Korstog mot sanningskommisjonen?

Det blir spanande å sjå kven som blir neste medlem av kommisjonen som skal plukkast ut for delegitimering, skriver Hallvard Tjelmeland etter Lill Tove Fredriksens (bildet) omtale av leder Dagfinn Høybråten og medlem Einar Niemi av Sannhets- og forsoningskommisjonen.

Det blir spanande å sjå kven som blir neste medlem av kommisjonen som skal plukkast ut for delegitimering, skriver Hallvard Tjelmeland etter Lill Tove Fredriksens (bildet) omtale av leder Dagfinn Høybråten og medlem Einar Niemi av Sannhets- og forsoningskommisjonen. Foto:

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Førsteamanuensis i samisk litteratur ved UiT Norges arktiske universitet, Lill Tove Fredriksen, er igjen på krigsstien, nå med utspel for å undergrava legitimiteten til medlemmer av Sannings- og forsoningskommisjonen. Det starta med eit utfall mot leiaren Dagfinn Høybråten i Sagat (6.11) og Khrono (10.11). Det vekte ein del oppsikt, for kjernen i åtaket på Høybråten ser rett og slett ut til å vera hans kristne livssyn. «Som tidligere leder av KrF representerer Høybråten også kirken». Og etter denne pussige påstanden kjem då ei utlegging om kyrkja si rolle med kristning av det samiske samfunnet og deltaking i fornorskingsprosessen. Høybråten «bærer med seg kirkens historie» inn i kommisjonen sitt arbeid.

Og i Sagat 2. desember kjem eit nytt utfall mot eit medlem av kommisjonen, denne gongen professor emeritus i historie Einar Niemi som Fredriksen saman med meiningsfeller har gått til åtak på over ein lang periode, på ein slik måte at det nærmar seg personforfølging. I denne artikkelen blir det sett fram to usanne påstandar med utgangspunkt i ein artikkel Niemi skreiv i Nordlys i mai 2017 («Sannhetskommisjon, politikk og kampen om fortida»): For det første at Niemi sin artikkel frå 2017 skulle tolkast som at han var motstandar av at det skulle opprettast ein slik sanningskommisjon. Det stemmer ikkje, han støtta opprettinga og var aktiv deltakar i prosessen som førte fram til denne kommisjonen frå første stund, sjølv om han peiker på somme utfordringar som fleire med samisk bakgrunn hadde lagt fram i diskusjonen på denne tida.

Den andre påstanden som Fredriksen set fram, er at Niemi generelt skulle sjå på minnemateriale som upåliteleg – både i artikkelen i Nordlys og i si sakkunnige utgreiing for Høgsterett i samband med Nesseby-saka. «Niemi fremstår som nokså utdatert metodisk når det gjelder å anvende og fortolke informasjonskildene fra en muntlig tradisjon», skriv ho. Det einaste Niemi gjer i Nordlys-artikkelen er å peika på heilt elementære kjeldekritiske problem knytt til bruk av munnlege kjelder. Historikarar, og samfunnsvitarar elles, må vera kjeldekritisk til alle kjelder, munnlege som skriftlege. Utgreiinga for Høgsterett handlar om historiske forhold som gjeld 1700-talet. Det er direkte oppsiktsvekkande at Fredriksen ser ut til å meina at det held å lena seg på tradisjonsmateriale når det gjeld historiske forhold mange generasjonar tilbake. Niemi kombinerer ulike kjeldekategoriar i drøftinga si, inklusive munnlege overleveringar

Det blir spanande å sjå kven som blir neste medlem av kommisjonen som skal plukkast ut for delegitimering.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken