Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.
Invasjonen har med rette møtt massiv fordømming og harde sanksjonar. Vi har dessverre sett at denne polariserte situasjonen har ført til ein del reaksjonar som på inga måte er hjelpsamt. Vi har sett at Vesten nå vil avskjera kontakten med det russiske vitskapssamfunnet, og dermed russiske forskarar sine kontaktar vestover, noko som vil isolera dei på ein måte som bare kan tena Putin-regimet sjølv. Vi har sett at russiske ungar ikkje får spela fotball i Norway Cup, og det har kome forslag om å avbryta den kontakten med det sivile russiske samfunnet som vennskapsbysamarbeidet er. Ingenting passar Putin betre enn at hans eige folk blir isolert frå vestlege impulsar. Ein kommentarjournalist i iTromsø oppmodar til å plaga russiske naboar og venner for å «ansvarliggjøre» dei, personar som nå er traumatiserte, er godt orientert gjennom vestlege media og kritisk til Putin sin krig.
Polariseringas logikk har også slått inn i diskusjonen om bakgrunnen for den russiske invasjonen. Eg trur alle er samde om at denne krigen er så katastrofal at alt burde ha vore gjort for å hindra han. Pussig nok ser det ut som det at krigen nå kom skulle visa at dei tok feil som har meint og skrive at det kunne få alvorlege følgjer dersom Vesten ikkje tok omsyn til det russiske leiarar oppfatta som vitale tryggingsinteresser. Døme på personar som over lang tid har hevda slike synspunkt er statsvitarane John Mearsheimer, Stephen Walt og Julie Wilhelmsen, og norske politikarar som Gro Harlem Brundtland, Kjell Magne Bondevik og Kåre Willoch. Ut frå ein slik posisjon har det blitt argumentert for at Minsk 2-avtalen kunne vera ei ordning som tilgodesåg både russiske og ukrainske tryggingsinteresser. Det er slike vurderingar som har gjort at Tyskland og Frankrike så lenge freista å finna kompromissløysingar i tida før krigen vart eit faktum – mens land som USA og Storbritannia har hatt ein retorikk og politiske posisjonar i motsett retning.
Argumentet for at dei som ville halda på det diplomatiske sporet tok feil, er at Putin faktisk valte krigens veg – og at dette valet viste at han var så irrasjonell, at diplomati difor ikkje var ein farande veg. Dette blir gjerne supplert med dei mest alarmistiske ideane om vidare russisk ekspansjon. Og til grunn for slik argumentasjon ligg eit normativt standpunkt, som eg sjølvsagt deler, om at den russiske politikken er illegitim og at Ukraina må kunna velja sin eigen veg, basert på prinsippa om folkerett og sjølvråderett. Problemet med å lena seg på prinsippa aleine er at dei maktpolitiske aspekta blir neglisjert. Og dei maktpolitiske realitetane har nyleg vist seg: Nato vil ikkje stenga luftrommet over Ukraina, og den ukrainske presidenten Zelenskyj vart rasande. Nato kan rett og slett ikkje hjelpa Ukraina militært, utan risiko for å utløysa atomkrigens ragnarok.
Same korleis ein ser på dette: Putin aleine har ansvaret for krigen og den katastrofen som har oppstått. Ingen kan vera heilt sikker på kva Putin sine planar var i utgangspunktet. Kanskje dialogstrategien var urealistisk, kanskje dei som stod på den andre sida i diskusjonen vurderte krigsrisikoen feil. Det vi kan håpa på nå, er at kombinasjonen av presset frå den russiske opinionen og stigande misnøye frå dei politiske og økonomiske elitane, kan føra til Putins fall. I mellomtida kan vi ha «eit varmt hjarta og ein kald hjerne», som det gjerne blir sagt. Støtta det ukrainske folket og dempa polariseringas logikk, som gjer oss alle dummare.