Gå til sidens hovedinnhold

Levande, elastiske byrom

I snart eit år har gatene og byromma våre lagt ganske så stille, tømt for folk og aktivitet. Vi har vel alle kjent på saknet, etter liv, leven og fellesskap. Etter det å møte både kjente og framande i byen.

Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.

Gode, inkluderande byar kjenneteiknast av vitale møteplassar som gjenspeglar, men også bidrar til å omforme, byens mangfald. Byane våre får ei stadig meir samansett befolkning. Mangfald blir gjerne løfta fram som positive kvalitetar i diskusjonar om byutvikling; det gjer bylivet pulserande og spennande – om vi har arenaer kor mangfaldet får utfalde seg.

Gjennom prosjektet Inkluderende arktiske byrom opnar NODA for ein viktig diskusjon om korleis vi kan tenke om byen og byromma våre i framtida; Korleis skal dei sjå ut? Kva aktivitetar skal gå føre seg der? Og kven skal dei leggast til rette for?

Byens allmenningar

Dei offentlige byromma er byens allmenningar. Dei speler ei viktig rolle som møteplass, mellom framande så vel som mellom kjente. Trass i klare bypolitiske målsetningar om å skape inkluderende møtestader, ser vi ein tendens til strammare organisering av mange byrom. Gode byrom inneber eit mangfald av både aktivitetar og brukarar. Men vilkåra for slike fleksible arenaer utfordrast av ei kapitaldreve byutvikling, som ofte leiar til homogenisering av byrom. Koplinga av auka privatisering, kommersialisering, estetisering og kontroll gjer at byrom i stadig større grad blir tilrettelagt for avgrensa brukargrupper og typar bruk. Folk blir redusert frå aktive deltakarar til passive forbrukarar.

Ei utbyggarstyrt, prosjektbasert byutvikling feilar ofte i å ivareta mangfald og sosial inkludering. Fokus på omdømme og estetikk går ofte på bekostning av sosiale kvalitetar og lokale behov. Strategiane for å skape attraktive stader har ein tendens til å oversjå – og dermed redusere – lokalt mangfald; den attraktive byen blir for dei kjøpesterke. Når byrom blir utforma på dei privilegerte samfunnslag sine premiss blir den demokratiske betydninga av offentlige byrom som møteplassar utfordra. Vi treng andre omgrep som yt motstand mot denne utviklinga. Kan vi heller snakke om rettvis, ansvarlig eller omtenksom byutvikling? Å skape gode, multifunksjonelle møteplassar er ein bra start. Arenaer for samhandling, kor folk kan kople seg både fysisk og sosialt til andre som dei ikkje kjenner, er avgjerande for demokratisk deltaking i den mangfaldige byen.

Meir fleksible strukturar

Spontanitet og uventa møte er sentrale element i levande byrom. Byplanlegging som favoriserer orden og kontroll over kompleksitet, skaper rigide urbane omgjevnader. Fastlåste strukturar kveler byliv, hevdar sosiologen Richard Sennett, dei hindrar muligheitene våre til uventa møte og sosial samhandling. Å skape inkluderande byrom krev at vi planlegg for meir fleksible strukturar. Temporære byrom, som opnar for spontan, uplanlagt bruk med avgrensa varigheit, er blitt eit viktig verktøy for å skape vitale og humane byar. Fine eksempel frå Tromsø, er SMAK-festivalen, kor Storgata flaumar over av folk som møtest rundt matboder av alle slag. Eller når Stortorget blei til ein stor folkefest då byens muslimske befolkning inviterte alle i byen til feiring av Eid. Slike temporære byrom tillet overraskande og uventa møte, vi engasjerer oss i kvarandre og byen på nye måtar. Det skaper kollektivt byliv. Samstundes står det i kontrast til korleis desse byromma til vanlig er organisert. Mange som har kome ny til byen frå andre matkulturar ønskjer å etablere matvogner og gi byen et rikare tilbod. Men stram regulering av byens gater og torg gjer det svært vanskelig.

Vi treng fleire laust organiserte byrom, elastiske byrom som opnar for spontane handlingar, engasjement og muligheita for å møte nokon som er forskjellige frå oss sjølv og oppleve noko uventa. Auka mangfald bidrar til denne elastikken; jo større mangfald, jo større sjanse for kreativ bruk. Derfor treng vi byutvikling som eksperimenterer, som tøyer elastikken. Og vi treng breiare diskusjonar om korleis slike byrom kan utformast. Elastiske byrom med stor variasjon i bruk og brukarar skaper dynamisk byliv, men også ein viss uorden. Det må vi tole, og kanskje må vi også planlegge for meir uorden? For sjarmen ved byen, er jo nettopp å leve midt i eit myldrande mangfald.

Kommentarer til denne saken