Det blir difor direkte feil når Nordlys ved journalist Tone Angell Jensen i sin kommentar 10. desember hevdar at Noreg har lempa pengar til Brasil som ikkje verkar. Noreg har samarbeidd med Brasil sidan 2008, og i denne perioden har Brasil spart atmosfæren for om lag 5 millardar tonn CO2. Det tilsvarer meir enn 70 år med norske utslepp. Sjølv om avskoginga i Amazonas no er aukande igjen, er CO2-nivået i atmosfæren lågare enn det elles ville vore om ikkje Brasil – med støtte frå Noreg – hadde redusert avskoginga kraftig. Avskoginga no er faktisk framleis lågere enn den var i året før partnarskapet starta.

Journalist Angell Jensen hevdar vidare at Riksrevisoren førebels har stogga utbetalingane til korrupte politikarar i Brasil og til postkasseselskap i Panama. Påstandane er feil og vitnar dessutan om at journalisten ikkje har forstått det viktigaste prinsippet bak norsk regnskogsatsing: Vi betaler for resultat i form av redusert avskoging. Om Brasil ikkje leverer resultat, betaler ikkje Noreg. Det er regjeringa heilt uavhengig av Riksrevisoren som har valt å stanse utbetalingane til Amazonasfondet i 2018 og som no har frose fondet. Det har vi gjort fordi avskoginga auka og fordi sitjande regjering i Brasil endra viktige demokratiske prinsipp for korleis Amazonasfondet, som forvaltar dei norske pengane, skulle styrast.

Vidare har det ikkje vore eit einaste døme på misbruk knytt til dei norske pengar i Amazonasfondet. Og det har ikkje vore norske utbetalingar til postkasseselskap i Panama.

Derimot har Amazonasfondet sidan 2008 vakse til å bli eit internasjonalt anerkjent klimafond som mange land no prøver å kopiere. Dei norske pengane til Brasil vart mellom anna brukte til å styrke rettane og levekåra til urfolk og styrke lokale styresmakter sin kamp mot avskoging. Dei vart brukte til å kjempe mot skogkriminalitet og til å utvikle berekraftig landbruk og skogbruk. Det har Noreg har all grunn til å vere stolte over. Og dersom Brasil igjen får kontroll på avskoginga i Amazonas, er vi klare til å fortsetje samarbeidet. For utan regnskogane finst inga berekraftig framtid for planeten.