Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Nasjonale statlege forvaltningsorgan burde i større grad enn kva tilfelle er i dag aktivt inngå som verkemiddel i distriktspolitikken - og på same tid bidra til å løyse opp i den geografiske konsentrasjonen av makt og innflytelse vi har her til lands, og då særleg i Oslo.
Forvaltningsorgana står for gjennomføring av statleg politikk samstundes som dei er premissleverandørar i politiske avgjerdsprosessar der heile landet er utgangspunkt for prioriteringar og satsingar. I stor grad handlar dette om korleis våre nasjonale folkevalde forvaltar den demokratiske legitimiteten mellom seg og veljarane. Svikt i relasjonane mellom nasjonalforsamlinga og dei som har sett den saman i val vil over tid kunne føre til ein forsterka kamp om ressursane parallelt med krav om meir omfattande regionalt sjølvstyre enn i dag.
Eg har allereie peika på Oslo som hovudsenteret for konsentrasjon av makt og innflytelse, men korleis gir dette seg til kjenne? Først og fremst; Stortinget, regjeringa, departementa, Høyesterett samt Riksrevisjonen og Norges Bank med sine hovudkontor held til der. Av 28 direktorat har 17 hovudkontora sine i hovudstaden. Over halvparten av andre statlege forvaltningsorgan, som ulike tilsyn, råd, institutt og ombod har sine hovudkontor i Oslo.
Dette utfordrar det nasjonale perspektivet knytt til analysar, vurderingar og vedtak då desse i stor grad vert gjort med Oslo som ståstad. Resten av landet får status som distrikts-Norge med tilhøyrande potensiale for ikkje å nå heilt opp når det vert teke stilling til viktige prioriteringar. Makt- og ressursspreiing i statsapparatet er difor viktig for å sikre nasjonale perspektiv frå heile landet.
Det faktum at statleg makt og innflytelse i stor grad er lokalisert til hovudstaden har nok vore ganske avgjerande for at eksempelvis store næringslivsaktørar, partane i arbeidslivet, dei politiske partia, riksmedia og frivillgheita stort sett også har valt å ha sine hovudkontor der. Omfanget av aktørar med stor makt og innflytelse på ulike hender innanfor Oslo sine grenser er betydeleg.
Dei sentraliserande kreftene i økonomien og politikken er sterke, noko som igjen stiller klare krav til geografisk fordelingspolitikk av fellesskapets ressursar. Partia sine programformuleringar inn mot stortingsvala om kor viktig det er med kompetansespreiing, ressursfordeling, ta heile landet i bruk og satsing i distrikta har vist seg å vere vanskeleg å gjennomføre i praksis. Det kan difor sjå ut til at våre nasjonale folkevald treng ei påminning om å ta heile landet på alvor.