Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.
Kva gjeld folkets nei? I dagens situasjon med galopperande straumprisar og store problem for vanlege borgarar, industri og næringsliv er det nødvendig å løfte fram kva det gjaldt i 1972, 1994, og som framleis står på spel.
Begge gongene var dei to viktigste årsakene til Norges nei 1) Norges konstitusjon som folkestyrt nasjon med styring bygd på folkesuverenitet og 2) Norges særeigne karakter som ein av verdas største ressursnasjonar. Vi skal kort sjå på dette og deretter på dagens energisituasjon.
Norsk folkestyre
Både i 1972 og i 1994 vart forskjellen mellom styringssystema i EU-unionen og norsk folkestyre tydeleggjort. Det blei systematisk vist til EUs fråver av folkestyre i form av folks røyst gjennom val. På den andre sida vart det vist til Noregs solide folkestyrde konstruksjon med tredeling av makt gitt frå folket gjennom val: Lovgivande makt i Stortinget, utøvande makt i Regjering og dømande makt i Domstolane, der kvar av desse får si makt direkte frå folket gjennom val, eller indirekte, som for Domstolane, i samsvar med lover vedtatt gjennom Stortinget. Viktige paragrafer i Norges Grunnlov konkretiserer folkestyret: Eksempelvis § 1: Kongeriket Norge er eit fritt, sjølvstendig og udeleleg og uavvendeleg rike. Regjeringsforma er innskrenka og arveleg monarkisk». Dertil § 112: «Forandringar i Grunnlova må aldri motsei denne Grunnlovs prinsipp, men åleine angå modifikasjonar i enkeltbestemmelsar, som ikkje forandrar denne konstitusjonens ånd…». Paragraf 112 viser tydelegast grunnlovgjevaranes anerkjenning av eit overordna prinsipp om folkesuverenitet. I tillegg kom Grunnlovas § 93: «Suverenitetsavståing kan skje på eit «sakleg avgrensa område», og noverande § 115 med klare bestemmelsar for kor stort fleirtall i Stortinget som krevst for å inngå i internasjonale traktatar som medfører avståinga av konstituert kompetanse (slik som lovgivande, utøvande eller dømande kompetanse i Norge). Paragrafen bestemmer at tre fjerdedeler av eit Storting der minst to tredjedeler av representantane er til stades, må stemme for at inngåing av ein slik traktat kan skje.
I tillegg er folkestyret forsterka på område der Grunnlova ikkje er detaljert nok. Viktigst er Konsesjonslovene (initiert av landets statsmenn under utbygging av vasskraftsektoren straks etter unionsoppløysing med Sverige). Lovene fastset at norske naturressursar ikkje kan selgjast utan statleg konsesjon til kjøparinteresser innanfor eller utanfor landet, og sikrar dermed folkestyrd kontroll over avgjerande felles naturressursar. Dei norske Konsesjonslovene var, og er, eineståande i verdenssammenheng i si forutsjåing av behov for konstitusjonelt folkestyre over naturressursar, slik at rikdomen frå slike resssursar kan fordelast gjennom folkestyrd kontroll. I dag ser vi dette tydelegast i petroleumssektoren.
EU-unionens styringssystem: Ved gjennomgang av EUs styringssystem visest då, som no, to vesentlege ting: Først, enkeltlands representantar i EUs styrande organ er ikkje folkevalde, med unntak av EU-parlamentet, som verken har utøvande, lovgjevande eller dømande makt. For det andre: Enkeltlands representantar har, når det gjeld dei små landa, heilt minimalt høve til påverknad utifrå dei reglane som gjeld for vedtak i kvart organ. Dette var i 1994, og også i dag, omtalt som EUs «demokratiske underskot». I 1994 omtalte landets statsminister, Harlem Brundtland, dette som «tilleggsdemokrati» og ba samtidig velgjarane om å ha tillit til at regjeringa hadde sikra norske interesser i EU-forhandlingane. Men det norske folket vurderte saka annaleis. Det vart nei.
