenta.