For 20 år sidan var vi mange som protesterte mot USA sin krig mot, og seinare okkupasjon av, Afganistan. At Afganistan hadde vore tilhaldsstad for islamistiske terroristar var etter mange sitt syn ikkje eit tilstrekkeleg grunnlag for å gå til krig. Gjennom effektiv etteretning skulle det vere mogleg å finne og “ta ut” terrorist-leiarar, noko som blei demonstrert då Obama-regjeringa “tok seg av” Osama Bin Laden - i Pakistan.

Protestane mot USA si krigføring førte ikkje fram, og Norge meldte seg som ein lojal og fullstendig ukritisk NATO-medlem, til tjeneste for USA. Mange norske militære har dei siste 20 åra tjenestegjort i Afganistan, fortalt av våre regjeringar at dei på denne måten deltok i forsvaret av Norge.

Når president Biden og USA, 19 år for seint, trekker seg ut av Afganistan, har 10 norske og 2500 USA-soldatar mista livet. Mange fleire slit med skader og ettervirkningar. Tragisk nok, men også 60.000 sivile Afganarar pluss 70.000 “fiendar” har blitt drepne under den totalt resultatlause USA/NATO-okkupasjonen.

Dessverre føyer dette seg inn i ei rekke kolonikrigar og okkupasjonar som Vestmaktene har ført i etterkrigstida. Oppskrifta er den same, frå fransk militærmakt i Algerie, via USA i Viet Nam til Afganistan, Irak og Libya: Regjeringar i vesten ser seg berettiga til, med militær tvangsmakt, å fjerne autoritære leiarar og forsøke å innføre demokrati i det vi betraktar som undertrykkande og trugande regimer (med islam, kommunisme osv.). Under USA si leiing har Norge blitt del av eit ekstremt dødeleg “demokratiprosjekt”, kjenneteikna av total mangel på sjølvinnsikt og evne til læring av eigne feil.

Akkurat dette siste er det grunn til å stoppe opp med. For allereie i 1955 skreiv forfattaren Graham Greene romanen «The Quiet American». Den handlar om eit scenario der amerikanarar forestiller seg at det finst ein undertrykt, liberal-demokratisk bevegelse i Viet Nam, og at USA kan bidra til å utløyse det demokratiske potensialet i landet, ved militær intervensjon å kome kommunistane i forkjøpet. I romanform får Greene vist at denne metoden er fullstendig forfeila, og at den i praksis blir ei gåvepakke til militærmakt, våpenindustri og økonomisk imperialisme – med fatale følgjer. Då det siste USA-helikopteret forlot Saigon (no Ho Chi Minh-byen) i 1975 hadde over 50.000 amerikanske soldatar mista livet. Og millionar av sivile; TIL INGEN NYTTE.

USA tapte Viet Nam-krigen i 1975, no er vi 2021, etter nok ein krig, ført etter den oppskrifta som Graham Greene viste den grunnleggande svikten ved, i 1955. Det er dystert å tenke på kor friksjonslaust norske regjeringar har «hengt seg på» totalt meiningslause krigseventyr, paradoksalt nok etter at USA for all verden hadde vist kor forfeila Viet Nam-strategien hadde vore. Unntaket var Irak-okkupasjonen, der ein uvanleg sterk grasrot-motstand hindra Bondevik2-regjeringa å sende fly og soldatar for å «hjelpe» USA.

Det ser ut til å vere betydelege hindringar for norske politikarar si evne til å lære. For eksempel lytte til våre seriøse fagmilitære, som kan fortelle at skal militærmakt lukkast, må den vere rotfesta politisk og sosialt i det området ein skal operere i. Slik kunnskap betyr lite, lojaliteten til USA er for stor, vi blir nok med neste gang og.