9. november arrangerer Språkrådet Språkdagen. Då tenkjer eg det er ein god ide å reflektere litt over haldninga som du og eg har til språket vårt. Det mangfaldige, vakre og viktige språket norsk. Vi er ikkje mange her i verda som snakker norsk, så då er det ekstra viktig å ta godt vare på det, og ikkje minst, snakke det opp og nytte det der vi kan, anten det gjeld ei fagbok eller ein roman eller ein avisartikkel eller ein e-post. I tillegg til to skriftspråk på norsk, er vi så heldige her i landet at vi har tallause herlege dialekter. Nokon er til og med så heldige at dei også snakker samisk og har dermed eit enno rikare språkmangfald å ta av.

I Tromsø mållag er vi ikkje av den oppfatning at alle absolutt skal skrive nynorsk her i nord. Vi skjøner godt at det er blitt sånn at dei aller fleste skriv på bokmål. Det skuldest både kva vi har vore eksponert for via media og omgivnadane rundt oss og opplæringa vi har fått på skolen. Og kanskje også det vi har høyrt frå dei vaksne då vi sjølv var barn. For det er ikkje lett å byrje å skrive nynorsk når du har skrive bokmål heile livet. Sjølv må eg fram med ordboka stadig vekk når eg forsøker meg på ein nynorsk tekst. Slik som no. (This text is brought to you by Nynorskordboka and Lexin!)

Det som betyr mest for oss som jobber med målsaka i nord er haldninga til nynorsk blant folk flest. For den er ikkje utprega positiv i dag. Vi vil difor slå eit slag for alle gode tiltak som er med på å normalisere og ufarleggjere nynorsk. Du treng ikkje melde deg inn i mållaget. Du treng ikkje skrive nynorsk. Men det er fint om du kanskje kan tenkje at nynorsk er heilt greitt.

Det er ikkje lett å peike på ein enkelt faktor som har gjort at så mange synest nynorsk er vanskeleg og til og med stygt. Men eg vil anta at mange tenkjer tilbake på norsktimane på ungdomsskolen med raude strekar frå læraren og formaningar om a-infinitiv og sterke verb. Det er synd at det er blitt sånn. Og dessverre er det ikkje alle lærarar som er glad i nynorsk heller. Og då blir det vanskeleg for elevane å sjå språket med eit positivt blikk.

Det finns mange gode råd for å få eit betre forhold til nynorsk. For det første må ein prøve å ikkje sjå på nynorsk som vanskeleg. Sannheita er at bokmål og nynorsk ligg nærare kvarandre enn nokosinne. Sjølv vel eg alltid den forma av eit ord som ligg nærast mi eiga dialekt. Difor skriv eg ‘skole’ og ikkje ‘skule’, og ‘kaster’ i staden for ‘kastar’. Og då blir det ikkje så vanskeleg. No er eg så heldig at eg kjem frå ei bygd der ein seier ‘eg’ og ‘ikkje’. Og har ein desse to orda inne, samt nokre a-endingar her og der, så er ein nærast i mål. Då er resten berre bagatellar. (Det er mogleg at ein norsklærar vil vere ueinig med meg her!)

Eit anna godt råd er å lese nynorsk litteratur. Det finns utruleg mange gode bøker på nynorsk, dei fleste av norske forfattarar, men også mykje god omsett litteratur. Eg lånte og kjøpte nynorske bøker til ungane mine då dei var små. Ikkje for at dei skulle få nynorsk som hovudmål. Men for at dei skulle bli van med nynorsk og sjå på det som eit naturleg språk å lese på. Frå bøkene om Bø og Bæ, via Harry og Ivar til fantasy-serien til den danske forfattaren Lene Kaaberbol – vi har utruleg mange gode og fengande bøker for barn og unge. Den italienske forfattaren som skriv under pseudonymet Elena Ferrante har selt over 100.000 eksemplar av bøkene sine i Noreg – i nynorsk omsetjing. Det må jo bety at det går ganske greitt å lese nynorsk litteratur for svært mange, berre innhaldet er bra nok.

Lydbøker er eit anna godt tips. Då får vi inn språket på ein anna måte enn om vi les sjølv. Og også her er det mange gode bøker å velje mellom. Å høyre Maria Parr eller Ragnar Hovland lese sine eigne romanar gir ei heilt eiga lesar- eller lyttaroppleving.

Språk er identitet. Difor er vi så glade i dialektane våre. Og difor reagerer vi så sterkt når nokon ’knoter’ på eit mål som ikkje er naturleg for dei, som når ein nordlending skal snakke ‘østlending’, eller ein frå Oslo prøver seg på tromsødialekt. Det kling ikkje fint. Og vi synest kanskje det er litt komisk. Heldigvis er vi no komen så langt at vi ikkje treng å legge om dialekta om vi dreg sørover, slik mange gjorde før i tida.

Språket er også i stadig endring, som ein klump leire som endrer form etter kvart som nye hender arbeider med den. Også her vil mange av oss reagere når dei yngre nytter ord og uttrykk og talemåtar vi synest er ‘feil’. Og her ligg kanskje noko av årsaka til at så mange tar avstand frå nynorsk. Dei tenker kanskje at «det er ikkje mitt språk». Dei klarer ikkje å identifisere seg med nynorsk, sjølv om nynorsk ligg veldig nært opp til talemålet vårt, både i Nordland og i Troms. Nynorsk skaper hos mange assosiasjonar til pugging og framandgjering, heller enn eit levande skriftspråk med rike nyansar.

Eg kaster hermed ballen over til dykk alle saman, og særleg til lærarar der ute. Gjer nynorskundervisninga til ein like naturleg del av skolekvardagen som gym og matte. Og sjølv om elevane ikkje alltid omfamner norskfaget, så kjem vi langt med å starte med å respektere nynorsk og rett og slett tenkje at det er greitt nok, eller til og med heilt ålreit.

Til lykke med Språkdagen!