Historikaren Helge Chr. Pedersen gjekk for ei tid tilbake ut med informasjon om at han som arrangør av ein konferanse i samfunnsdidaktikk i Alta vart utsett for press for å trekka tilbake invitasjonen av ein av foredragshaldarane, Jonny Hjelm ved Umeå universitet.

Det har utløyst ein debatt i Khrono, Nordnorsk debatt og i sosiale media. Diskusjonen har nok kome til ein ende, men eg vil likevel kommentera siste innlegget i debatten, artikkelen «Selvskading i forskningsmiljøene» av Jens Ivar Nergård – då den etter mi meining gir eit feil bilete av kva debatten handlar om.

Les også

Selvskading i forskningsmiljøene

Nergård ser bort frå utgangspunktet: Kvifor Hjelm vart invitert som foredragshaldar og det presset Pedersen vart utsett for. Hjelm vart ikkje invitert fordi han har forska på samiske forhold, men fordi han skulle bidra til ein diskusjon om teoretiske og metodologiske føresetnader for ein del av den forskinga som har vore på samiske forhold. Det dreier seg om sider ved såkalla postkolonial teori og urfolksmetodologi. Det har han skrive om, både i tilspissa avisartiklar og i tidsskrift. Han har professorkompetanse i historie, og han viser i sine artiklar at han har gått grundig inn på desse teoriane.

Nergård samanliknar det at Hjelm vart invitert med at ein historikar eller antropolog skulle overta operasjonsstovene. Som vist ovanfor, meiner eg det er ei fullstendig absurd jamføring. Hjelm har vist at han har arbeidd med det han skulle snakka om, og han har eit vitskapleg nivå som tilseier at han skulle vera i stand til å vurdera kor vidt den forskinga han har saumfart oppfyller dei vitskaplege normene eller ikkje.

Nergård går eit skritt vidare, han skriv at fordi dei avhandlingane Hjelm kritiserer, er vurdert av sakkunnige kommisjonar, representerer dei per definisjon god vitskap. Og Hjelm må ikkje koma her og koma her og kritisera avhandlingar på felt han ikkje sjølv har forska på. Men slik kritikk utanfrå må jo aksepterast innanfor alle vitskapsdisiplinane, det er jo innhaldet i kritikken som står til diskusjon – og det tar ikkje Nergård opp med eit ord.

Til dette kjem implisitte påstandar om at Hjelm meiner samerørsla kan assosierast med nazisme og at samisk forsking generelt held lågt nivå. Dette er formulert i så vage vendingar at Nergård når som helst kan springa bort frå dette ved å visa til at det gjeld andre, unemnde aktørar. Lesaren må likevel oppfatta det som at det er mynta på Hjelm. Så vidt eg veit, finst det ikkje fnugg av dokumentasjon på dette.

Kven som helst kan finna lenker til kva Hjelm har skrive på heimesida til Umeå universitet. Mange vil nok meina at den kritikken Hjelm reiser mot enkelte arbeid på samiske forhold for å vera agendastyrt og basert på essensialisme, eksotisering av det samiske og ein vidtgåande vitskapsteoretisk relativisme også er treffande for enkelte arbeid som er gjort på norsk side av grensa.

Det er fortenestfullt at Helge Chr. Pedersen har ønska ein debatt om dette.