22. mars 2018 bestemte eit fleirtal på Stortinget frå Ap, Høgre. Frp, Venstre og MDG at kontroll og reguleringsmyndigheita til norsk vasskraft skulle overførast til ACER, EU sitt energibyrå.

Eit fleirtal av våre folkevalde tillitskvinner og menn gjorde med andre ord vedtak om å overføra styringsretten til det norske arvesølvet til EU!

Trass i sterk motstand mot å gi frå seg dei naturressursane som gjorde Noreg til eit velstandssamfunn både frå store delar av fagrørsla og 120 Ap ordførarar , var det som å protestera for døve øyrer.

Jonas Gahr Støre, partileiaren i Ap som drøymer om å bli den nye statsmininsteren i Noreg, overkøyrde sine eigne.

Organisasjonen Nei til EU protesterte på dette vedtaket , fordi denne overføringa utgjorde ei så stor overføring av norsk sjølvråderett at det kom i strid med den norske Grunnlova.

Difor freista Nei til EU å saksøkja staten både i tingretten og lagmannsretten, men begge rettsinstansane avviste søksmålet. Regjeringsadvokaten grunnga dette med at Nei til EU ikkje var part i saka og kunne difor ikkje leggja fram søksmål mot staten.

Siste utveg var å fremja søksmålet for Høgsterett. Og måndag 1. mars 2021 kom vedtaket om at Nei til EU skulle få saksøkja staten for domstolane, for brot på Grunnlova. Dette er i seg sjølv ein stor siger, for Høgsterett vedtok dette med 12 mot 5 stemmer. I tillegg må staten betala sakskostnader på meir enn 1,9 millionar kroner.

Det er ei kjennsgjerning at det er mange EU og EØS- tilhengjarar blant dei folkevalde på Stortinget. Dei kjenner godt til at eit fleirtal av det norske folk i to folkerøystingar (1972 og 1994) sa nei til norske medlemsskap i EU. Dei var og klar over at det var ein massiv motstand i folket mot å overføra kontrollen og styringa av den norske vasskrafta til EU. Det same var store delar av fagrørsla og mange Ap – ordførarar.

Det utrulege skjedde at eit fleirtal i nasjonalforsamlinga vår gjekk mot det norske folk. I denne samanhangen kan ein spørja om dei folkevalde på Stortinget gjer jobben sin som tillitsvalde for det norske folk, når dei gjennom EØS-avtalen vil overføra mykje av styringa av Noreg til EU og marknadskreftene?

Det er i tillegg god grunn til å stilla spørsmål om frammøteplikt i samband med stortingsvedtak. Stortinget er sett saman av 169 tillitsvalde kvinner og menn, som skal arbeida for folket og landet. I ACER – saka var det 73 representantar som stemte for overføring til EU. Det var 23 i mot. Tilsaman var det 96 folkevalde som gjorde vedtak i ACER-saka. Det tyder at 73 representantar, slike som er på Stortinget for deg og meg, var fråværande.

No er det slik at Stortingsrepresentantar er på reiser og har oppdrag utanfor Stortinget, men der er ein administrasjon, som både bør og skal syta for at dei folkevalde er tilstades når vedtak skal fattast. Det er på tide at nokre av dei folkevalde skjerpar seg litt. Hugs at de er folket sine tenerar og ikkje omvendt.