Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.
Så har dei fleste av oss feira jul slik vi ville ha ho. Jula med tradisjonar, gode og såre stunder, med og utan religiøst innhald. Det er opp til kvar og ein av oss kva vi legg i jula. Mange ynskjer å koma inn i kyrkja på julafta og høyra juleevangeliet og syngja kristne julesongar, eller berre kjenna på ro og fred som ein finn i kyrkjerommet. Mange har større glede av Disney og Tre nøtter til Askepott. Det er vårt valg, og ingen skal få ta frå oss vår juleglede. I kyrkja eg var på julafta, fekk vi begge deler. Etter julebodskapen og julesongar, avslutta organisten med å bruka den vakre gamle melodien frå Tre nøtter til Askepott som postludium.
Likeså sikkert som at jula kjem, så les vi ulike debattinnlegg om jula og kven som eig ho og kva som er sant og kva som er løgn. For jula har vi alle ei meining om.
Human-Etisk forbund kjem med sitt. I år skal dei få ros for innlegget sitt. «God jul til deg – uansett hva og hvorfor du feirer», er deira overskrift. Dei oppfordrar oss til raushet og til å gled oss over mangfaldet og tradisjonane i landet vårt. Takk til leiarane i Human-Etisk Forbund i Nordland, Troms og Finnmark for kloke ord.
Vikarprest Knut Sand Bakken kjem med godt innlegg med fakta om både Grundtvig og B.S. Ingemann. Og får oss til å tenkja og stilla spørsmål om både jula og livet vi lever i pandemien.
Så kjem skribenten Hallvard Birkeland med innlegget sitt med overskrifta: «Eventyret om Jesus-barnet.» Han insisterer på at skulle vi no koma til å lesa opp juleevangeliet, så må vi hugsa å presisera at dette er eit eventyr, og ingen ting anna. Det er berre tull og vas, og Jesus var då ikkje fødd på 24.desember. Dette må skribenten gjerne meina, men ikkje framstilla det slik at det er det einaste sanne.
Kven er så eg som har rett til å uttala meg? Eg er mor og bestemor og pensjonert lærar etter 40 år i skulen. I alle åra som lærar i barneskulen var det med stor glede eg fortalte til elevane om Josef, Maria og Jesusbarnet. Barna sat som tente lys, dette er ein spanande historie. Kanskje tok vi fram flanellografen til hjelp. Figurane var så gamle at eselet hadde mista eine foten. Men det gamle eselet bar gravide Maria på ryggen fram til Betlehem.
Korleis presenterer vi dette for elevane? Vi seier i alle fall ikkje at no skal vi fortelja eit eventyr. Vi er då profesjonelle pedagogar. Eg tok gjerne med meg ein Bibel, og fortalte at denne boka tilhøyrer ein religion som heiter kristendommen. I denne boka står historien om Jesusbarnet, og dei som er kristne trur på det, og mange andre trur ikkje på det. Dette forstår elevane heilt ned i første klasse. Dei forstår at dette er viktig for dei som vil ha eit kristent preg på jula si. Dei veit og forstår at mange feirer jul utan å tenkja på Jesusbarnet. Sjølvsagt lærer dei og om andre juletradisjonar som ikkje er knytta til religion.
Vi sang også Jeg er så glad hver julekveld, for da ble Jesus født. Dette sang vi ikkje for å forkynna, men fordi det er ein del av den norske kulturarven. I same timen sang vi også På låven sitter nissen og Bjelleklang.
Også i år la Kongen vekt på kulturarven i talen sin. Han sa at det som gjev oss indre styrke finn vi i der. Kulturarven er så mykje, også juleevangeliet og kristne julesongar. Kulturarven skal gje oss ballast med på vegen. Så tek vi valg ut i frå det vi har fått med oss.
Vi går inn i eit nytt år med fridom til å skriva og sei det vi meiner. Men og, som Kongen sa, ta oss tid til å lytta for å forstå andre.
Mange har nok ei julekrybbe som snart skal pakkast bort. Men ganske sikkert kjem ho fram neste jul, med eller utan religøse tankar.