Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Over nyttår skal Stortinget avgjere om oljefeltet Wisting i Barentshavet skal byggast ut. Når olja frå feltet blir brent, vil ho gi klimautslepp på i alt 200 millionar tonn CO2. Det er ikkje rekna ut av Equinor, men av Oil Change International.
Mandag tok den nasjonale aksjonsveka mot Wistingfeltet til. Over heile landet blir det protestar mot ny oljeutvinning i Barentshavet. Same dag kom også Equinors tilleggs-konsekvensutgreiing om Wisting.
Det har lenge vore lova ei ny konsekvensutgreiing, for den første vart grundig kritisert som mangelfull, mellom anna av Miljødirektoratet og klima- og miljøorganisasjone. Equinor skriv no at utgreiinga «skal besvare disse bekymringene», og ser fram til ein god og open prosess. Høyringsfristen er to veker, til 7. november. Den datoen er også høyringsfrist for konsesjonssøknaden på kraftoverføring til Wisting. Men det er neppe grunn til å utsette protestane.
For utgreiinga slår fast at «spørsmålet om klimavirkninger var ikke en del av det fastsatte utredningsprogrammet og den opprinnelige konsekvensutredningen. Dette er heller ikke nærmere omtalt i tilleggsutredningen. Stortinget besluttet i juni 2022 at Olje- og energidepartementet skal synliggjøre vurderingene av forbrenningsutslipp ved fremtidige vedtak knyttet til søknad om godkjenning av Plan for utbygging og drift. For utbygginger som forelegges Stortinget for sluttbehandling vil departementets vurderinger av forbrenningsutslipp inngå i saksfremlegget for Stortinget.»
Klimavurderinga skal vente til Equinor har sendt planane til Olje- og energidepartementet mot slutten av året. Tilleggsutgreiinga handlar om teknologiske sider ved sikkerheits- og beredskapsspørsmål, spesielt førebygging av utslepp. Det er i og for seg viktig, men blir totalt overskygga av det som manglar: Dei enorme klimautsleppa frå Wisting-oljen er ikkje eit tema for Equinor…denne gongen heller.
Den samfunnsøkonomiske risikoen ved å bygge ut feltet i strid med den internasjonalt vedtatte grensa for global oppvarming, 1, 5-gradars grensa, er ikkje behandla … denne gongen heller.
Dei globale klimakonsekvensane av å opne eit nytt oljefelt blir altså ikkje utgreidd av Equinor og blir ikkje lagt ut på høyring.
Dessutan: Blir Wisting bygd ut med infrastruktur – straum frå land – kan fleire oljefelt i Barentshavet bli lønnsame på kort sikt. I følgje Norsk Petroleum reknar ein med sannsynleg produksjon på sju felt i alt – i nær framtid, medan klimakatastrofene blir fleire og verre.