Gå til sidens hovedinnhold

NRK, Nordlys og klimaangsten

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Sidan Nordlys ser ut til å meine at NRKs hovudbidrag til klimadekninga i valkampen var å spre klimaangst, bidrar vi med nokre fakta og nyansar om NRKs dekning.

Klima blei ei av hovudsakene i valkampen etter framlegging av FN-rapporten i august. NRKs dekning har i all hovudsak handla om politikaranes forslag til løysingar. Altså klimapolitikk, ikkje klimaangst.

Norge har forplikta seg til å halvere klimagassutsleppa innan 2030 og ytterlegare kutt etter det. NRKs partileiardebatt under Arendalsveka spurte: Korleis skal partia innfri forpliktelsane, og kva blir følgene for folk? Det har vore den redaksjonelle linja gjennom valkampen.

Vi har debattert leitestans, CO2-avgift, karbonfangst og lagring, vindkraft, vindkraft til havs, kjøttforbruk osv. Det er laga ein masse radio- og tv-saker og skrive enda fleire nettsaker om klima. Ei av sakene handla om ei kvinne som vil sterilisere seg i frykt for klimaendringane. Det er her Nordlys kjem på banen, og peikar ut NRKs klimaredaksjon som "skurken i historia" (klimaredaksjonen hadde for øvrig ingenting med akkurat denne saka å gjere, og det er ei kvinne som har snakkar om sterilisering, ikkje fleire som Nordlys skriv, men pytt).

Poenget er at det ikkje er dette klimadekninga i NRK har handla om. Fenomenet «birthstrike» - som det blir kalla internasjonalt - er marginalt, og har derfor fått ei marginal dekning i NRK i valkampen. Og det er ok, ei nettsak om sterilisering, og ei om ei kvinne som vegrar seg for å få barn.

Hovudfokus i valkampen hos NRK har vore journalistikk om klimapolitikk, ikkje klimaangst. Så kan ein sjølvsagt diskutere om klima fekk for stor plass i forhold til andre saksfelt, men det er ein litt annan diskusjon.

Nordlys har også hevda at NRK ikkje forstår heile landet. Til det må det vere lov å påpeike at NRK, i motsetning til Nordlys, har journalistiske miljø over heile landet. Og desse miljøa har ytt avgjerande bidrag til NRKs valdekning. Både for planlegginga og gjennomføringa, både på riksplan og lokalt, både om klima og anna.

Mellom anna har NRK gjennomført meiningsmålingar med representative utval i samtlege nitten valdistrikt. Det har gitt massevis av journalistikk. I nord gav målingane tidlege signal om Pasientfokus i Alta sin sjansar. Til dømes. Og målingane bad om svar på utfordringane ved å fly mindre i ein region med begrensa kollektivtilbud.

Slikt bidrar forhåpentleg til ei betre forståing av det som rører seg. Og grunnlag for meir enn synsing.

Kommentarer til denne saken