«Stedfortrederkrigene» er samlenemninga på krigane som blei utkjempa mellom Sovjetunionen og USA i løpet av den kalde krigen. Dette er krigar om makt, ressursar og innverknad som stormaktene var drivkrefter i, krigar som ikkje gjekk føre seg på territoriet til stormaktene sjølve, men i andre land, og hovusakleg av innbyggjarane i desse landa. Døme er krigane i Korea, Vietnam, Irak, Afganistan. Desse krigane førte til enorme øydeleggingar, tallause drepne og skadde menneske, flyktningestraumar på mange millionar menneske. Sovjet brukte rå makt. Det same gjorde USA/Nato.

Men i tillegg brukte USA/Nato også pengestøtte og militær hjelp. Etter verdskrigen hadde USA utvikla seg til å bli ei supermakt både økonomisk og militært, produksjonen gikk på høggir. Europa og Sovjetsamveldet låg i ruinar, sundbomba og med enorme tap av menneskeliv. Vi mangla «alt». Difor mangla også USA kundar til den veldige overproduksjonen sin. Marshallhjelpa løyste det problemet. Dei statane som ville gi avkall på noko av sjølvråderetten og samordne forsvaret, skulle få hjelp frå USA til å byggje seg opp. Dette var utgangspunktet for OECD og Nato.

Aktiviteten til Nato har stått på tre bein: Ynskjet om å auke politisk og militær makt, ynskjet om å auke økonomisk makt, ynskjet om å oppmuntre demokratiske rørsler.

Ei drivkraft i ekspansjonen til Nato er haukane i amerikansk politikk som har marknadsøkonomi og globalisering som sine mål, i tillegg til militær makt. Desse måla har ikkje vore enkle å sameine med målet om å støtte demokratiske rørsler. Problema melde seg då motstridande interesser var i konflikt med einannan innan eit land. President Eisenhower, som sjølv var yrkesoffiser og general, åtvara alt i 1961 mot dei i avskilstalen sin då han peika på faren med å late «det industrimilitære komplekset» få altfor stor makt over utanrikspolitikken. Men det ser likevel ut til at desse kreftene blei styrande for å utvide Nato austover, i strid med haldninga at kvar stormakt har sin interessesfære som må respekterast. I dag har USA og Nato ca. 800 militærbasar rundt om i verda, mange opp til grensa til «erkefienden» Russland.

Utgangspunktet for den vestlege innsatsen i «stedfortrederkrigene» er ikkje at USA eller noko natoland har vore truga eller angripe. Krigane er blitt starta ved at USA har gitt militær og økonomisk hjelp til den eine parten i eit splitta land, ein part som voks seg sterk nok til å kjempe. Slagordet som har følgt denne hjelpa er: «Kvart land må sjølv kunne bestemme over utanrikspolitikken sin» , eit slagord som appellerer til vårt demokratiske sinnelag. Ut frå denne tankegangen har det vore greitt og ønskjeleg at Nato har ekspandert. Frankrike truga likevel i 1966 med å trekkje seg ut fordi den felles militærkommandoen i stor grad fremja USAs interesser om å sikre seg militær og økonomisk makt.

Er også det som skjer i Ukraina no ein «stedfortrederkrig»?Er også det som skjer i Ukraina no ein «stedfortrederkrig»?Er også det som skjer i Ukraina no ein «stedfortrederkrig»?? Landet blei den 04.08 1991 proklamert som ein uavhengig, sjølvstendig stat. Det gjekk roleg for seg. I dei følgjande 21 åra var det ingen som ville gjere om på det vedtaket. Men landet var splitta politisk i ein prorussisk og ein provestleg sone. Dette har vore tydeleg i fire av dei fem vala landet har hatt. Etter sjølvstendeerklæringa og fram til krigsutbrotet no i 2022 mottok landet våpen og anna frå USA for 20 milliardar dollar, samstundes med at dei blei oppmuntra til å søkje natomedlemskap.

Då Natokonferansen i 2008 uttala at Ukraina var velkomen til å søkje medlemskap, protesterte Putin voldsomt. Ukraina ligg som ein kile inn i Russland, og svartehavsflåten deira ligg i Sevastopol på Krim.

Franske, tyske og nokre amerikanske toppolitikarar såg at dette kunne oppfattast som ein direkte trussel mot Russland og karakteriserte utspelet frå Nato som sprengstoff. Putin varsla at eit Nato-medlemskap for Ukraina ville utløyse sterke mottiltak, det ville vere like umogleg for Russland å finne seg i det som det var for USA å akseptere russiske basar nær si grense, slik vi såg det i 1962 då Sovjet prøvde å byggje basar på Cuba og USA truga med atomkrig som svar.

Er det mogleg å forstå Putin sin skepsis til Nato ut frå dette? Leiarane i Nato tykkjer tydelevis ikkje det. Generalsekretæren gjentek igjen og igjen mantraet «Hver stat må være fri til å velge sin egen militære tilknytning!» Han og natolanda har heile tida forsikra Ukraina om at dei skal bli hjelpt av oss. Og hjelp får dei, stadig fleire, sterkare og meir effektive våpen som hjelper Ukraina til å køyre Russland fast, og som styrkjer kampviljen og offerviljen deira.

Men hjelper det Ukraina til å vinne krigen? Mest truleg bygde invitasjonen frå Nato på tillit til at Putin aldri ville vere dum nok til å gå til ein krig som også ville øydeleggje Russland og han sjølv, og at dei skulle vinne maktkampen ved å overlate til Ukraina å kjempe krigen. I dag ser det ut til at begge partar meiner dei kan vinne, berre dei er villige til å ofre nok. Nato og USA vurderer kor langt dei kan gå med våpenhjelp utan å få ein direkte konfrontasjon med Russland. Det ukrainske folket har alt ofra så mykje, at dei kan ikkje gi seg no. Dei er villige til «å ofre alt»

Putin liknar no på eit villdyr som er trengt inn i eit hjørne og kjempar for livet. Kor langt han er villig til å gå for å unngå å tape, er det ikkje sikkert han sjølv veit ein gong. Det vi ser, er at krigen stadig eskalerer, blir meir og meir grusom og trugande for verdsfreden.