Gjennom 50 år har Tromsø hatt ein eventyrleg befolkningsveskt. I 1970, for 50 år sidan, var innbyggartalet 38.000. I dag, 2020, er vi 77.000. Dette utgjer nærare 1.000 nye Tromsøværingar i året. Mange trudde at denne veksten ville fortsette, og endåtil bli forsterka. Det borgarlege byrådet anslo i 2015 framtidig innbyggartal til 120.000. Mest sannsynleg vil dette anslaget vise seg å vere ein bom på 40.000.

Allereie før Koronaen slo til i mars, var det teikn på ein svakare veksttakt i Tromsø (som i resten av landet). Fødselsoverskottet hadde minka, innflyttinga frå utlandet hadde gått kraftig ned, og Tromsø hadde negativ flyttebalanse, særleg mot Oslo-området. Koronaen har særleg forsterka tendensen med låg innvandring, og nedgang i fødselstala avspeglar noko vi ikkje kan gjere noko med: Ei aldrande bybefolkning. I 2020 vil ikkje Tromsø vokse med 1.000 innbyggarar – kanskje blir veksten på 200. .

Når vi skal drøfte framtidsutsiktene for Tromsø må vi sjå på dei faktorane som skapte den store veksten over så mange år. Den åpenbart viktigste grunnen er at den norske stat over lang tid (og under sterkt press nordfra!) har satsa tungt på Tromsø. Staten har tilført og bygd ut institusjonar og dermed arbeidsplassar her, relativt sett meir enn i Oslo eller nokon annan by. Det har også skjedd under Erna Solberg si regjering: Dei siste 7 åra har Tromsø fått tilført over 800 nye, statsfinansierte arbeidsplassar. Totalt er det blitt over 11.000 statlege arbeidsplassar i dagens Tromsø. Utbygginga av Universitetet og UNN er dei store drivarane i Tromsø sin eventyrlege befolkningsvekst.

Tilføringa av statlege funksjonar har vore så sterk, og har hatt så store ringvirkningar at det har vore for lite folk å hente inn frå landsdelen og sør-Norge. Tilflytting av utanlandsk arbeidskraft har vore sterkt utslagsgivande på befolkningsstatistikken dei siste 20 åra. Og dei siste åra har nyskaping innan reiseliv - konferansar med opplevingar, vinterturisme og ikkje minst “kommersialisering av nordlyset” gitt grunnlag for vekst og arbeidsplassar i privat sektor.

No har kombinasjonen av Greta Thunberg og COVID 19 nærast tatt knekken på Tromsø sine vekstmotorar. Korfor nemner eg den svenske jenta? Jo, fordi den debatten om skadeleg miljøatferd som ho løfta i 2019, fekk direkte gjenklang i mange av dei tiltaka som er blitt nødvendige for å demme opp for pandemien. Biltrafikken går ned, flyreiser til Spania og Thailand er blitt langt mindre vanlege, folk tar meir vare på kvarande i nærmiljøet - noko som fører til store reduksjonar i utslepp av klimagassar.

Men, tilbake til spørsmålet: Kan Tromsø leve utan den veksten byen har blitt vant til, gjennom ein samanhengande vekstperiode på 50 år? Svaret er sjølsagt “ja”, men omstillinga kan bli smertefull. Ein by på snart 80.000 menneske utgjer ein stor nok lokal marknad for daglegvarer, byggesektor, - og spesialtilbod innan handel og kroppspleie. Og det er ingen stad å dra, eigentleg, for dei som er blitt skuffa over byen: Ingen annan by har så stor mulighet for å tilby offentege arbeidsplassar om det gale med det private foretaket. Og det ser stygt ut for store delar av privat sektor, uansett land, i desse tider.

Så til dei positive mulighetene: Problemet har lenge vore at veksten i Tromsø ikkje har ført til ei gunstig utvikling i andre kommunar i fylket eller i landsdelen forøvrig (ved sidan av Tromsø er det eigentleg berre Bodø og Alta som har opplevd befolkningsvekst dei siste 50 åra). Den store utbygginga av kompetanse i Tromsø (dei statlege arbeidsplassane) har i regional samanheng gitt svært så begrensa resultat. Nabokommunane til Tromsø skulle jo vere dei som i størst grad fekk glede av utviklinga i Tromsø. I 1970 budde det 14.000 i dei tre kommunane Karlsøy, Balsfjord og Lyngen. No er det redusert til 10.000, mens Tromsø har dobla folketalet. Folk, folkevalde og næringslivet i omlandskommunane har gjennom snart 50 år lært seg å leve med befolkningsmessig stagnasjon og nedgang.

Denne situasjonen kan endrast gjennom å sjå Tromsø som ein motor for utvikling av Nord-Norge: Erkjenne at industriell produksjon har forlatt byen, men jobbe målretta for at kompetansen i byen blir verdifull for vidare utvikling på Senja, i Øst-Finnmark og på Helgeland. Industriell og naturbasert produksjonen ligg utanfor byområdet, men det mangler samfunns- og stedsutvikling omkring produksjonen. Så langt har Tromsø si utvikling først og fremst begunstiga Tromsø by, befolkningsmessig, så mulighetene ligg der, om Tromsø vender seg meir utover.

Men om ein landsdelsretta strategi for Tromsø fører til at fleire flyttar ut av byen, kva då? Svaret er: Ingen fare. For det første er urbanismen no så rotfesta blant dei unge at det berre vil skje i begrensa omfang, uansett. Og skulle ein lukkast med å skape betre liv i Berlevåg, Vadsø, i Karsløy og i Lyngen, så ville behovet for avbrekk og rekreasjon (og eliteseriekampar live) fortsatt sette fart på bylivet.