Gå til sidens hovedinnhold

I sommar står slaget om Repparfjord

I sommar står kampen for ein av Noregs viktigaste miljøsaker, som er å stoppe Nussir ASA for å opne ei kopargruve i Kvalsund. I tillegg til å opne opp for gruvedrift i eit viktig naturområde, planlegg dei å dumpe 30 millionar tonn giftig gruveavfall i Repparfjorden.

Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.

Dumping av gruveavfall i Repparfjorden er ikkje akseptabelt av mange grunnar. Først, må Noreg følgje føre-var-prinsippet, noko å dumpe 30 millionar tonn gruvefall ikkje står i tråd med. Det er inga tvil om at dumping av så store gruvemassar vil drepe alt liv på havbotnen i deponiområdet. Kva konsekvensar det vil få for livet i resten av fjorden er usikkert, men i følgje føre-var-prinsippet i Naturmangfaldlova står det at når det er manglande kunnskap skal tvilen koma naturen til gode, eit prinsipp som burde vinne i denne saka. Og me burde ha lært nok av tidlegare feil for å forstå at fjorden ikkje vil tole eit sjødeponi som utgjer 17 lastebillass i timen. I 20 år.

Reinbeitedistriktet Fiettar vil bli sterkt prega av gruvedrifta. Området rundt Ulveryggen er viktig for reindrifta, og over 8000 rein beitar der årleg. Det er problematisk blant anna då reindrift er avhengig av store naturområde der reinen finn mat og ro. Det gjer at saka i Repparfjord handlar om kva belastning Noreg vil tillate for ei allereie pressa reindriftsnæring som står for både miljøvenleg matproduksjon og er avgjerande for samisk kultur. Av den grunn må Noreg verne ressursgrunnlaget for samisk reindrift og kulturutøving, noko gruvedrift i Kvalsund ikkje legg til rette for.

I tillegg til det, handlar saka om kor høgt me verdset dei ville fiskebestandane våre som Noreg har lova å gje særleg vern. Dette er særleg viktig då Repparfjord er ein viktig fjord for både villaks og kysttorsk. «Særskild vern» for nasjonale laksefjordar betyr ingenting når det blir gitt løyve til å dumpe giftig gruveafall i dei. Det same gjeld for den verdifulle kysttorsken, som har gyteområde som overlappar med staden Nussir ASA planlegg å dumpe gruveavfallet. At fjordane våre blir sett på som potensielle avfallsplassar, framfor dyrebar natur full av fornybare ressursar er høgst provoserande.

Vidare handlar saka og om kor vidt Noreg lev opp til løftet om å vera eit føregangsland når det gjeld sirkulær økonomi. Først, må det lønne seg å utnytte gruveavfall, som i realiteten burde bli kalla overskotsmassar. Då kopar utgjer om lag ein prosent av massane Nussir skal bore ut av fjellet, og resten blir handtert som avfall lev det ikkje opp til føre-var-prinsippet, som Noreg må vera ein føregangsland for. I tillegg til det bør me gå i bresjen for å redusere unødvendig bruk av kopar. Eit aukande behov for metallet på grunn av ein stigande befolkning, velstand og forbruk er ikkje ein god grunn til å tillate miljøkonsekvensane kopargruvene gir. At konsekvensane er større i andre land, er heller ikkje ein grunn til at Noreg skal ofre økosystema og reindrifta si. Dessutan er Noreg, eit av fem land som driv med gruvedumping i sjø og er det einaste som planlegg ny dumping i framtida. Det er berre flaut.

I sommar samlar miljørørsla seg i Kvalsund for å markere motstand mot opning av gruva. Av desse, er det fleire tusen som har skrive seg opp til at dei er villige til å nytte sivil ulydnad for å stoppe oppstartinga av drifta. Det er mange grunnar til at fjorden og økosystema er verdt og lenke seg for, og det er brei støtte i befolkninga og politiske parti for å hindre oppstartinga. Det er ikkje for seint å seie nei. For reindrifta, fjorden og livet i havet – stans gruvedumping i Repparfjorden!

Kommentarer til denne saken