Gå til sidens hovedinnhold

Noreg er i fanget på USA, militert og ideologisk

Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.

Den farlege norske spenningsdrivande militarismen aukar i takt. Noreg si tilknyting til USA-doktrinen om å halde på den globale dominansen, spesielt militert gjer at "me" flyttast stadig lenger inn i USA og Nato sine grep. Eit grep som kan verte katastrofal for Noreg som potensiell slagmark mellom ei desperat stormakt som kjenner seg hegemonielttruga av spesielt Kina, men og Russland, vår nabo i Aust. Den til no nest siste "spikaren i diplomatiet" er vitjinga av dei 4 usanske bombeflya B1--B Lancer på Ørland flystasjon. I tillegg har me no vitjinga av den reaktordrevne usanske ubåten, USS New Mexico, til sivil kai ved Tønsnes i Tromsø. Det vert fleire vitjinga og ubåtane kan ha atomvåpen ombord. Ingen veit dette sikkert fordi dei vert ikkje inspisert slik norske styresmakter kan, men dei vil ikkje.

I april i år gjekk regjeringa inn for at det inngåastein forsvarsavtale som opnar for usanske investeringar, soldatar og utstyr på fleire områder i Noreg. Avtalen gjev usanarane større spelerom på norsk jord og er endå ein spikar i kista til den norske basepolitikken, om avtalen vert vedteke. I så fall, farvel til sjølvstendig norsk basepolitikk! Vil norske politiske storheiter som Einar Gerhardsen (AP) og Jon Lyng (Høgre) snu seg i grava no?

Norske styresmakter har delteke i USA- og Nato-leia krigar fordi dei fryktar at Nato elles ikkje vil kome Norge til unnsetnad dersom "me" skulle verte utsett for åtak eller truga. Gjennom Nato-medlemskapet deltek Norge også i organisasjonen sin atomvåpenstrategi. Atomvåpen betrar ikkje norsk tryggleik, og bruk av atomvåpen vil årsake umenneskelege lidingar. Atomvåpen må difor avskaffast med forbod! Heller ikkje det å skrive under på det internasjonale forbodet mot atomvåpen kan Noreg vera med på. Både fleirtalet i Stortinget og regjeringa er så "på knea" for USA og Nato at dei torer ikkje gjera nokon rørsler i "opprustingsbåten" i det heile. Der må dei sitje dørgande stille og vente på ordrar.

Eg undrar ofte på om den veldig påfallande auke i usansk nærver militert på norsk jord nokon gong går opp for oss i tilstrekkeleg grad til at me som folk protesterar på det? Eller om me vil halde fram med å sove "tornerosesøvnen" vår til det vert for seint og det smell på norsk jord for alvor? For i ein krig kan slikt hende, og atomubåtulykker har hendt og kan hende på ny. Ingen grunn til å vera naive slik avisa Nordlys er det på leiarplass, 10. mai.

Berre tenk litt på dette og faren for krig: Verdas militerutgifter i rapport offentleggjort nyleg av sipri.org, viser at verdas statar brukte 1.917 milliardar dollar på «forsvar» i 2019. Med ei auke på 3,6 % som var den største sidan 2010. NATO-landa åleine brukte 1.039 milliardar dollar på det militere. Kan det seiast sterkt nok kor vanvittig prioritering av midlar dette er og kor farleg det er for freden?

Og at Norge ligg heilt i toppen i Nato-klassen når det gjeld forsvarsutgifter pr. innbyggjar, er det nok ikkje så mange som har fenge med seg: I 2019 hadde Noreg 1.384 dollar i forsvarsutgifter pr. innbyggjar. I dagens kronekurs tilsvarar det 11.473 kr. for kvar einaste nordkvinne/mann. Berre USA brukte meir. Hurra for Noreg som nestbest i Nato-klassen!

Likevel ivrar norske politikarar for å gje endå meir pengar til det militere! Spesielt Senterpartiet og Arbeidarpartiet i opposisjonen står veldig på for dette. Kva er det med oss norske kan ein spørje?

Det er også mange som ikkje er klar over at Nord-Europas største marinebase ligg omlag åtte kilometer utanfor Bergen sentrum. I den tett befolka bydelen Loddefjord rustast det no opp militert for 350 millionar kroner, m.a. med nye «ubåtfasilitetar». Dette er innhylla i hemmeleghald av tryggleiksomsyn. Det gjer at kystbefolkinga er uvitande og uførbreidde på det som kan kome. Det same kan seiast om dei styrande i Bergen.

Dei som bur og arbeidar i Bergen Vest, tett på marinebasen Haakonsvern, lever med ein høgrisikofare, som no også i Tromsø. Dei folkevalde påstår at Nato-basen Haakonsvern gjev innbyggjarane tryggleik. Men fleire og fleire er redde for at Nato-medlemskapet og dei allierte atomubåtane gjev det motsette, utryggleik!

Denne problemstillinga og heile situasjonen med auka militarisering i Noreg og Nordområda klarar altså Nordlys å koke ned til eitt for meg underleg og nerast reaksjonert utsagn (avisa sin leiar 10. mai): "Vi må ha to tanker i hodet samtidig, ikke miste hodet." Eg lurar felt på om ikkje avisa sjølv har myst hovudet no? Ei avis midit i der den "nye kalde krigen" kanskje vil utspele seg for alvor som ikkje torer å diskutera (berre bittelite grann) om Nato-medlemskapet er bra eller ikkje og om nedrusting som alternativ, er ikkje meiningar eg trudde om Nordlys. Eg trudde betre om avisa enn dette! Det er ikkje råd å ha to tankar med Nato/USA og Fred i hovudet samstundes. Det går ikkje verken logisk eller logistisk, Nordlys!

Som vist i historia så hender storkrigar ved jamne mellomrom, spesielt når kapitalismen er i krise og ressursar står på spel (1. verdskrigen; kamp om koloniar/ressursar, 2. verdskrigen; geopolitikk/ressursar). Kvifor ikkje ha to tankar samstundes som dette, Nordlys: Avspenningssamtalar og strategiske samarbeidssamtalar med Russland om Nordområda. Førebuing til desse samtalane kan vera, Nordlys: Få vekk atomubåtar frå norske hamner og Russland halde sine nye moderne atomubåtar rundt Kolahalvøya. Etter andre tilnermingar også, kan samtalane starte. Seinare kan reelle nedrustingssamtalar mellom USA og Russland byrje. Det hadde vore noko å skrive "heim" om det! Naivt vil Nordlys seie, einaste farbare veg vil eg seie.

Kommentarer til denne saken