Kontinentaleuropeiske, demokratiske stemmer: Det var nettopp slike forhold som gjorde at også framståande kontinental-europearar, herunder den nyleg avdøde demokraten Hans Magnus Enzenberger, kritiserte EU som politisk konstruksjon. Han sa: «Institusjonane i Brussel…manglar både politisk myndigheit og demokratisk legitimitet…Det har lukkast dei å sjalte ut ein evig urostiftar, nemleg folket» (Sitert i Studenter mot EU/Kompendium 1994). Det tyske nyheitsmagasinet «Der Spiegel» sa (nr. 23/1989): «Det hersker før-demokratiske tilstander i Brussel»
Norges særeigne karakter som ein av verdas største ressursnasjonar
Både i 1972 og i 1994 var Norges særeigne karakter som ressursnasjon avgjerande for fokets nei. Det gjaldt alle naturressursar, og det gjaldt folkevald styring av desse. Vi skal her kort sjå på argumenta for fisk (Norge er verdens tredje største fiskerinasjon) og deretter kort sjå på den dagsaktuelle naturressursen energi - vasskraft, olje, gass.
Både i 1972 og i 1994 var landets fiskeriressursar avgjerande.
I 1972 skjedde det slik: Banebrytande var at tidlegare direktør i Råfisklaget og fiskeriministar under Bratteli-regjeringa, den på kysten svært respekterte Knut Hoem, sa nei til avtaleutkastet som regjeringa la fram etter forhandlingane i Brussel. Ivaretaking av den norske suvereniteten til råderett over fiskeressursane var ikkje god nok; det blei opna for omfattande tilgang for båtar fra EU-land i norske farvatn. Og dette var fiskebåtar, særleg spanske og britiske trålarar, som dreiv uregulert rovfiske heilt inn mot norskekysten. Men AP-regjeringas dåverande statsministar, Trygve Bratteli, stilte kabinettsspørsmål til det norske folk ved avstemminga: Om det vart nei til medlemskap, ville han gå av. Men Hoems nei til avtaleutkastet ga gjenklang og samstemde med fiskaranes erfaring og meining. Det vart nei.
I 1994 skjedde det slik: Havrettstraktaten var allereie ein realitet, som ei nyskaping i omforeint samarbeid mellom nasjonar om naturressursar, der Noreg sto i spissen i kampen for å sikre kyststatars havrett, sammen med Sovjet, USA og kyststatar i tredje verden. EU var ikkje tilhengjar av traktaten. Ei markant hending oppsto då redaktør Ivan Kristoffersen i Nord-Norges største avis, Nordlys, på direktesendt fjernsyn spurde dåverande fiskeriministar, Jan Henry T. Olsen, om korleis eksisterande Havrettstraktat var tatt hensyn til i avtalen. Fiskeriministeren blei svar skuldig; den var ikkje tatt hensyn til. Dette skjedde samtidig som hans statsministar Harlem Brundtland ba det norske folk om å ha «tillit til» regjeringas forhandlingavtale. Ved fiskeriministarens svar gjekk den mektige redaktøren ut på leiarplass om nei til norsk medlemskap. Ei markant hending oppsto også då Nord-Norges Rolf Seljelid heilt systematisk gjekk gjennom føreliggande avtaleutkast, på engelsk og fransk, og kunne ved direkte omsetting ikkje med eitt einaste ord finne dekking for at folkesuverenitet og norsk råderett over landets fiskeriressursar var sikra. I avisinnlegg stilte han difor eit meget alvorleg spørsmål: Korleis er det muleg å tru at ein slik tekst kunne forståast og bli forsøkt formidla frå AP til det norske folk så motsett av det som faktisk, svart på kvitt, står i føreliggande avtaleutkast (Avisa Nordlys, 8. september 1994)? Igjen, dette stemde med folks meining; det vart nei. Spørsmål om nytale og omskrivne talemåtar i AP var reist.
