Dei siste to regjeringane har ført norsk elkraftsituasjon inn i eit sørgjelig uføre. Dette byggjer på tre hovudfaktorar:

1: Solberg-regjeringa vedtok med støtte frå AP å leggja norske elkraftresursar i hendene på ACER (2018). Noreg kan etter det ikkje velja å halda tilbake kraft til eige bruk.

2: I 2021 let regjering og Storting setja i drift nye kraftkablar både til Tyskland og Storbritannia. Desse nye «motorvegane» for elkraft auka kapasiteten med over tjue TWt (Terawatt-timar) i året. I praksis er nå det sørnorske kraftnettet fullt samankopla og samkøyrt med Storbritannia og Tyskland/EU sine nett.

3: Den norske kraftproduksjonen på ca.120-140TWt i året er småtteri mot kraftproduksjon og forbruk i Europa. Det norske tilskotet av elkraft har altså ingenting å seia for prisnivået (Noreg sin rekordhøge nettoeksport var i 2021 bare 17.6TWt).

Som følge av dette blir prisen på norsk kraft i røynda fastsett etter auksjonsmetoden, der Nordpool fungerer som ein virtuell auksjonshall. Her blir også elkraft frå andre land, inkl. Tyskland bydd fram. Resultatet er faktisk at dei som sel krafta til deg og meg, må by på og så kjøpa tilbake den norske elkrafta på ein europeisk auksjon (og tilsvarande i Storbritannia). Sidan vesle kraft-Noreg som sagt er ein sporv i tranedans i europeisk samanheng, blir prisnivået ganske enkelt europeisk.

Dette blir tydelig når me ser på det nordnorske prisnivået. Det er for liten kabelkapasitet mellom Nord- og Sør-Noreg til at nordnorsk kraft kan nå fram til ‘auksjonshallen’ Nordpool. Ingen må la seg lura til å tru at prisnivået i Sør-Noreg vil gå ned dersom nye kablar vert bygde mellom sør og nord. Det einaste som vil skje er at kraftprisen i nord vil bli bortmot ti-dobla.

Endå verre: Sidan dei to siste regjeringane har late EU-organet ACER overta styringa med norsk krafteksport, vil me nå risikera å måtta eksportera kraft heilt til vassmagasina går tomme. Naudbremsa har regjeringa gitt ifrå seg. Olje- og energiminister Terje Lien Aasland (AP) oppmodar nå kraftprodusentane å visa måtehald. Dette er ord utan innhald. Det er ikkje kraftverka som har ansvaret for tryggleiken for norsk kraftforsyning - det er det regjering og storting som har.

Me ser alt at land i EU (som Tyskland) nå tek nasjonale steg for å unngå straumstans. Dette må Noreg også gjera. Skal det bli styr på kraftproduksjon og kraftpris, så folk unngår straumstans i vinter, og industri, landbruk og tenestenæringar får levelige vilkår, må ACER-avtalen seiast opp. Når me nå ser på kor store innhogg ACER har gjort i norsk sjølvråderett og økonomi, er det klart at Stortinget sin metode med å vedta ACER med simpelt fleirtal, var grunnlovsstridig. Å seia opp ACER-avtalen kan derimot gjerast med simpelt fleirtal.
Sett i gang!