For to veker sidan var eg i kontakt med ein ukrainsk kollega i Kyiv, og for ei veke sidan diskuterte eg med ein russisk kollega i Tromsø, ein som forsvarer krigen. Desse to utløyste eigentleg dette innlegget. Den sistnemnde provoserer, også på Facebook (‘overgrepa er frå ukrainsk side mot Donbass, dei er høgre-ekstremistar, Ukraina er eigentleg ikkje ein stat, det er istaden Vesten som bombar diverse land, krigsscenar på TV er falskneriar som viser ukrainske bombingar av sivile i Donbass’). Den førstnemnde avslutta siste mail med ‘We will never surrender’. Kva slags ideologi har dagens leiing i Russland, og kva er drivkreftene attom det forferdelige vi ser på skjermane kvar dag?

Putin sa at Ukraina ikkje fortente å vere eit eige land, at det ikkje skulle styrast av narkomane fascistar og nynazistar, og at Russland skulle fjerne juntaen. Russland/Sovjet har ei stolt historie i kampen mot nazistane under krigen, og ordet fascisme og nazisme sit i ryggraden hos folket, som avskyr desse orda, og som det derfor er virkningsfullt å bruke. Det har vore gruppar av nynazistar både i Ukraina og Russland. Det ultranasjonalistiske partiet Svoboda, anklaga for å ha fascist-sympatiar, var aktive under Maidan-opprøret i 2014, men har no berre eitt av 450 seter i parlamentet i Ukraina. Zelenskiy leier eit breidt og Europavennleg sentrumsparti med 242 seter. Ukraina er langt frå fascistisk, men kva er eigentleg fascisme?

Ser ein gjennom ulike kjelder som definerer fascisme, er kortversjonen at det er eit valdeleg forsvar for det beståande, både av rikdom og tradisjonelt samfunnssyn. Fascismen er ultranasjonalistisk, og ser sitt folk som overlegent i høve til ikkje-europearar, med nazismen som ein ekstrem variant. Den er imperialistisk gjennom å ville erobre andre land sine territorier. Den undertrykker representativt demokrati, ytringsfridom og opposisjon, liberale idéar og det dei kallar dekadanse med sterk politisk vald, og brukar brutal demagogi, løgn og dyrking av styrke manifestert gjennom ein førar-liknande, allmektig leiar. Eit etablert næringsliv sikrest makta i samfunnet på bekostning av frimarknadskapitalisme. Fascisme brukest sjeldent om liknande samfunn med kommunistisk merkelapp, som t.d. Stalin sitt diktatur, men om sterkt høgreorienterte statar med desse kjenneteikna.

No er det Putin sitt eige styre som følgjer kriteria over. Ein symbolsk demonstrasjon av eige allmakt var då han irettesette sin eigen sikkerheitssjef for open skjerm, ein som stod som ein nervøs skolegutt, svarte feil, og blei bedt om å gå attende til stolen sin. No har Putin gått til full krig mot Europas nest største land, med fem millionbyar og totalt 33 byar som er større enn Trondheim!! Det er så primitivt og motbydeleg at eg har ikkje ord.

Då Sovjetunionen braut saman tidleg på 90-talet, blei det kaos og krise, og folk og styresmakter i Russland og dei andre tidlegare delane av Sovjet følte seg audmjuka. Det er nok ein del grobotn for ønsket om å revansjere seg og gjere Russland mektig att. Tyskland blei audmjuka etter 1. verdskrig og knakk saman av krigsgjeld. Også Hitler fekk folkeleg støtte på 30-talet då han ville ha revansj og styrke Tyskland. På 30-talet var det makta og rikfolka i Italia og Spania som skulle forsvarast med fascistisk vald mot truande sosialistar og kommunistar.

Det er ikkje økonomien i Sovjetunionen Putin saknar. Etter samanbrotet gjekk dei store fellesressursane frå staten over til private gjennom ran og gavar innan eliten. Den rikaste prosenten i Russland eig 2/3 av alt, og det er høgare sosial skilnad der enn i noko anna land. Inntektsskatten er flat og på 13 %, og aukar til kun 15 % på inntekter over 5 mill. rubel (ein rubel var c. 12 øre før krigen). Dei har minimumsløn på ca. 1200 NOK pr. mnd., har riktignok mange feriedagar og betalte helgedagar, men 14 % fattigdom iflg. eigen statistikk. Med eit slikt skatteregime for dei rike blir det ikkje mykje til sosiale velferdsordningar og offentlege utgifter, men desto meir verdiar som oligarkane kan eksportere og investere på diverse lyssky stader i utlandet. Russland har vore eit land på ytre høgre side i politikken, ikkje minst i økonomien, og det har vestlege politikarar som Trump og Le Pen oppdaga for lenge sidan.

Putin har hatt folkeleg støtte og er blitt vald, men sementerer dette med makt, ikkje minst i massemedia, der opposisjonelle nøkkelpersonar har blitt likvidert, og i politikken blir rivalar kasta i fengsel. Meiningsmotstandarar blei nettopp stempa som forrædarar og som fluer ein skal spytte ut, og loven om ‘utanlandske agentar’ har vore der i fleire år.

