Gå til sidens hovedinnhold

Nedvurdering av Finnmark?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Skjalg Fjellheim sin kommentar om Finnmark sin (snart) gjenvunne status som fylke, er dessverre nokså typisk for tenkinga blant samfunnstoppar i Tromsø. Oppfattinga om at Finnmark som eige fylke ikkje er liv laga - at dei ikkje greier å styre sin eigen økonomi, og at folk er på flukt bort fra fylket - ligg til grunn for Tromsø-eliten sitt perspektiv, slik Fjellheim utrykker det: “Befolkningen er i ferd med å dø ut.”

I min omgang med folk frå politikk, administrasjon, media og akademia er det ikkje sjeldan å høyre kommentarar om Finnmark som osar av betrevitande arroganse. Joda, statistikken talar sitt språk, som ekstremt periferifylke, med dei hardaste verforholda og dei lengste avstandane, skårar Finnmark dårleg på alle slags målingar. Men “so what”?

Er det legitimt å sole seg i at Tromsø er Arktisk hovudstad og “verdensledende på forskning” (slik UiT presenterer seg sjøl), og bruke eit oppblåst sjølbilde til systematisk å snakke ned folk som har bosatt seg og har sitt virke (eller mottar sin pensjon) i Finnmark? Er det greit å hevde at folk i Finnmark ikkje skal ha rett til å velge sine eigne folkevalde, men få ein slags kolonistatus og bli forespegla ei uunngåeleg avfolking? (“Kanskje det mest fornuftige regjeringen kan gjøre, er å tenke nytt og erklære Finnmark som et statlig protektorat”, slik Skjalg Fjellheim skriv).

Men når ein tillegg Finnmark ein status som tapar, blir det ubegripeleg å forstå styrken I det engasjementet for Finnmark som har pågått dei siste 5 åra. Gjennom ein seig kamp som først blei tapt, med stortingsvedtaket om samanslåing, (2017) har den folkelege motstanden ført fram: Først gjennom resultatet av folkeavstemminga (2018), så gjennom det samanslåtte fylkestinget sin søknad om deling av storfylket, Og gjennom Stortingsvalget som gav fleirtal for parti som støtta gjenoppretting av Finnmark (og Troms). Til sist har vi opplevd noko så sjeldant som oppfylling av eit valgløfte!

At SP-leiaren stiller opp for å feire “Nye Finnmark” er ikkje det minste rart, men dette var ikkje “et senterpartimøte”. Også Nordlys veit at ein brei, folkeleg basert allianse har utvirka dette resultatet, med støtte av eit klart fleirtal, også i Troms fylke. Ein allianse som i Finnmark har vore fronta av Randi Karlstrøm, Toril Olsen, Wenche Pedersen, Helga Pedersen, Kirsti Berstø og Ragnhild Vassvik.

Skjalg Fjellheim kjempa som redaktør for samanslåing av Troms og Finnmark, og framstår no som ein dårleg tapar. Maktskiktet i norsk politikk og media håpte i det lengste at gjenopprettinga av Finnmark kunne hindrast. Nærast i desperasjon spelte dei ut Alta-kortet for alt det var verdt. Ikkje mykje, skulle det vise seg. Sjøl om både NRK (1.11) og Nordlys (3.11), før avgjerda i Alta kommunestyre er fatta, kunne melde at det blir folkeavstemming i Alta om fylkestilhøyr, og at ein må respektere “folkeviljen i Alta”, Også denne kampanjen går sannsynlegvis på eit nederlag, om ein skal legge vekt på siste meiningsmåling frå Alta.

Demokratisk politikk handlar om å vinne tilslutting, men også om å takle nederlag på ein ryddig måte. Politikk handlar også om å protestere mot eit viktig vedtak som blir fatta utan utgreiing og som openbart går på tvers av folkeviljen, og å jobbe for å omgjere det ved første korsveg. Det er det som er gjort, og no står den politiske kampen om kva retning det nye Finnmark skal ta. Det gjeld refordeling av fiskekvotar, kompetansebygging og om den rolla Finnmark kan spele som nabo til Russland. Surking over det tapte kan med fordel takast på bakromet.

Kommentarer til denne saken