Gå til sidens hovedinnhold

Katastrofe om Noreg seier opp EØS-avtalen ?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Dei tre 1. kandidatane for Høgre frå Nordland, Troms og Finnmark teiknar eit katastrofebilete av fiskeria i den nordlege landsdelen dersom Noreg seier opp EØS-avtalen og erstattar han med ei modernisert utgåva av den gamle Handelsavtalen mellom Noreg og dåverande EF.

Dette er som å oppleva forspelet til folkerøystinga om ja eller nei til EF-medlemsskap 28 november 1994.

Gro Harlem Brundtland, jordmora til EØS-avtalen og tilhengjar av EF-medlemsskap, kom med sine skræmebilete /katastrofebilete om tap av 100 000 arbeidsplassar dersom det norske folk røysta nei ved folkerøystinga om EF spørsmålet.

Her kan det vera høveleg å informera 1. kandidatane frå Høgre , som kanskje ikkje var med på demokratikampen som gjekk føre seg i Noreg i 1994, at det ikkje vart nokon katastrofe for norsk næringsliv. Det var det stikk motsette som skjedde. Talet på sysselsette gjekk rett til værs.

Gro Harlem Brundtland, utan nokon som helst dialog eller kontakt med det norske folk, ville ha viljen sin same kva resultat det vart i folkerøystinga.

Saman med eit EF venleg fleirtal på Stortinget inngjekk ho EØS-avtalen med EF sjølvom Noreg hadde ein velfungerande Handelsavtale.

Men den avtalen knytte ikkje Noreg tett nok til EF systemet for statsminister Brundtland.

Med ein EØS-avtale måtte Noreg og ta med seg heile EF-lovverket på kjøpet.

Landet vårt fekk dermed den husmannskontrakten med EF/EU som har umyndiggjort det norske Strortinget i 26 år. I løpet av desse åra har det hagla med direktiv frå Brüssel.

Når direktiva frå EU dikterer Storting og regjering kva som skal gjerast i Noreg for at norske eksportverksemder skal få tilgang til EU-marknaden på 500 millionar menneske, er det eit brot med Grunnlova og med Stortinget si institusjonelle oppgåve som lovgivar for det norske samfunnet og det norske folk.

Samstundes er det ei kjenngjerning at ERT = The European Round Table of Industrialists, ein organisasjon av direktørane for dei store konserna i EU, har hundrevis av lobbyistar hos medlemmer av EU-kommisjonen for å skreddarsy eit lovverk som er tilpassa deira behov for auka profitt.

Medan arbeidsgivarsida i EU langt på veg vert lytta til, har EU sin arbeidslivspolitikk vore ein bremsekloss for fagforeiningsarbeidet, med stadig ferre fagorganiserte som forhandlar om leveleg løn, gode arbeidsvilkår og eit godt arbeidsmiljø.

Dette har ført til lønsutflating og nedgang i lønsutbetaling.

Forskjelssamfunnet får dermed lov til å utvikla seg i EU, noko som og breier om seg i EØS-landet Noreg.

Arbeidsplassar og ein marknad å få seld varene/produkta på er sjølvsagt viktige, men like viktig er der å byggja eit tryggjingsnett både for dei som er i arbeidslivet og dei som av ulike grunnar fell utanfor arbeidslivet.

Fyrstekandidatane frå Høgre i Nord går til eit frontalt åtak på Sp fordi partiet er tydeleg på å villa erstatta EØS-avtalen med ein tosidig avtale med EU, ikkje med 29 ulike medlemsland , men med EU som union.

Æra være Senterpartiet for klar tale sjølv om EØS-tilhengjarane i 26 år har rosemåla og lovprisa avtalen i det offentlege rommet. Eit fleirtal av våre folkevalde på Stortinget har kome med løgner, løgner som er tatt opp att så mange gonger at fleire oppfattar dei som sanningar.

Er det slik me skal byggja demokratiet?

