For to veker sidan skreiv arkitekt Gaute Brochmann eit innlegg i Nordnorsk debatt, der han nok ein gong gjekk hardt ut mot flyplassplanane i Bodø. Som Brochmann skriv, er forutsetningane for prosjektet svært endra. Rullebanen treng ikkje flyttast, befolkningsveksten er mindre enn venta og den økonomiske situasjonen i Noreg gjer at staten må nedskalera store infrastrukturprosjekt.

I eit motsvar kort tid etter slår regiondirektøren i NHO Nordland, Daniel Bjarmann-Simonsen, tilbake og forsvarer prosjektet. Han kan fortelja oss at Oslo-borgaren Brochmann tek heilt feil. Ny by – ny flyplass har nemleg aldri handla om flyplassen.

Dette føyer seg fint inn i mønsteret med stadig endring av argumentasjon for flyplassprosjektet. Frå starten av var ein av dei viktigaste grunnane til prosjektet at me uansett måtte bygga ny rullebane. Ein såg òg føre seg ein folkevekst på mellom 33 og 55 tusen fram 2065. Prosjektet har i tillegg vorte framstilt som eit klimaprosjekt i lang tid, og reduksjon av flystøy har vore eit viktig argument. Ny by – ny flyplass har heile tida hatt fleire gode sider, men ulempene og alternativa har i liten grad kome fram. I løpet av dei siste åra har i tillegg forutsetningane endra seg mykje.

I 2020 laga Avinor ein rapport som viser at det er fullt mogleg å renovera rullebanen slik at han oppfyller alle krav og funksjonar. Rapporten seier mellom anna at “Løsningen vil også være tilfredsstillende for fremtidig kapasitetsbehov.”, og kostnaden for ei slik løysing er estimert til rundt éin milliard kroner, altså 15% av prisen for bygging av ny flyplass.

Asplan viak vurderte alternativa for flyplassflytting og byutvikling i ein rapport i 2015. Der la dei til grunn ein folketalsvekst som skulle føra til 89 900 innbyggarar i Bodø i 2065, medan SSB estimerte 82 500 på same tid. Begge deler har allereie i 2022 vist seg å vera altfor optimistisk, der reellt folketal er 52 800 mot estimerte 54 400 og 53 800. SSB har derfor justert estimatet sitt til 59 000 innbyggarar i 2065. Det er ein enorm forskjell.

Dei siste åra har det vore populært å framstilla prosjektet som eit klimaprosjekt, sidan den nye bydelen skal vera “en lekegrind for forskning og utvikling på løsninger for fremtidens nullutslipps-byer”, som Bjarmann-Simonsen skriv. Sjølv dersom me går ut frå at denne bydelen ikkje slepp ut eit gram CO₂, og at alt folkevekst i Bodø vil skje her, vil aldri denne gevinsten verta større enn utsleppa knytt til bygginga av ny flyplass. Ny by – ny flyplass er altså eit tapsprosjekt for klimaet.

Flyttinga av flyplassen vil i fyrste omgang flytta flystøysonen bort frå mesteparten av dei etablerte buområda i byen, noko som er ein stor fordel. Likevel vil halvparten av buareala i den planlagde bydelen ligga i flystøysone, og med ein høgare konsentrasjon av folk, er det god grunn til å tru at om lag like mange vil bu i flystøysonen i ei tenkt framtid, som det er i dag.

Som me ser, har altså grunnlaget for prosjektet smuldra opp i løpet av dei siste åra. Dei einaste fordelane som står igjen er reduksjonen av flystøy og moglegheitane til ei kompakt byutvikling. Med teknologiutvikling i luftfarten og målsettinga til Avinor om elektrifisering av innanriksflya innan 2040, er det all grunn til å tru at støysituasjonen vil endra seg stort dei neste tiåra. Ei alternativ byutvikling langs kysten sør for flystripa vil gje heilt andre kvalitetar enn den samanhengande utviklinga på flata, både på godt og vondt.



Ei byutvikling sør for flyplassen har ikkje vorte vidare vurdert sidan 2015. Vurderingane då var mangelfulle, og mykje av kunnskapen som låg til grunn for desse har endra seg. Som eg skreiv om i Avisa Nordland 27. mars, er det svært mange fordelar med eit slikt alternativ. Ulempene finst sjølvsagt òg, men det er ikkje gjort nokon totalvurderingar av dette basert på oppdatert kunnskap. Bjarmann-Simonsen påstår f.eks. at areala sør for flyplassen ikkje kan brukast til byutvikling på grunn av støy, sjølv om minst 500 dekar ligg utanføre flystøysonen.

I innlegget til Bjarmann-Simonsen skriv han mellom anna om Bjørvika-tunnellen i Oslo som var eit lite lønsamt prosjekt, men likevel vart bygd ut, blant anna for at byen skulle ta sjøen tilbake. Det same skjer no i Sandvika, Trondheim og fleire andre stader. I Bodø gjer me det motsette, her skal me bygga ned kilometervis med kystlinje og stenga oss ute frå sjøen i sør. Kva er logikken hans? Jau, dersom Oslo skal sløsa med pengar, skal jammen Bodø gjera det òg!

Eg meiner heilt klart at Ny by – ny flyplass vil verta ei stor ulukke for Bodø. Kommunen skal garantera for ein stor del av utbyggingskostnadane, men risikerer å stå med enorme tomteareal som dei ikkje får seldt. Rekninga vil då gå til innbyggarane, noko me har fått eit ein forsmak på i vår. Den største skaden er likevel nedbygginga av tre kilometer kystsone med sandstrender, viker og svaberg, eit område som då vert øydelagt og bandlagt for all framtid.

I løpet av 60 år har Bodø opplevd ei rivande utvikling, og både Hernesskagen, Nyholmen, Burøya, alt av kyst mellom Rønvikleira og Langstranda er bygd ut. På to-tre generasjonar har me altså bygd ned tilnærma alt av bynær kyst i Bodø, slik som i dei fleste andre byar i Noreg. Bodø står likevel i ei særstilling, sidan fleire kilometer med kyst ligg tilnærma urørd på sørsida av rullebanen. No er det på tide å la noko ligga til generasjonane som kjem etter oss.