Norge som energinasjon
Ser vi i dag på det dagsaktuelle problemet med energi, oppstår tilisvarande problem. Også på dette området er Noreg eit av verdas største ressursnasjonar, gjennom vasskraft, olje, gass, og potensielt for vindkraft. Også på dette området er folkesuverenitet og folkevald styring under trussel. Det siste store trekket er innføring av energibyrået ACER under EØS-avtalen. Dette byrået, ACER (European Agency for the Cooperation of Energy Regulators), er EUs energibyrå. Kort sagt, har ACER som oppgåve å vedta, utøve og overvake nasjonale reguleringstyresmakter og systemoperatørar i alle land som er tilslutta. Det omfattar elektrisitet, gass og grensekryssande krafthandel. ACER avgjer kva veg straumen skal gå i kablar og overføringskapasitet mellom landa. Formålet er å sikre at EUs regelverk for elektrisitet og gassmarknad vert gjennomført. ACER opnar for fri flyt av kraft innad mellom alle land som er tilslutta og byrået kan gripe inn i alle tilfelle der nasjonale tiltak virkar konkurranse-hemmande, dvs. dersom det bryt med EØS-reglar om «fri flyt». Hovedprinsippet for ACER er at straumen skal flyte så fritt som råd, og alltid dit prisen er høgast.
I sum er dette ein avtale som flytter styring av bruk av kraft bort frå nasjonal styring (i Norge NVE og Statskraft) og over til ein ny type konstitusjonell konstruksjon, som aldri tidlegare har eksistert, nemleg til ein nyskapt Regulerings Myndigheit for Energi (RME), der denne skal vere uavhengig av norsk politisk kontroll. Reint formelt skal ACER gjere sine vedtak, sende desse til EU-organet ESA, som så skal gjere samme vedtak og sende vidare til RME, som er bundne til å gjere akkurat samme vedtak. På denne måten er det laga ei ny transportrute gjennom EUs ACER som omgår norsk politisk kontroll og norsk folkesuverenitet.
Norge vart innlemma i EUs energibyrå, ACER, etter første vedtak i Stortinget i 2016. Ved behandling i Stortinget var fleire partigrupper kritiske, der ei fraksjonsinnstilling frå AP-medlemar, SP, SV og MDG påpeikte at ein energiunion ville innebere «overføring av makt og myndigheit frå nasjonale organ…» (Inst S (2015-2016) . Men AP-gruppa forlet straks deretter dette kritiske standpunktet. Under behandlinga i Stortinget foreslo Ja-til EU-mannen og noverande olje- og energi-ministar, APs Espen Barth Eide, å formulere det han kalla «motkrav» om at det fortsatt skal vere norsk eigarskap til norsk olje, gass og vasskraft. Omskrivinga bidrog til at AP-fraksjonen snudde. Ved behandlinga i Stortinget vart spørsmålet behandla som om det ikkje gjaldt avståing av «konstituert kompetanse» og derfor ikkje trengde å aktivere Grunnlova § 115. Skolerte juristar opplyste at hans forslag var tåketale og villeda bort frå det tilslutting til ACER i realitet dreiar seg om. ACER gjeld ikkje eigedomsrett. Tilslutting betyr å flytte kontroll over infrastruktur, kablar og overføring, ikkje ved å eige, men ved at EUs ACER kontrollerer bruk. I klartekst medfører det overføring av makt og kontroll bort frå landets folkestyre.
Dagens situasjon
I dag er det nettopp denne frie flyten som vanlege borgarar, norsk industri og næringsliv betalar høge straumprisar for, der overføring skjer gjennom internasjonale kablar. Denne frie flyten, alltid dit prisen er høgast, bestemmer straumprisane. I kjølvatnet av galopperande prisar endrar Samholds-Norge seg til å bli Forskjell-Norge – med aukande forskjell mellom fattig og rik, der fattige blir avhengig av almisser frå stat eller andre.
Både i Norge og i EU-land blir det no diskutert korleis marknaden fungerer gitt at energiprisane er så høge. I Norge er det nyleg lansert forslag om to-prissystem, ein for eksport og ein for innanlands forbruk, og vist til at enkelte EU-land faktisk differensierer straumpris. Men til dette peikar statssekretær i Olje- og energidepartementet, Amund Vik fra Ap, på at «En løsning med forskjellige priser er ikke mulig… For å få det til må vi begrense kraftflyten til utlandet og det vil være et brudd på EØS-avtalen». Han set ord på elefanten i rommet.
