Terningkast 0: På spor etter Lars Berg

Av
DEL

BOKANMELDELSE Jan Olav Gatland:
Lars Berg. Rikspornograf og kulturforkjempar
Samlaget 2020
Oslo 2020

Så kom biografien om Lars Berg (1901-1969). Den er skrive av ein grundig Jan Olav Gatland. Men mannen i frå Buvika var meir enn forfattar.

Lars Berg skulle alt i mellomkrigstida bli kjent som ein av dei dristigaste forfattarene i Noreg. Alt med dei to fyrste bøkene, Men det var det ingen som visste (1934) og Du er den første kvinne (1935), kom eit varsko om at Berg ville slå eit slag for småkårsfolka. Det var med kraft og mot han sjokkerte lesarar, han skreiv om erotikken på ein så saftig måte at romanane blei kalt «svinbøker».

16. mai 1901 kom Lars Berg til verden, som nummer fem i syskenflokken. Mora Olufine (f. 1869) var frå Buvika og faren Emil (1866) frå Lysbotn. Foreldra var tiltaksame, og Lars fekk tidleg vera med på fiske. Emil var venstremann, men då Alfred Eriksen sin radikale politikk fekk vind i segla ved inngangen til 1900-talet, melda han seg inn i Arbeiderpartiet. Foreldra dreiv garden godt. Men alt var ikkje harmoni, og her kan den komande forfatteren ha oppdaga noko: Olufine var vakker og omsverma, og det meir enn Emil likte. Foreldra var kristelege, men ikkje fanatiske. Ein gong rømde den skuleflinke guten heimen, og kom seg ut til Sommarøy der faren lå med fiskeskøyta Havegga. Han blei skyssa heim, men seinare fekk han vera med som «mann» til Bjørnøya, Svalbard og lofotfiske. Salte replikkar mellom mannfolka om bord sat i språket i dei romanane som Lars Berg skreiv, som i Vi må ro i natt (1951).

Små og store hendingar frå oppveksten kom til å prege Lars Berg til han stupte i fjøra ein januardag i 1969. Mykje handlar om læraren og fiskaren, og i det store menneskelivet kjem erotikken som ei veldig kraft som både kan forsterke og forendre lagnaden.

Bylgjene frå bøkene gjekk høge; ei lærarinne i Tromsø vart så sint at ho måtte vaske hendene sine etter å ha lese dei fyrste sidene i debutboka. Andre var så forbanna at dei brant boka med hovudperson Tor Sollid før dei var komne halvvegs. Med den andre boka om Einar Utnes gjekk det ikkje betre. Lærar Einar utviklar seg til ein Casanova, og sume spøker med at dette må vera ein sjølvbiografi. Lars Berg hadde utvandra til Oslo, og som radikal forfattar frå «midnattsyndens land» himla mange med auga og tenkte sitt.

17 år gamal kom han inn på Solhov ungdomsskole. Han tok no til å skrive. Han engasjerte seg i målsaka og fatta interesse for sosialismen. Etter lærarskolen vart han lærar i Bø i Vesteraalen 1922-1923, vart skulda for udugleik og vantru og dro vidare til Bjørke i Ørsta kommune kor han var eitt år. Frå 1924 til 1934 virka han som lærar i heimkommunen. Alt gjekk ikkje like enkelt. Han blei skulda for utuktig omgang med ei gift lærarinne. Han vart dregen for retten, men vart frikjent i 1928. Røynslene tok han seinare med seg i diktninga. Han las mykje og skreiv om sine favorittdiktarar Olav Duun og Kristoffer Uppdal i Nordlys. Livet var slett ingen dans på roser for Berg fekk tuberkulose og måtte leggjas inn på sanatorium. Frisk vart han, men på ny ei ulukke då han reparerte eit fotoapparat. Ein splint gjorde at han mista synet på eine auget. Hardhausen skreiv, gjekk til politikken for Hillesøy Arbeiderparti og slåss for småfolka. Røynslene frå denne tida tok han med seg til romanen Og landet tok til å leve (1939).

Lars Berg engasjerte seg i mykje, målmann, politikar, agitator og aktivist med usedvanlege kontaktar. Gatland har fått med seg mykje av alt dette, men bruker vel mykje plass på å sitere frå mottaking og omtale av dei 12 romanane. Det hadde vore betre om han ga si eiga tolkning, og i 2020 freista sjå kva bøkene kan ha å seie i dag.

Berg fekk vener i arbeidarrørsla, og ein av dei var dramatikaren og kritikaren Olav Dalgard (1898-1980) som diktaren støtta seg til i vanskelege tider. Men biskop Berggrav skreiv i sinne om Berg og bøkene.

Andre verdskrigen kom som ei ytterlegare last på ein forfattar som var motstandar av nazismen, vart torturert og sendt på Grini.

Kampen for Hålogaland Teater starta like etter krigen. Under opphaldet på Grini hadde han møtt folk som fekk mykje å seie, serleg skodespelar Jack Fjeldstad. I 1956 gjekk han med på å bli teatersjef, utan teater. Men Hålogaland Teaterselskap var i gang. Berg brann i dei komande åra så mykje energi for teateret at det er eit drama i seg sjølv. I tromsømiljøet fans fornemme motstandarar, og når ikkje ein gong Ap-statsråd Bergersen kunne støtta saka, trøytna han: «Jeg har bare kjempet. Arbeidd i snart ti lange år. Storparten av tida aleina. Tru meg, jeg har grått, så aleine har jeg vært.(…)Jeg er trett. Jeg er sår. Jeg er ulykkelig…» skriv han til venen Thor Gravdahl i 1963. Teaterstriden hadde fortent breiare dekning, for dette gjekk både ut over forfattar- og familieliv. Til all lukke har Jens Harald Eilertsen skrive frodig om noko av det i Teater utenfor folkeskikken (Orkana 2004). Lars Berg lå i jorda då teateret fekk sitt fyrste statlege løyve, i 1970.

Det hadde hjulpe Berg å ha forfattarvener i Sverige, t.d. Vilhelm Moberg. Han fekk lesarar i Sverige, men også så gode kameratar at han blei svartelista av Systembolaget. Elden i han var stor, han krevda at NRK måtte laga program om kvenane og samane. Ja, samane måtte få eit eige teater, «Denne vesle nasjonen er ei gåve til Noreg, Sverige og Finland».

Det var fleire sigrar i Lars Berg sitt liv. Lars Berg gifta seg med Aud Norvåg (1924-2005) i 1947. Dei fekk seks born til stor glede. Var livet krevjande for forfattaren og læreren, var det ikkje ei mindre prøve for Aud som måtte halde eit auge med mannen som var ein råtass, i arbeid og det han skreiv.

Jan Olav Gatland fortener blomar for dette arbeidet. Men eg lukkar boka med ei kjensle av at vi slett ikkje er ferdige med Lars Berg, og alt det han stod for.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken