Gå til sidens hovedinnhold

Mykje tryggare som herrar i eige hus

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

«Nord-Norges fremtid er tryggere med Europa i ryggen». Dette skriv leiaren i Troms og Finnmark Europeisk Ungdom, Hedda Marie Grieg Riisnæs i eit debattinnlegg i Nordlys 17.02.2021.

Det skal vera EØS-avtalen som gir oss denne tryggheita.

EØS- avtalen, er ein handels- og samarbeidsavtale mellom EU og dei resterande EFTA- landa Island, Lichtenstein og Noreg. Dette er ein avtale der regelverket stort sett er tilpassa europeiske storkonsern for at dei skal sikra seg mest mogeleg forteneste, profitt.

Den unionen som uviklar seg i Europa , har eitt overordna mål; å skapa den mest konkurransedyktige kunnskapsbaserte økonomien i verda.

EU-kommisjonen , regjeringa i dette unionprosjektet, lagar lovar som grip direkte inn i dei folkevalde politikarane sitt arbeid i dei einskilde landa, deriblant Nord-Noreg gjennom EØS-avtalen.

Stortinget sin funksjon som lovgivande forsamling for Noreg, er i røynda flytta til Brüssel ,og EU-direktiva overkøyrer eksisterande norske lover ved konfliktsituasjonar!

Noreg fekk oppretta ein Handelsavtale med EF I 1973 . Med denne avtalen fekk Noreg tilgang til den indre økonomiske marknaden i EF- landa.

Gjennom den Frihandelsavtalen vart tollsatsane på råvarer og industriprodukt mellom Noreg og EF trappa ned til null. Det var ingen kvotegrenser. Det beste av alt; Det kom ingen direktiv frå Brüssel som overstyrte norske lover og den lovgivande forsamlinga i Noreg.

Noreg hadde full sjølvråderett og dermed hundre prosent handlingsrom.

Då EØS-avtalen vart gjort gjeldande mellom Noreg og EU i 1994, utgjorde eksporten av norske varer til EU 75% av all norsk eksport unnateke olje og gass.

I dag ,med EØS-avtalen, utgjer eksporten av varer til EU om lag 60-65 % av all eksport frå Noreg. Handelen med resten av verda har auka meir enn handelen med EU etter opprettinga av EØS-avtalen.

Leiaren av Europeisk Ungdom i Troms og Finnmark er uroa over at «Senterpartiet fortsetter å ta til orde for at Norge bør trekke seg frå EØS-avtalen»

Vidare skriv ho; « Norges samarbeid med EU gjennom EØS-avtalen har tilrettelagt for den enorme verdiskapingen i norsk sjømatnæring i snart 30 år.»

Frihandelsavtalen frå 1973 la grunnlaget for sjømateksporten til dagens EU og gjorde det utan at Noreg ga frå seg sjølvråderetten til eige land.

Ho skriv vidare:

«Arbeidsinnvandring er et gode fordi det sikrer et behov både for arbeidskraft og for økt bosetning i distriktene».

Ja, fri flyt av arbeidskraft frå eit potensiale på fleire millionar menneske var kjærkome for mange arbeidsgivarar innan fleire bransjar. Dei var og er faktisk så populære at dei nokre stader «utkonkurrerar» dei norske fordi dei får ofte mindre utbetalt enn dei norske fagorganiserte arbeidarane. Me fekk og har framleis det fenomenet me kallar sosial dumping.

Fri flyt av arbeidskraft var i nokre samanhangar ei kvilepute for norske verksemder og stryresmakter, for dei slapp å stimulera norske kvinner og menn til å ta desse jobbane.

Busetjinga i kystsamfunna kunna ha vore mykje betre enn ho er i dag. Leveringsplikta av fisk, fiska av dei store trålarane, til fiskebruk langs kysten for å gi arbeid og lys i husa, er dårleg og lite kontrollert. Mange fiskebåtar fraktar den fanga fisken ut av landsdelen og landet utan at kystsamfunna i nord får nyta godt av dei ressursane som er like utanfor stovedøra.

Arbeidsinnvandrarane , både dei som har slått seg ned i landet og dei som pendlar mellom heimland og Noreg, gjer ein kjempejobb. Det gjeld berre å visa dei den respekt dei fortener både når det gjeld løns- og arbeidsvilkår og bustadtilhøve.

«Som ung er jeg nødt til å belage meg på fremtidens skjebne og den håper jeg ikke faller i populisters hender», skriv leiaren for Europeisk Ungdom i Troms og Finnmark vidare.

Det er mest utruleg at nokon kan sjå på arbeid for folkestyre, nasjonal sjølvråderett og internasjonalt samarbeid som populisme.

Norske naturressursar som fisk, skog, vasskraft, jordbruksprodukt og metall m.m. er til for fellesskapet, for det norske folk. Noreg, steinrøysa vår med «bakkar og berg» er ikkje til sals! Dei naturressursane som finnest i dette landet skal forvaltast til det beste for både noverande og komande generasjonar.

Når Noreg endeleg får erstatta EØS-avtalen med ein tosidig handels- og samarbeidsavtale med EU, og igjen bli herrar i eige hus, kan både leiaren for Europeisk Ungdom i Troms og Finnmark og me andre gå ei mykje tryggare framtid i møte.

Kommentarer til denne saken