Gå til sidens hovedinnhold

Nokre oppklarande ord om Lopphavet

Eit forslag om eit nytt marint verneområde i Lopphavet engasjerer. Engasjement er bra. No trur eg vi bør møtast, om ikkje anna gjennom kvar vår skjerm, for å snakke om Lopphavet. Då trur eg nok vi kan klare opp i nokon bekymringar, og kanskje vi kan finne løysingar saman.

Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.

Lopphavet er eit havområde med stor spennvidde i naturtypar. Her finn vi særprega fjordar, sterke tidevasstraumar, korallførekomstar og korallrev på djupt vatn. Området er også viktig for sjøfugl. Lopphavet er samstundes eit viktig område for mellom anna kystfiske. Vest-Finnmark Rådet er blant dei som har invitert meg til eit møte om forslaget som no ligg på mitt bord om eit nytt marint verneområde i Lopphavet.

Eigentleg har eg ønskja å dra på – eller i kvart fall til – Lopphavet ei stund. I desse pandemitider får vi dessverre nøye oss med å møtast via ein skjerm. Samstundes vil eg gjerne klare litt opp i ulike spørsmål som har vore drøfta i media knytt til denne saka.

Framleis lov å fiske i Lopphavet

Regjeringa la nyleg fram ei stortingsmelding som inneheldt planar for vidare arbeid med mellom anna marine verneområde langs kysten. Dette har gitt auka merksemd rundt eit viktig tema. Samstundes har ikkje alt som har vore skriven vore heilt presist. Når ein kan få inntrykk av at vanleg fiske innanfor eit verneområde eigentleg er i strid med internasjonale reglar, skjønar eg at mange i norske fiskerikommunar blir bekymra.

I norske verneområde er det norske vernereglar som gjeld. Eit grunnleggjande utgangspunkt er at det er verneføremålet og verneverdiane, altså dei naturverdiane vi særleg ønsker å ta vare på, som styrar kva som skal vere forbode og kva som skal vere tillate i eit verneområde. På havet er desse verdiane ofte særleg knytt til havbotnen. Det er ikkje vanleg å regulere fiske i vassøyla gjennom vernereglane innanfor eit marint verneområde. Berekraftig bruk av fiskeressursane regulerast hovudsakleg gjennom fiskerilovgivinga. Men for å ta vare på korallar og annan verdfull natur på havbotnen, kan det ofte vere naturleg å regulere bruk av til dømes botntrål innanfor heile eller delar av verneområde.

Eg vurderer det heller ikkje slik at det er noko motstrid mellom internasjonale og nasjonale reglar for vern til havs. Det er legitimt å ha ein debatt om særlege formar for fiskeriversemd, til dømes botntråling, bør vere tillaten i marine verneområde. Men kystkommunane treng ikkje vere bekymra for at det no er aktuelt med nye og inngripande tiltak for fiskeriverksemda i verneområda våre til havs.

Kommunane mister ikkje råderetten over eiga kystsone

Mister kystkommunane råderetten over områda i eigen kommune om dei blir verna,spør fleire. Eg skjønar spørsmålet, mensvaret er at sjølvsagt gjer dei ikkje det. Kommunane skal framleis drive kommunal planlegging i kystsona, og behaldar sitt ansvar etter anna lovgiving. Men dei må sørgje for at den kommunale forvaltninga også er i tråd med vernereglane.

I tillegg er det ei eiga forvaltningsstyresmakt for verneområdet, som til dømes skal avgjere søknadar om dispensasjon frå vernereglane, og som har ansvar for mellom anna skjøtsel av verneområdet. Dette kan vere kommunen sjølv, eit lokalt verneområdestyre eller Statsforvaltaren, Kven som blir forvaltningsstyresmakt for eit marint verneområde i Lopphavet, er eit spørsmål vi kan sjå nærare på saman.

Eg vil snakke om Lopphavet

Det føreslåtte verneområdet i Lopphavet er eit stort område. Dette er fordi det også er eit havområde rikt på naturverdiar, som spenner seg over større avstandar. Samstundes meiner eg det er bra at kommunane engasjerer seg i saka og kommer med forslag, også når det gjeld avgrensing av verneområdet.

Før vi tar ei endeleg avgjerd, ønsker eg å høyre nærare med både dei aktuelle kommunane og andre som har interesser i saka. Slik trur eg at vi kan rydde misforståingar av vegen og om mogeleg finne fram til gode løysingar saman.

Kommentarer til denne saken