Gå til sidens hovedinnhold

Misforstått om nordnorsk minnehistorie

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Eit intervju med Joakim Markussen har vekt stor oppsikt. Han skal 10. desember disputera på si avhandling om minnehistorie knytt til felttoget ved Narvik og Finnmark den siste krigsvinteren. Diskusjonen i Nordlys og på sosiale media starta med ein kommenta rav Asbjørn Jaklin til dette intervjuet. Større forhandsomtale har vel knapt nokon disputas ved UiT Norges arktiske universitet fått! Og det ser ikkje ut til å ta slutt. Markussen har alt sjølv skrive eit par innlegg i denne diskusjonen og vil sikkert koma endå sterkare tilbake han disputasen er vel over. Eg vil koma med mine kommentarar til denne debatten så langt, i og med at eg har følgd Markussen sitt arbeid som bivegleiar.

For det første er eg overraska over at det har blitt ein debatt om kor mykje dekking nordnorsk krigshistorie historie har fått. Markussen si avhandling, som alle kan lasta ned, handlar om korleis ein skal forstå måten Narvikfelttoget og Finnmark siste krigsåret har blitt minna, gjennom heile etterkrigstida: Kven som var aktørar i denne minnepolitikken og korleis dette har endra seg over tid. Eitt aspekt ved dette er den ideen som har vore så framherskande i den offentlege diskusjonen heilt sidan 1980-talet, om at desse svært dramatiske og viktige hendingane har vore aktivt fortia og neglisjert i den nasjonale minnekulturen. Dette har gjerne vore kombinert med å framstilla Londonregjeringa som svikarar overfor folket i Finnmark - trass i at historisk forsking har vist at regjeringa gjorde det den kunne for å hjelpa.

Dei alle fleste som les Markussen si avhandling, vil bli overraska over kor mykje som faktisk er skrive over tid og kor stor offentleg aktivitet det har vore i å minnast desse hendingane. Perspektivet har endra seg, både nasjonalt og regionalt, frå å framheva frigjeringsaspektet i Finnmark og den internasjonale innsatsen bak gjenerobringa av Narvik, til å vektleggja sterkare eit offerperspektiv når det gjeld Finnmark og eit soldatperspektiv på Narvikfelttoget, der diskusjonen om Eitingerutvalet si innstilling frå 1988 utover på 1990-talet også bidrog til å mobilisera eit nordleg offerperspektiv på denne delen av nordnorsk krigshistorie.

Eg vil nytta høve til å kommentera eit par konkrete innvendingar mot Markussen som ikkje har rot i det han sjølv har uttrykt. Jan Pettersen skriv, i eit elles balansert innlegg, om boka til Arne D. Dahl om Altabataljen rett etter krigen, at «det er nesten ikke til å forstå den fascinasjonen Markussen legger for dagen i omtalen av denne boken». Markussen sitt poeng i omtalen er ikkje at han sluttar seg til analysane og den informasjonen som finst her, men at Dahl var ein viktig minneaktør som var med på å forma ettertidas perspektiv. Markussen si avhandling er ikkje meint som ei realhistorisk framstilling av dei tema som han tar opp, men som eit bidrag til nordnorsk minnehistorie om krigen. Her kan eg elles leggja til at UiT har finansiert to doktorgradsprosjekt om Narvik og Finnmark som går inn på det realhistoriske, Kyrre Pedersen skriv om Markussen sitt «forsvar av medaljeprosjektet sitt arbeid og konklusjon». Pedersen kan ikkje ha tatt seg bryet med å gå inn i avhandlinga, for her snur han Markussen si framstilling fullstendig på hovudet.

Nordnorsk krigshistorie har ikkje fått den plassen den burde ha i den nasjonale historieskrivinga. Ikkje så mykje på grunn av dekkinga av særlege hendingar, men fordi perspektivet har vore sørleg, at den strategiske betydninga av Nord-Norge og nordområda har vore undervurdert – det som ligg i tittelen på Jaklin si bok frå 2006: «Nordfronten». Det er to store prosjekt lokalisert ved Institutt for arkeologi, historie, religonsvitskap og teologi ved UiT Norges arktiske universitet som skal retta opp dette: Eit nasjonalt og eit regionalt prosjekt. Begge har eit slikt nordleg perspektiv på norsk krigs- og okkupasjonshistorie. Det regionale rettar seg mot den breie allmenta og vil ta opp nordnorske krigserfaringar på brei basis, sett inn i eit nordområdeperspektiv, og koma i tre bind i 2021/22.

Kommentarer til denne saken