I Russland idag er det oligark-økonomien, nasjonen si makt og eit tradisjonelt samfunnssyn, med t.d. lov mot ‘homofil propaganda’, som skal forsvarast. Også Vesten har oligarkar, og det har ikkje vore mykje fokus på dei russiske formuane før no under sanksjonane. Motstanden ligg heller latent blant millionar av fattige og blant intellektuelle i Russland. For å kanalisere dette i ei anna retning byggjer ein opp den nasjonale storheitsfortellinga på nytt. Russland er verdas største land, så ‘stort’ er reelt i mange samanhengar. Men landet skal løftast opp att som mektig. Sjølv idretten brukest til dette, og då er også juks tillate. Ein fokuserer på ytre fiendar både i samfunnssyn og i maktstruktur. Då blir eit liberalt vestleg demokrati med rom for kritiske røyster, motstandaren.

Og NATO blir ein definert aggressiv fiende. Vesten og NATO har også sin del av urettferdige og aggressive krigar på samvitet. Men det er vanskeleg for leiarane i Russland å akseptere at land som Latvia og Polen faktisk sjølv har vald å søke medlemsskap i NATO. Det er vanskeleg å akseptere at ukrainarane også før krigen ville ha eit samfunn som likna på Vesten og ikkje på Russland. Putin sa at samanbrotet av Sovjetunionen var den største geopolitiske katastrofen på 1900-talet, han rangerer det over 1. verdskrig, utruleg nok over 2. verdskrig, over atombombene brukt over Japan. Så sterkt drøymer han om makt og storheit.

Kanskje Putin ikkje primært er psykotisk? Kanskje han prøvar å sikre privilegiane til seg og sine med alle midlar – ‘bruke vald for å sikre det beståande’? For å få folkeleg støtte syner han til ytre fiender. Å sikre Russland Krim og dei to austlegaste fylkene i Ukraina er ei sak som truleg har brei folkeleg støtte i Russland, i motsetjing til total krig med Ukraina. Ein lynkrig som hadde lukkast med det ville ha vore ein fin opptakt til valkampen om to år. Men her han han misrekna seg.

Min andre kollega, han frå eit universitet i Kyiv, fekk historia om den russiske fiskaren frå båt ved kai i Tromsø, som gav 5000 kr (over 4 minimums-månadsløner) til ein ukjent hamnearbeidar for at dei skulle gå til hjelp til Ukraina. I retur fekk eg videoar der folk i to byar som var okkuperte av russarane, demonstrerte mot dei. Dei gjekk ubevæpna mot russiske soldatar som rygga og skaut i lufta. Eit-par dagar seinare kom videoane på norske massemedia. For mange år sidan snakka eg med ein vietnamesar som hadde vore aktiv i frigjeringskampen der. På bakken var det vietnamesarane som hadde noko å kjempe for og som hadde styrke i møtet med amerikanarane, som ‘berre hadde blitt sendt dit’. Slik er det i Ukraina også.

Overdrivest framstillinga av det valdsbaserte Russland ovafor, er stoda istaden militære unntakslovar, slik at det heile vil mjukast opp når krigen er over? Ukraina har nettopp forbode politiske parti av leiarar som har flykta til Russland og derifrå aktivt oppmoda ukrainarane til å overgje seg. For Russland sin del trur eg diverre det ikkje er så. Putin har drive det altfor langt, tapt fullstendig på den internasjonale arenaen, taper innan økonomien og tapt det første stadiet i krigen. No er det blind avstandsbombing og beleiring som er hovudtaktikken, paradoksalt nok lik det dei tyske nazistane gjorde i Leningrad under 2. verdskrig, og som hans eigen familie blei offer for.

Før eller seinare kjem bileta av alle dei utbomba boligblokkene hos brorfolket fram til den breie russiske opinionen, og då har han tapt der også. Det vil han forhindre med alle midlar, slik at det russiske folket diverre kan forvente seg endå meir undertrykking i framtida. Løgn brukest systematisk, sjølv dei mest horrible, som at det er ukrainarane som bombar seg sjølv, jfr. teatret i Mariopol. Det er uforståeleg truleg at folk med tilgang til alle massemedia her i vest og i stillingar som skal søke fakta, kan tru på slikt.

Det er skremmande å skrive at vårt naboland no er eit fascistisk diktatur, dei som sjølv bruker denne merkelappen om motstandarane. Eg har ondt av dei mange russarane som innser at også deira eige land blir lagt i grus, politisk, økonomisk og moralsk, og eg har sjølv sett russarar her i Tromsø som har brista i gråt på open gate i kombinasjon av skam og sinne. Men det er i Ukraina at den ufattelege valden går før seg, den som vi ser på skjermane våre heile tida og som opprører oss til hjarterota. Motstandskjemparane i Ukraina er heltane, og dei vil tvinge Putin til forhandlingsbordet. Men det er skremmande å ikkje vite kva tid det skjer og korleis nederlaget hans vil gå føre seg.