Statskraft og regjeringa prøver å forklare oss at dette med kraftpris er eit vanskeleg spørsmål. Men er det virkeleg det? Strøm basert på norsk vasskraft er billeg å framstille (5 – 15 øre pr kilowattime). Ein pris på 20-30 øre ville gitt kraftselskapa ein forteneste på heile 100%, og samtidig gi overkomelege strømrekningar for familiar og bedrifter. Overforbruk kan oppstå når eit gode er billeg, men det kan staten motvirke gjennom å innføre eit topris-system, der forbruk over eit normalt familiekonsum blir “straffa” med høg kraftpris.

Elkraft er ikkje ein vare som vi kan la vere å kjøpe når prisen blir for høg. Det er eit livsvilkår, og gjennom utbygging av vasskraft i Nord-Norge er det sikra eit grunnlag for busetting og næringsliv under harde klimatiske vilkår. Rimeleg og stabil tilgang på energi (og momsfritak!) har også gitt industrien i Nord ein konkurransefordel, og kompensert for eit lønsnivå som er høgare enn i utlandet.

No er fleirtalet av norske politikarar (anført av Høgre, og med AP på slep) i ferd med å akseptere ei prisdanning som vil fjerne denne avgjerande fordelen for norsk konkurranseutsett næringsliv. Og vi får sjå kva liberalisering og avregulering fører til: Eit europeisk prisnivå på elkraft, der gassprisen er drivaren. Familiar og bedrifter må lide under dette regimet, med ein prisauke på over 600 %, innført over natta. Meldinga frå folket er klar: Strømprisen må NED til eit “anstendig” nivå. Og folk forventar forutsigbarhet til å kunne planlegge familieøkonomien - innkjøp, investeringar og feriar. Prisen kan ikkje hoppe opp og ned som no.

Regjeringa sitt svar er å redusere el-avgifta og å lage sosialpolitiske støtteordningar. Regjeringa godtar imidlertid at vi har ei ordning som fører til ein vanvittig feilprisa strøm. Snart må også næringslivet få pengar frå staten for å kunne betale den skyhøge kraftprisen. Men dette er ein tenkemåte som til og med ongar i barnehagen vil forstå er grunnleggande feil. Det fornærmar vår intelligens å lære at ein først skal påføre folk ekstra utgifter som det ikkje er grunnlag for, for så å hjelpe dei til å betale.

Det er eit breidt folkekrav no at prisen på strøm må NED, kraftig ned. Regjeringa tør ikkje sette i gang eit slikt arbeid, for dei er redd for “sanksjonar” frå utlandet. Tullprat. Utlandet er netto importør av norsk kraft, og vi greier oss godt utan å importere kolkraft frå kontinentet. “Utlandet” vil behandle Norge godt, ettersom det er vi som sit på den reine energien som dei gjerne vil ha tak i. Og Norge har faktisk takla tørkeperiodar gjennom historia ved å regulere fyllingsgraden i magasina. I dag kan kraftselskapa tappe ned, og dei gjer det, utan omsyn til norsk industri og forbrukarar, når utlandet lokkar med gode prisar.

Så blir det snakka om “det grøne skiftet” og internasjonal solidaritet. Men sjølv om vi teoretisk sett kunne selje ALL norsk kraft til kontinentet, og avfolke dette kalde landet, ville det ikkje hjelpe stort. Europas behov er meir enn 100 gongar større enn det norske. Altså kan vi vi, gjennom kablane og eksporten, øydelegge for norske familiar og bedrifter, utan at det kan påvisast betydelege miljøforbetringar for det store Europa. Og det er ingen miljøgevinst at vi får importert kolkraft som ledd i denne utvekslinga. Europeiske land må nok, som Finland, bygge ut atomkraft for å gjere seg uavhengig av kolkraft. Vind, sol og norsk vasskraft vil ikkje monne.

Når prisen på fornybar kraft stig kraftig, samtidig som klima-tvilsame flyreiser blir billegare, viser det at marknaden er totalt ueigna til å møte klimautfordringane!

Fleire og fleire skjønar denne samanhengen, og ser virkninga av at Stortinget sitt fleirtal har overlatt styringa av strømprisen til anonyme krefter utanfor våre grenser. Joda, det funka passeleg bra med ein felles, nordisk kraftbørs, men så skulle kraftmarknaden omfatte heile EU-området, og då har det iallfall gått gale.

Finst det ei løysing? Ja. Også i internasjonale avtalar finst det opning for å gjere unntak ved kriser. Det ER krise når prisen på eit livsviktig og klimaskånsamt produkt stig med dramatiske 600 %. Den norske regjeringa må tvingast til å innsjå at det er på tide, og mogleg, med ei umiddelbar regulering av krafteksporten, i første omgong å stoppe den gjennom vinteren. Men dette gjer inga regjering frivillig. Den må, som i saka med feriepengar til permitterte, settast under press, i media, aviser, på gatene og i krav om handling frå fagforeiningar, bedrifter og frå - oppegåande - politiske parti.