Gå til sidens hovedinnhold

Klimatrollet

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I «gamle dagar» var me lykkelig uvitande om den store og uhyrlige fare som låg rundt nova og gjorde seg klar.

Ungar sprang i kortbukser, lòt sola varme kroppen, hoppa paradis, leika med ball og hadde mange aktivitetar som leite seg fram. Alt var kjekt og osa av glede. Alt var som før. Trudde vi.

Brått vakna uhyret som vart namngitt «klimakrisa».

Dette trollet skremmer oss mange.

Kva er det?

Skal vi frykte det ?

Kan vi gjere noko med det og i så fall kven ?

Kva kan vi gjere ?

Først; IPCC har stadfesta at trollet er her og at det er menneskeskapt.

Det ligger i menneskets natur å vere skeptisk. Det er positivt. Vi skall ikkje godta alt for «god fisk».

Etter kvart som stadig meir dokumentasjon vart lagt fram vart stadig fleire av oss overtydde om at «ja dette skjer, det eskalerer og for ein stor del menneskeskapt».

Der nest kva kan du, eg og vi gjere?

Den globale oppvarming har utvikla seg slik at vi må nytte kraftig verktøy for å senke temperaturen eller rettare å hindre den i å stige.

Regjeringa vår må nytte verktøy på same settet som då det vart innført vaksinasjon mot Covid 19.

Ei statleg styring med friheit til kommunar og fylkeskommunar til å iverksette kraftigare tiltak enn gitt norm.

Før eg går vidare poengterer eg at vi skal og må ikkje redusere vår livskvalitet.

Derimot må vi redusere våre aktivitetar og forbruk.

Global oppvarming, kva er det ?

Sola er vår livgjevande kraftkjelde. Solstrålane varmar ikkje opp lufta.

Solstrålane varmar opp bakken som av gjev «langbølga» strålar. Desse strålane som bakken av gjev varmar opp luftmolekylar. Lufta blir varm og stiger til vers.

Mørke felt lagrar meir varme enn lyse.

Snø og is reflekterer solstrålane som blir sendt vidare.

CO2 eller karbondioksid.

Dette er ein naudsynt gass for alt og alle som lever.

For hundretusenvis av år sidan inneheldt lufta 200 – 250 PPM karbondioksid.

I dag har vi passert 400 PPM.

Vi pustar og lever den gang som no. Truleg kan vi ikkje merka forskjell .

Kva er problemet med karbondioksid då ?

Varmlufta stiger til vers og blir adiabatisk/gradvis avkjølt. Dette med omlag 2 gr. C per 330 meter.

No har karbondioksidet den « leie evna» at den bidreg til at varmlufta ikkje får stige med same hastigheit som før. Varmlufta får litt lenger opphaldstid før den forsvinn ut i «intet».

Kva skjer ?

Snø og is som ligger på smelte grensa og som tidlegare reflekterte solstrålane smeltar og etterlet bar bakke.

Denne bakken tar til seg solstrålane og lagrar energien som eit gigantisk batteri.

Smelta snø og is som tidlegare reflekterte solstrålane etterlet no bar bakke som tek til seg strålane og omset dei til varme i jordsmonnet.

No er her enda meir bakke som får av gje varme. Dette berre aukar på.

Utfordringa vår er difor å søke løysingar som reduserer produksjon av karbondioksid.

Alt som vekser og gror trenger karbondioksid. Karbondioksidet blir trekt ut av lufta og lagra i bakken.

Til bedre grøde og gjødsel til større er uttaket av karbondioksid.

I Kina må soldatar som er inne på fyrstegongstenesta plante tre trær kvar dag.

Kommentarer til denne saken