Gå til sidens hovedinnhold

Nordlys, Finnmark – og Alta

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det er eit klart fleirtal, både i Troms og i Finnmark, som ønsker deling av det nye storfylket ved første høve. Finnmarkingane sa tydeleg frå i folkerøystinga i 2018, og i 2019 blei det ein overveldande valsiger for partia som hadde programfesta oppdeling. Eit stort fleirtal i fylkestinget står bak ein søknad om oppdeling, og søknaden ligg allereie i Kommunal- og moderniseringsdepartmentet.

Men i Alta kommune ønsker eit fleirtal av dei folkevalde, inkludert AP- og SP-folk, å greie ut om overgang til Troms kan vere aktuelt, når og viss oppdelinga fører til at det blir eit nytt Finnmark etter valet i september. Avisa Nordlys, som var regjeringa sin fremste støttespelar for å få den upopulære samanslåinga gjennomført, ser det som skjer i Alta som ein siste mulighet til å bidra til at folkeviljen i Troms og i Finnmark nok ein gong blir sett til sides.

Vel, ein kan jo ikkje melde seg ut av noko som ikkje finst, så uansett må kommunestyret i Alta vente til det er blitt eit Finnmark å melde overgang frå. Samtidig er det klart at viss folk flest i Alta ikkje lenger reknar seg som finnmarkingar, men som Troms-folk, så må vi i demokratiets namn respektere det. Og det er jo artig og tenke at Finnmarksløpet kanskje vil ha start og målgang i Troms - om nokre år?

Alle ser jo at dette med fylkesovergang for Alta kan bli ei langdryg affære. Da er det langt betre for Alta-folk som vil styrast frå Tromsø å “hive seg i kalosjan” og stemme Høgre (eller Venstre) i september. Det er berre ei fortsatt Erna Solberg- regjering som kan trygge eit fortsatt liv for storfylket. Og det er jo det som det eigentleg handlar om? Det kan nok smerte litt for AP- og SP-folk å stemme på Høgre, og sjansane for å lukkast er dessverre ikkje store. Men Nordlys-støtte, det kan dei nok rekne med.

Kommentarer til denne saken