EU og EØS-lovgivinga tilrettelegg for mest mogeleg konkurranseutsetjing og privatisering av offentleg sektor, den sektoren som er lokomotivet for velferd og tryggleik i samfunnet.

Tenk på kva offentleg sektor , med sine manglar, har skaffa til rådvelde både for ulike verksemder og privatpersonar i denne pandemitida. ( her måtte rett nok norske styresmakter fyrst få klarsignal frå EU-kommisjonen før dei kunne setja i gang med fleire av hjelpetiltaka.)

Tenk så på kva EØS-avtalen har gjort med NSB – dei norske statsbanane; oppsplitting, konkurranseutsetjing og ikkje minst forverra arbeidsvilkåra til fleire av dei jarnbanetilsette – bortsett frå gunstigare arbeidsvilkår for alle direktørane med millionløner i dei nyoppretta direktørstillingane.

Tenk og på overføringa av kontroll – og styringsretten av norsk vasskraft og energiproduksjon til ACER, EU sitt energibyrå grunna EØS-avtalen.

Tenk og på at det norske finanstilsynet vart overført til EU sin sentralbank i Frankfurt grunna EØS-avtalen.

Så attende til den uroa høgrekandidatane til Stortinget ved stortingsvalet hausten 2021 føler for Brødrene Karlsen på Husøya og andre fiskeriverksemder i nord dersom EØS-avtalen vert sagt opp.

Med ei modernisert utgåva av Handelsavtalen frå 1973 vil EU framleis kjøpa fisken deira. EU importerer 84 % av laksen sin og 91 % av torsken sin. På laks er tollen akkurat den same både i og utanfor EU. WTO regelverket forbyr så å setja opp tollen på torsk ved ei eventuell oppseiing av EØS-avtalen.

Dessutan har EU 20 000 arbeidsplassar knytta til fiskeforedling. Trur dei marknadsfrelste høgrepolitikarane frå nord at EU vil saga av den greina dei sit på?

Det høver godt å minna EU og EØS forkjemparane om kva som skjer i USA med den store ulikskapen det er blitt blant folk i dette landet der folk skulle realisera den amerikanske draumen.

Der har Big Business dei siste førti åra meir og mindre kjøpt dei folkevalde, både republikanarar og demokratar til å skreddarsy lovverk og gi skattelette som aukar profitten deira.

Samstundes fekk vanlege arbeidsfolk reduserte lønningar. Overtidsarbeid og fleire jobbar på den einskilde har ikkje vore nok til å løfta slitarane ut av ein fortvila økonomisk situasjon.

Me ser konturane av ei liknande utvikling i EU.

Vil Høgre, som ihuga EØS-medlem, vera med på ei slik utvikling? Vil partiet Høgre og Ap, med Jonas Gahr Støre, vera med på å nøra opp om grådigheita til dei rike medan det vert stadig fleire som har problem med å få endane til å møtast?

Høgre fyk rett i strupen på Sp , som både praktiserer nær dialog med og respekt for velgjarane sine og vil at sentrale institusjonar som sjukehus, skular , utaningsinstitusjonar, politi, domstolar osv. skal væra så nært der folk bur som mogeleg.

Sp er faktisk i ferd med å revitalisera demokratiet i Noreg. Med krav om sjølvråderett , respekt for Grunnlova og landet sine konstitusjonelle institusjonar appellerer partiet til stadig fleire menneske i Noreg.

Det er og stadig srørre oppslutnad om partia SV og Raudt, som begge arbeider for sjølvråderett,folkestyre og dela godene.

Dette lovar godt for framtida, men då må EØS-avtalen bort og det fører ikkje til nokon katastrofe.

Det er verken snakk om isolasjon eller proteksjonisme – men samarbeid og tosidige handelsavtalar. Då kan alle partane gå med hovudet høgt heva , opparbeida sjølvrespekt og skapa ein vinn – vinn situasjon for alle.

Kommentarer til denne saken