I samme tid hevdar landets statsministar frå AP at «Det er ingenting jeg heller vil enn å bidra til folks trygghet…., men Regjeringen kan ikke løfte Norge ut av verden og krisene ut av Norge. Vi i må forvente fortsatt høye strømpriser. De vil svinge med vind og vær, men være høyere enn vi var vant med før krigen» (NRK TV 18. desember/Statsministarens julepressekonferanse). Støre viser til Ukraina. Aldri til landets tilslutting til ACER. Heller ikkje nemner statsministaren at land innad i EU, som Frankrike og Tyskland, gjer eigne tiltak på tvers av EU for nasjonal kontroll av straumpris, og at Spania som medlem i EU har sagt tvert nei til å delta i ACER.
Slik framstår landets AP-statsministar i 2022 som dogmatisk EU-unionist, på samme måte som APs statsministrar både i 1972 og i 1994. I dag meir tilpassa ACER enn medlemsland sjølv. Slik blir det norske folket omgjort til klientar, som skal tigge om og få tildelt tryggheit og almisser ovafrå.
Men det norske folket er eit folk som har historie og vilje til å seie nei, og til sjølv å bestemme. Dei ser at straum og energi treng ny styring. Det er ingen i Norge som er motstandar av å hjelpe Ukraina i deira fortvila situasjon. Heller ikkje til å hjelpe andre land med endra ressurstilgang. Folk er innstilt på felles dugnad. Men prinsippet for Norge er at det skal skje gjennom folkestyrd avgjer, gjennom folkevalde organ. Og ikkje settast bort til organ utan folkevald kontroll, slik som til ACER. At ansvaret for dei enorme ressursane Norge har, treng folkestyre for å kome land og folk til gode, både nasjonalt og i internasjonal solidaritet med andre land. Dette er forskjellig frå å gå inn for fri flyt og alltid dit «prisen er høgast», som i ACER. Det er nettopp dette begge folkerøystingane handla om.
For landet gjeld dette viktige spørsmål. Det trengst, som i 1972 og 1994, at saka vert omtalt med rette ord. At sakas realitet vert klar. Å innlemme landet i ACER flytter folkets makt gjennom folkevalde organ bort frå landets styre og over til EUs. Dette er elefanten i rommet, som treng andre namn enn nytale og omskriving. No, som då, gjeld det å ikkje automatisk ha «tillit til» framstilling frå overbevisste EU-unionistar i AP leiinga, som i dag sit i landets viktige politiske posisjonar, trass i landets nei.
Begge folkerøystingane mot EU har vist at det går eit politisk verdiskille i vårt land på tvers av partipolitiske skille, mellom dei som er tilhengjar av å innlemme Norge i EU-systemets frie flyt, såkalla «fire friheitar», og dei som går inn for folkestyre og folkesuverenitet for å bestemme nasjonal fordeling og internasjonal solidaritet. Viktig er det at dette skillet ikkje blir tilslørt med omskriving og nytale. Både 1972 og 1994 viste kor avgjerande det var at ordskifte og meiningsutveksling byggjer på fakta og tydelege verdiar.
Nei til EU som organisasjon har ført spørsmålet om Norges tilslutting til ACER inn for Domstolane, og reiser sak for Høgsteretten om norsk tilslutting bryt med Grunnlova § 115, der det, som nemnt, er sett vilkår for kor stort fleirtall som krevst i Stortinget for å godkjenne inngåing av internasjonale traktatar som medfører avståinga av såkalla konstituert kompetanse (slik som lovgivande, utøvande eller dømande kompetanse i Norge). Paragrafen set vilkår om at tre fjerdedeler av eit Storting der minst to tredjedeler av representantane skal vere på plass, må stemme for at inngåing av ein slik traktat kan skje. Saka kjem opp i 2023.
I korte trekk er det framleis mykje å arbeide med for å verne og vidareutvikle norsk folkestyre og eit levande demokrati i solidaritet innad og utad. To avstemmingar mot EU er ikkje evige. Ved utgangen av 2022 får difor den nordnorske lyrikaren Helge Stangnes sine ord «Lys langs en fjord» fornya aktualitet om vi vil ha eit Samholds-Norge eller Forskjell-Norge:
Ja, lysan fra stuen langs verharde strender
i mørketidslandet har gått som ei bru,
med spenn over fjorda – lik utstrekte hender
med varme og kraft tel å tåle og tru.
Så kom, la oss tenne små lys førr kverandre
som bål imot natt på ei vinterkald jord,
der frosten skal vike når menneskevarme
får nå gjennom mørket – som lys langs en fjord.